Leppebiopsi
Spyttkjertelbiopsi blir utført ved nedsatt spyttproduksjon og det er sterk mistanke om underliggande sjukdom i spyttkjertlar.
Tilvising og vurdering
Dei fleste pasientane blir tilvist frå revmatolog, men nokre blir også tilvist frå ØNH-lege, fastlege og tannlege.
Før
For å minske risikoen for infeksjonar må du dusje og vaske håret kvelden før operasjonen.
Medisinar
Dersom du bruker Marevan må INR vere < 2,5 målt 1 - 3 dager før inngrepet. Andre blodfortynnande medisinar treng du ikkje å pause.
Operasjonsdagen
Du skal ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Ta med deg ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset. Sidan inngrepet vert gjort med lokalbedøving kan du ete frukost som vanleg operasjonsdagen. Det er fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar eller piercing.
Ved ØNH-poliklinikk blir du undersøkt av lege før operasjonen og grunnlaget for den planlagde behandlinga blir vurdert på nytt. Deretter blir du tatt imot av sjukepleiar.
Under
Operasjonen blir gjort i lokalbedøving, og operasjonstida varierer frå 15 til 30 minutt. Operasjonssår i munnen og på innsida av leppa blir sydd med sjølvoppløysande tråd. Spyttkjertlane som blir tatt ut blir sendt til analyse ved patologisk avdeling.
Etter
Du kan reise heim, eller på arbeid, rett etter inngrepet. Før heimreise får du snakke med legen, som informerer deg om operasjonen og om eventuelle forholdsreglar. Om du er operert på ei av leppene, skal du vere forsiktig med strekk på leppa, fordi såret då kan sprekke opp. Sjukemelding er ikkje nødvendig, bortsett frå eventuelt dagen inngrepet utførast. Du kan bli nummen i leppa etter operasjonen. Dette er nesten alltid forbigåande.
Smertestillande
Bløding
For å minske risikoen for bløding skal du halde deg i ro operasjonsdagen. Ikkje ta del i trening eller annan tung fysisk aktivitet operasjonsdagen.
Mat og drikke
Operasjonsdagen skal mat og drikke vere avkjølt eller kald for å minske ubehag og risiko for bløding. Du bør vente med å ete eit par timar, til lokalbedøvinga er gått ut.
Svar på biopsien
Kontakt
Ålesund sjukehus
ØNH-poliklinikk og operasjonsstove Ålesund
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt ØNH-poliklinikk og operasjonsstove ÅlesundOppmøtestad
ØNH-poliklinikk har lokale i 1. etasje på nordsida av sjukehuset. På grunn av ombygging på sjukehuset må du bruke hovudinngangen (inngang sør) og gå gjennom sjukehuset. Meld deg i luke 3.
Pasientar som skal til operasjon skal også melde seg i luke 3, dersom anna ikkje er avtalt.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5