Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Magesår ved Ålesund sjukehus
Magesår er eit samleomgrep på sår i magesekken eller første del av tynntarmen (tolvfingertarmen). Magesår er ein relativt vanleg sjukdom som rammar 5-10 prosent av befolkninga i løpet av livet. Hos minst 3 av 4 kjem magesår av ein bakterie som heiter Helicobacter Pylori. Hos dei andre kan magesår komme av medisinar som NSAIDS (Ibux, Voltaren, Naproxen) eller blodfortynnande medisinar.
Magesår oppstår i magesekken eller tolvfingertarmen. Vanligvis gir magesår sterke smerter, men det finnes effektiv behandling.
Magesmerter eller ubehag i øvre del av magen er det vanlegaste symptomet ved magesmerter. Oppkast av blod/kaffigrutliknande svart væske eller svart avføring er teikn på blødande magesår.
Tilvising og vurdering
Dersom fastlegen meiner at du kan ha magesår vil du bli tilvist til sjukehuset for å få gjort ein gastroskopi.
Utredning
For å påvise magesår blir det gjort ein gastroskopi. Det kan vere aktuelt å måle blodprosent/hemoglobin, sjå etter blod i avføringa med ein test og sjå etter magesårbakterien i ei avføringsprøve før du kjem til undersøking. Dette er undersøkingar som fastlegen set i verk.
Gastroskopi blir gjennomført ved at legen fører eit gastroskop (lang slange med kamera på tuppen) ned til magesekk og tolvfingertarm for å sjå etter magesår. Det kan vere aktuelt å behandle eit magesår direkte med injeksjonar og klips dersom det er pågåande bløding. Det kan også vere aktuelt å ta vevsprøvar i samband med undersøkinga (det gjer ikkje vondt).
Dersom det er påvist magesår vil ein stort sett behandle det med medisinar, då i form av syrehemmande medisinar i 1-2 månader.
Dei som har påvist magesårbakterien vil i tillegg få to typar antibiotika (ein såkalla trippelkur) der behandlingslengda som regel er 10 dagar.
For 10-30 år sidan var det vanleg med operasjon for magesår – dette blir no berre gjort heilt unntaksvis. Dei fleste blir heilt kurerte av slik tablettbehandling utan varige mén.
Oppfølging
Av og til må magesåret følgjast opp med ein kontroll med gastroskopi på sjukehuset, men i dei fleste tilfelle er ikkje dette nødvendig så lenge ein blir bra av behandlinga.
Dei som har hatt bløding må ofte følgjast opp hos fastlege med kontroll av blodprosent, spesielt dersom ein bruker blodfortynnande medisinar.
Dersom ein blir behandla for magesårbakterien så er det greitt å få kontrollert at denne er vellykka behandla – dette blir gjort med ei avføringsprøve som blir levert hos fastlegen ca. 3 mnd etter enda kur.
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Betalingsalternativ
Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk.
Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.