Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Neonatal hypoglykemi

Lavt blodsukker hos for tidlig fødte og fullbårne barn

Etter fødselen søkk blodsukkeret til barnet, og er vanlegvis på det lågaste etter cirka to timar. Hos nokon kan nivået bli så lågt at dei treng behandling. Risikoen er høgare hos barn som er små for alderen, store for alderen, for tidleg fødde eller har ei mor med diabetes. Lågt blodsukker blir behandla ved å halde kroppstemperaturen til barnet normal og gi det næring.

Symptom

Nyfødde med lågt blodsukker viser ikkje alltid tydelege og openberre symptom. Dei som viser symptom kan verke irritable, vere søvnige, ha sitringar i kroppen, vere slappe, og/eller ha låg kroppstemperatur.

Før

Hos barn i risikogruppa blir blodsukkeret målt innan to timar etter fødselen, og blir deretter kontrollert hyppig. Dette gjer vi ved ei blodprøve, som kan takast mens barnet ligg på fanget til foreldra, i senga eller der det passar best.

Under

Ved lågt blodsukker må barnet få i seg næring så raskt som mogleg, enten ved amming, flaske eller sonde. Det kan vere behov for å tilsette ekstra karbohydrat i mjølka eller gi ein hurtigverkande, sukkerrik gel som blir smurd på innsida av kinnet og aukar blodsukkeret på få minutt.

Dersom blodsukkeret er så lågt at dette ikkje er tilstrekkeleg, må vi gi sukker intravenøst. Da får barnet ein venekanyle (liten plastslange som blir lagd i ei blodåre), slik at det kan givast direkte i blodet. Barnet må da ofte overførast til nyføddintensivavdelinga.

Etter

Etter at barnet har fått stabilisert blodsukker gjennom ernæring og normalisert kroppstemperatur, vurderer vi allmenntilstanden og måler blodsukkeret ved behov.

Sist faglig oppdatert 26.09.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Nyfødt intensiv

Kontakt Nyfødt intensiv

Oppmøtestad

Nyfødt intensiv finn du ved barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg på sørsida av Ålesund sjukehus. Avdelinga er open for foreldra heile døgnet. På kveld og helg kjem de inn via porttelefon – trykk B7600 og presenter dykk.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

En kvinne som gir flaske til et nyfødt barn. En liten jente står ved siden av og holder en hånd på hodet til babyen.

Foto: Helse Møre og Romsdal.

Besteforeldre og andre nære pårørande kan oppleve glede over det nyfødte barnet blanda med bekymring når barnet er innlagt. Her er nokre tips: 

  • Tilby hjelp med søsken og praktiske gjeremål. 
  • Besøk familien om foreldra ønskjer det. 
  • Avlast foreldra ved å vere saman med barnet og eventuelt halde barnet hud mot hud. På denne måten kan foreldra ha moglegheit til å ta pausar saman. 
  • Respekter foreldra sine val, sjølv om du ikkje alltid er einig. 

Avdelinga er intensiv og pasientane treng ro og kvile. Antal besøkande må derfor vere avgrensa. Søsken og viktige nære personar er velkomne på besøk, men det er opp til foreldra om dei ønsker besøk, og av kven. Glassgangen utanfor har leikekrok og er ein fin møtestad for besøk. 

Retningslinjer for besøkande 

  • Alle må vere friske. Ingen med smittsam sjukdom, hoste eller forkjøling får kome inn.
  • Søsken frå barnehage må bytte til reine klede. 
  • Vask/sprit hendene godt når de kjem inn. 
  • Hald besøk kort og roleg inne på avdelinga. 
  • To besøkande saman med foreldra hos kvar pasient er oftast nok.
  • Avtal besøk med sjukepleiar.

Morsmjølk og den første råmjølka er spesielt viktig for sjuke nyfødde og premature barn, den er lett fordøyeleg og styrkjer immunforsvaret. Når du har fødd for tidleg, produserer du morsmjølk som inneheld næringsstoff som er spesielt tilpassa barnet ditt. Første dagane kan barnet ha behov for meir mjølk enn du kan produsere, då kan vi gi barnet ditt mjølk frå mjølkebanken. Dette er donormjølk der både givarar og mjølka er testa. 

Dersom du ønskjer å amme og har eit sjukt eller prematurt barn, treng du gjere nokre tiltak for å få i gang mjølkeproduksjonen. Det er viktig å komme tidleg i gang med å stimulere brysta. Dersom barnet ikkje kan suge på brystet i første timen, bør ein starte med handmjølking eller pumping.

Vi har håndmelkings-kit tilgjengeleg, desse inneheld litt utstyr og lenke til ein video om handmjølking. 

