Matvareprovokasjon, Ålesund
Matvareprovokasjon er ein test på om ein unormal reaksjon på mat skuldast ei bestemt matvare. Testen er best egna for å avklare akutte reaksjonar.
Før
Kva sort matvare som skal testast og i kva form den skal bli gitt, skal avtalast på førehand.
For eit reelt og vellukka resultat er det viktig å ikkje ta antihistaminar som Zyrtec, Aerius, Cetirizin, Xyzal, Vallergan, Phenamin med fleire dei siste sju dagane før undersøkinga.
På testdagen skal du vere frisk, dvs. ikkje vere forkjølt, ha astmasymptom eller feber. Eksem bør vere så godt kontrollert som mogleg. Du bør ikkje ha pågåande utbrudd av elveblest. I så fall må testen utsetjast.
Er du sjuk, har nedsatt allmenntilstand eller brukar antibiotika, så ta kontakt med vår ekspedisjon.
Du kan ete ein lett frukost med trygge matvarer seinast klokka 07.00 på testdagen.
Under
Testdagen blir du undersøkt av lege, og eventuelt blir det tatt ein prikktest.
Deretter et du matvara som skal testast ut. I starten et du kun små mengder, for så å auke gradvis, med ca 30 minutt mellom dosane.
Sjukepleiar er tilstades eller er lett tilgjengeleg under heile testen.
Dersom du får ein reaksjon avsluttast testen. Ved tydeleg allergisk plage vil du få medisinar mot dette.
Etter
Etter avslutta test, blir du i avdelinga i ca 2-4 timar for observasjon for eventuell seinreaksjon. Seinreaksjon på kostprovokasjon kan skje sjølv om det ikkje er symptom under sjølve testen. Dersom det blir seinreaksjon etter at du har forlatt avdelinga, skal dette som oftast behandlast med allergimedisin. Slike seinreaksjonar er ikkje farlege. Vi ber om at du tar kontakt med sjukepleiar dagen etter slik at seinreaksjonen blir registrert hos oss.
Det blir samtale med lege før heimreise.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Adresse
- I dag STENGT
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5