Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Molde sjukehusKVIFOR DELTA PÅ KURS
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Parkinson sjukdom. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med Parkinson.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
INNHALD
-
Behandlingsmetodar, medisinar og oppfølging
-
Fysisk aktivitet og rehabilitering
-
Hjelpemidlar i kvardagen og kvardagsmestring
-
Ernæring, symptom – tips og råd
-
Ta vare på stemma og svelgfunksjonen!
-
Det psykiske aspektet
-
Kvardagen og moglegheiter
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Stad: Molde sjukehus.
Merk at dette kurset er eit hybridkurs, som tyder at kurset vert holdt frå Molde sjukehus med digital overføring (og fysisk oppmøte) ved andre sjukehus/stadar i kommunar. Ta kontakt for meir informasjon.
Bevertning: Det vert servert kaffe/te, frukt og lunsj. Parkinsonforeningen spanderer lunsj.
Det er bindande påmelding.
Ved ikkje møtt utan å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belasta med eit gebyr.
Parkering må den enkelte ordne med sjølv.
Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, til dømes kost, hørsel etc.
RETTAR OG EIGENANDEL
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Astrid Ljøkjell Solem
930 91 816