Du får låne pumpeutstyr i avdelinga. 

Vi hjelper til med råd og rettleiing om handmjølking, pumping, amming og flaskemating. 

Trygg informasjon om amming

Helsenorge

Ammehjelpen 

Ikkje alle ønskjer eller får til å fullamme. Morsmjølkerstatning er eit bra alternativ for barn som ikkje kan få morsmjølk.

Mating i sonde

Barna på Nyfødt intensiv er ekstra sårbare for infeksjonar. Det viktigaste tiltaket for å førebygge smitte er god handhygiene. Hendene skal vere frie for smykke og neglene korte utan neglelakk. 

Det er viktig med god handhygiene når de kjem til barnet dykkar, før du gir barnet mat, før du ammer/pumpar, etter bleieskift, etter toalettbesøk, etter at du har nyst/snytt deg, etter bruk av mobiltelefonen og kamera, og når du forlater barnet ditt. 

I tillegg er det viktig å halde orden på rommet og/eller plassen til barnet. Ikkje plasser vesker, tøy eller anna på golvet. Alt som fell i golvet, som dyner, smokkar og tøy må skiftast ut/leggast til vask. Bruk innesko i avdelinga. 

Spør personalet om utstyr som bleier, tøy og handkle ved behov.

Ta kontakt med personalet dersom de har sjukdommar som kan vere smittsame eller har vore i kontakt med andre som har hatt infeksjonssjukdommar den siste tida. 

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Legevisitten startar klokka 9 og går utover dagen. Det er ønskjeleg at de deltek og har tenkt gjennom spørsmål på førehand.

Mobiltelefon skal vere på lydlaus og desinfiserast før bruk på pasientrommet.

Det er ikkje lov å ta bilete/film av personalet eller andre pasientar utan tillating. 

For å halde kontakt med familie og venner under opphaldet på Nyfødt intensiv kan det vere nyttig å vere på nett. Vi vil likevel oppmode til å minimalisere bruken når du er saman med barnet ditt. Tidleg samspel og tilknyting mellom barn og foreldre er viktig for utviklinga til barnet. Redusert tilgjengelegheit og avbroten kontakt som følgje av skjermbruk kan skape stress hos barnet og forstyrre samspelet. De som foreldre bør vere veldig bevisste på korleis de bruker telefonen. Barna sender korte og svake signal om at dei ønsker kontakt og fangar du ikkje opp desse, mistar du ein del av det gode samspelet med barnet ditt.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Foreldre kan parkere gratis på besøksparkeringa. Sjukepleiar må få bilnummer og telefonnummer for å registrere parkeringa elektronisk. Parkeringsbevis må ligge synleg i bilen.

Ver merksam på når den utløper. Då må du be om ny registrering. Betalte parkeringsutgifter og bøter blir diverre ikkje refundert.

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider 

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Det er kjent at snusing/røyking er spesielt ugunstig for foreldre til for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn. Snusing/røyking når du ammar gir dårlegare mjølk, ofte mindre mjølkemengd, og kan utsette barnet for sjukdommar. 

Klarer du ikkje å slutte, er det svært viktig å redusere snusinga/røykinga til eit minimum, og tilpasse tidspunktet i forhold til amming og pumping.  

Ved passiv røyking blir også nikotin og andre stoffar overført i mjølka. Andre må ta omsyn! 

Det er ikkje tilrådd med samsoving når nokon av foreldra røyker eller snusar. Unngå snusing/ røyking ei god stund før du har planlagt ei kosestund med barnet ditt. Tenk på at lukta vil sitte lenge både på hendene og i kleda.

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Foreldre har rett til all informasjon om sitt barn. Personalet har teieplikt og kan ikkje svare på spørsmål om andre barn. Vi kan heller ikkje svare på telefonar frå familie og venner utan samtykke frå foreldra.

Nokre familiar deler rom, så det er viktig å respektere kvarandre sine behov for privatliv.

Vi ønsker også å informere om at personalet ikkje kan takke ja til venneførespurnader frå foreldre på sosiale medier.

Alderen til barnet ved utskriving er individuell, og i nokre få tilfelle kan det vere behov for tilpassingar i heimen. Mange får tilbod om å reise heim med oppfølging frå Digitalt heimesjukehus. De får nødvendig opplæring dersom dette gjeld for dykk. 

Før heimreise blir barnet undersøkt grundig av lege. Lege og sjukepleiar gir informasjon og svarer på spørsmål.

Opplæringsvideoar for foreldre ved Nyfødt intensiv

Eit supplement til den opplæringa ein gir på sjukehuset.