Behandling
Levertransplantasjon ved Ålesund sjukehus
I Noreg er det berre Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet som utfører levertransplantasjonar.
Levertransplantasjon blir gjort hos pasientar som av ulike årsaker har fått alvorleg leversvikt.
Utredning
Utredning til levertransplantasjon skjer på Rikshospitalet ved Oslo universitetssjukehus. Du blir vist til OUS Rikshospitalet frå det lokale sjukehuset ditt eller fastlege/legespesialist.
Behandling
Det er viktig å vere i best mogleg fysisk form i forkant av ein transplantasjon. Det er viktig at du gjer så mykje du greier, då vil operasjonen og opptreninga etterpå gå lettare.
Det er lurt å lage ein plan for kva som skal skje når du får beskjed om å kome til Rikshospitalet så snart som mogleg.
Oppfølging
Det er generelt ein fare for infeksjonar og å utvikle visse typar kreft etter ein transplantasjon. Det er på grunn av dei immundempande medisinane du må bruke for å unngå avstøtning.
Du blir følgt opp med omsyn til utvikling av hjartekarsjukdom, beinskjørheit (osteoporose) og andre komplikasjonar relatert til det å vere transplantert.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.
Adresse
- I dag STENGT
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5