Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Multippel sklerose (MS) - SNR Hjelset

Kurs for personar som nyleg har fått diagnosa MS (multippel sklerose) og deira pårørande

Passert
8.
september
2026
2 dagar
  1. 08. sep. 2026, 09:30 - 14:30
  2. 09. sep. 2026, 09:30 - 14:30

Tid og stad

Når
  1. 08. sep. 2026, 09:30 - 14:30
  2. 09. sep. 2026, 09:30 - 14:30
Type arrangement
Gruppeopplæring
Arrangør
Nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus i samarbeid med MS-forbundet og Lærings- og meistringssenteret i HMR
Kvar
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

For å delta på kurset må du ha tilvising.

Dersom du blir følgt opp for MS i spesialisthelsetenesta, kan du be behandlaren din om å tilvise deg til kurset.

Dersom du ikkje er til oppfølging i spesialisthelsetenesta, kan du kontakte fastlegen din og be om tilvising.

Henvisning skal sendast elektronisk til: Nevrologisk avdeling, SNR Hjelset, merk MS-kurs.  

Når vi har motteke tilvisinga, vil du få eit brev som stadfestar at du er påmeldt kurset.
I brevet finn du informasjon om korleis du kan melde på pårørande. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

 

 

Kvifor delta 

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Multippel sklerose. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med MS. 

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

Kurset har følgande tema:

  • Kva er MS, behandlingsmetodar, medisinar og oppfølging
  • Moglegheit for spørsmål til nevrolog og MS-sjukepleiar
  • Å leve med MS ved brukarrepresentant
  • Fysisk aktivitet ved fysioterapeut
  • Orientering om rettar ved sosionom
  • Informasjon om MS-forbundet 
      
    * Med forbehold om endringar i innhaldet.


Praktiske opplysningar

Du vil få tilsendt innkallingsbrev, her står det beskrevet hvordan melde på pårørende. 

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning.

Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel, språk etc.

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkering må den enkelte ordne med selv.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no

Nyttige nettsider

MS-forbundet

MS – hva nå?

Kontakt

    Navn

    Nevrologisk avdeling, SNR Hjelset

    71 11 78 01

    Telefontid: Kl 09:00-11:00 og kl 13:00-14:00.

Relevante behandlingar