Tid og stad
Kvifor delta på tilbodet
"Tinnituskaka" er eit strukturert og nettbasert tilbod for deg som opplever plager med tinnitus. Tilbodet kombinerer fagleg forankra behandling med fleksibel oppfølging – både fysisk og digitalt.
Målet med dette tilbodet er at du får økt kunnskap om tinnitus og enkel tilgang til verktøy som kan hjelpe deg med å tilpasse deg og handtere situasjonen din.
Innhald
Kva inneheld Tinnituskaka?
Du vil få tilgang til tinnituskaka der du vil sjå ein velkomstvideo, svare på 5 spørjeskjema og melde deg på eit 6 timar digitalt eller fysisk tinnitusseminar. Her får du ei grundig innføring i:
- Kva tinnitus er
- Tinnitus Retraining Therapy (TRT)
- Kognitiv Atferdsterapi (KAT)
Du får også informasjon om det digitale oppfølgingstilbodet Tinnituskaka. Dette seminaret kan du melde deg på så mange gonger du ønsker.
Etter 6 timers introduksjonsseminar, skjer all vidare oppfølging digitalt:
Kunnskapsbasert rehabilitering
- Videoar, tekstar og interaktive oppgåver som gir deg innsikt og verktøy for å handtere tinnitus.
Spørjeskjema – for å følgje utviklinga di
Som ein del av tilbodet vil du bli bedt om å svare på fem ulike spørjeskjema. Desse hjelper oss med å:
- forstå korleis tinnitus påverkar deg
- tilpasse oppfølginga
- følgje utviklinga di over tid
Spørjeskjema blir sendt ut på faste tidspunkt, og du svarer enkelt digitalt. Det tek berre nokre minutt, og svara dine er viktige for at vi skal kunne gi deg best mogleg hjelp.
Individuell videokonsultasjon
- Tilgjengeleg dersom du ønskjer ei ny vurdering (second opinion).
Gruppewebinar med behandlar
Tre ulike typar webinar:
- Generelt tinnitusseminar (2 timar)
– Eit oppfølgingskurs som gir deg moglegheit til å få svar på spørsmål som har dukka opp undervegs i prosessen med å forstå og handtere tinnitusen din. - KAT-seminar
– Praktisk hjelp til å:- Finne og evaluere negative automatiske tankar (NAT)
- Lage alternative tankar (AT)
- NLT-seminar– Informasjon og veiledning i nedsatt lydtoleranse
Du kan melde deg på seminar fleire gonger etter eige ønske.
Rettleiing til sjølvhjelp
- Du får støtte til å bruke verktøya på eiga hand, med mål om betre meistring i kvardagen.
Praktiske opplysningar
Når tilvisinga er motteke og behandla vil du få ei sms frå HelseMR men lenke til oppfølgingstilbodet. Der skal du logge inn med BankID.
Når du er inne i programmet vil du se en velkomstvideo, svare på spørreskjema og melde deg på 6 timers seminar.
Du vil ha tilgang på tinnituskaka i eit år.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendast etter kurset. Pårørande betaler ikkje egenandel.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no