Pasientkurs

Osteoporose - Volda

Kurs for deg med beinskjørhet (osteoporose) og dine pårørande

7.
mai
2025
  1. 07. mai 2025

Tid og stad

Når

  1. 07. mai 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Samarbeid mellom Lærings- og meistringssenteret og Osteoporosepoliklinikken ved

Kvar

Volda sjukehus
Kløvertunvegen 8, det kvite bygget nedanfor sjukehuset.

For å kunne delta må du ha henvisning frå lege eller din behandlar på sjukehuset. Henvisninga sendast til Kirurgisk/ortopedisk avdeling merka med kurs Osteoporose.

Pårørande treng ikkje eiga henvisning, men skriv i henvisninga at pårørande ønsker å delta.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få økt kunnskap om kva osteoporose er, førebygge forverring og skape økt trygghet, forståelse og meistring i det å leve med osteoporose .

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Sjukdom og behandling
  • Erfaringer i å leve med osteoporose
  • Kosthold
  • Fysisk aktivitet teori og øvelser
  • Legemiddelbehandling av osteoporose
  • Informasjon om beintetthetsmåling
  • Informasjon om Osteoporosepoliklinikken
  • Informasjon om brukarrorgnisasjon

Praktiske opplysningar

Kurset haldast fysisk ved Lærings- og meistringssenteret i Volda, det kvite bygget nedanfor sjukehuset. 

Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app.

Det blir servert enkel bevertning eller lunsj, nærmare informasjon om dette får du i innkallingsbrev. Faktura blir sendt i etterkant av kurset.Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel etc.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset.

Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du på Helsenorge sine sider.

Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no

 

Nyttige nettsider

Landsdekkende diagnoseside for osteoporose

Forside | Norsk Revmatikerforbund

 

Kontakt

    Kariann Seljeset

    Sjukepleiar

    70058259

    Kontakt Kirurgisk-ortopedisk poliklinikk, tlf. 70058259 for å komme i kontakt med Osteoporosepoliklinikken

Relevante behandlingar