Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Pegasus/ADHD - Volda

Kurset er for personar med ADHD og deira nærståande. Ein kan også delta på kurset utan å ta med nokon

Tid og stad

Når

Kontinuerleg tilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Henvisning sendast til DPS Volda

Kvifor delta på kurs

På dette kurset lærer du meir om ADHD, og kva du kan gjere for å betre handtere dei utfordringar som ADHD kan medføre i kvardagen. Det vil også være tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • ADHD hjå vaksne
  • Medikamentell og psykologisk behandling
  • Livsstilsfaktorar, strategiar og støtte i kvardagen
  • Å leve med ADHD
  • ADHD og relasjonar
  • ADHD i arbeidslivet
  • Støtte og tilbud frå samfunnet.

Praktiske opplysningar

Kurset går over 2 heile dagar.
 
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkeringsgebyr kan betalast ved parkeringsautomat eller via Easypark app. 
 

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Faktura sendast etter kurset. 

Informasjon om eigenandel og andre rettar kan du finne på Helsenorge.no sine sider 

Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på Helsenorge.no 

Kontakt