Du skal ikkje nytte
- allergimedisinar (antihistaminar) den siste veka innan testen,
- kortison (prednisolon) 24 timer innan testen,
- fuktighets- eller kortisonkremer på armane testdagen.
Du må være frisk på dagen for undersøkinga, og ikkje vere forkjølt, ha feber eller liknande. Testen blir utsett om du er sjuk.
Du blir tatt imot av ein sjukepleier som forklarer deg kva som skal skje. Sjukepleiaren tar pulsen og måler blodtrykket ditt. Det blir også tatt ein pusteprøve, kalla spirometri.