Medikamentell abort
På same måten som ved heimeabort vil du få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.
Tilvising og vurdering
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Du kan kontakte sjukehuset direkte utan noka tilvising.
Ved den første konsultasjonen blir det utført gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde og du blir testa for klamydia før vidare tilvising til sjukehuset. Du blir beden om å signere eigenerklæring «Krav om svangerskapsavbrot».
Å bestemme seg for å fullføre eller avbryte eit svangerskap kan vere ei vanskeleg avgjerd å ta. Treng du nokon å snakke med kan du ringe Amathea, som er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort, telefon: 90 65 90 60.
Før
Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta:
- Mifegyne, som startar abortprosessen
- Cytotec, som hjelper kroppen å fullføre aborten
Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger. Når den er tatt, er det for seint å ombestemme seg. Du reiser heim og kjem tilbake til sjukehuset innan 1–2 dagar for neste steg i behandlinga.
Du kan få bløding og menstruasjonsliknande smerter etter at du har tatt Mifegyne. Bruk bind og ikkje tampongar ved bløding. Du kan ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet ved behov.
Ta kontakt med sjukehuset dersom:
- Du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
- Aborten skjer utan at vidare behandling er sett i gang
Under
1–2 dagar etter at du har tatt Mifegyne kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein person med deg. Det er vanleg å vere innlagt minst 6 timar.
- spis gjerne frukost før du kjem
- du blir tatt imot av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandling
- du vil få 4 tablettar cytotec som du skal sette djupt i skjeden
- vent 10–15 minutt med å reise deg opp, deretter bør du vere oppe for å framskunde abortprosessen
- du vil få smertestillande tablettar og kvalmestillande etter behov
- du får ny dose cytotec-tablettar kvar 3. time til aborten er gjennomført
- du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg
- du kan ikkje køyre bil sjølv denne dagen
Etter
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2–3 vekene. Vi anbefaler at du bruker bind og unngår bruk av tampong i denne perioden. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4–6 veker etter aborten. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Du kan trene og vere i aktivitet som vanleg.
Etterkontroll
4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.
Ver merksam
Ta kontakt med fastlege eller sjukehuset dersom du har:
- positiv graviditetstest etter fire veker
- smerter og kraftig bløding med klumpar i meir enn 2 veker
- bløding som varer meir enn 4 veker
- feber (over 38 grader)
- ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 6 veker
Vi gjer merksam på at intakt graviditet etter abort vil hende hos 1–2 kvinner av 1000 som får behandling. Dette talet er likt for både medikamentell og kirurgisk abort, det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.