Hos barn i risikogruppa blir blodsukkeret målt innan to timar etter fødselen, og blir deretter kontrollert hyppig. Dette gjer vi ved ei blodprøve, som kan takast mens barnet ligg på fanget til foreldra, i senga eller der det passar best.
Neonatal hypoglykemi
Lavt blodsukker hos for tidlig fødte og fullbårne barn
Etter fødselen søkk blodsukkeret til barnet, og er vanlegvis på det lågaste etter cirka to timar. Hos nokon kan nivået bli så lågt at dei treng behandling. Risikoen er høgare hos barn som er små for alderen, store for alderen, for tidleg fødde eller har ei mor med diabetes. Lågt blodsukker blir behandla ved å halde kroppstemperaturen til barnet normal og gi det næring.
Symptom
Nyfødde med lågt blodsukker viser ikkje alltid tydelege og openberre symptom. Dei som viser symptom kan verke irritable, vere søvnige, ha sitringar i kroppen, vere slappe, og/eller ha låg kroppstemperatur.
Før
Under
Ved lågt blodsukker må barnet få i seg næring så raskt som mogleg, enten ved amming, flaske eller sonde. Det kan vere behov for å tilsette ekstra karbohydrat i mjølka eller gi ein hurtigverkande, sukkerrik gel som blir smurd på innsida av kinnet og aukar blodsukkeret på få minutt.
Dersom blodsukkeret er så lågt at dette ikkje er tilstrekkeleg, må vi gi sukker intravenøst. Da får barnet ein venekanyle (liten plastslange som blir lagd i ei blodåre), slik at det kan givast direkte i blodet. Barnet må da ofte overførast til nyføddintensivavdelinga.
Etter
Etter at barnet har fått stabilisert blodsukker gjennom ernæring og normalisert kroppstemperatur, vurderer vi allmenntilstanden og måler blodsukkeret ved behov.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Nyfødt intensiv
Oppmøtestad
Nyfødt intensiv finn du ved barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg på sørsida av Ålesund sjukehus. Avdelinga er open for foreldra heile døgnet. På kveld og helg kjem de inn via porttelefon – trykk B7600 og presenter dykk.

Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5

