Undersøking, Mannitol/Metakolin provokasjon
Metakolintest for barn og unge, Ålesund
Hensikta med undersøkinga er å diagnostisere og kontrollere astma.
Før
Dersom du dei siste 2 vekene har hatt, eller har ein pågåande luftvegsinfeksjon med feber eller er tydeleg forverra av din astma, vil det vere aktuelt å utsetje testen. Det same dersom du nyleg har hatt store allergiske plager. Det er for at resultatet av testen skal bli mest mogeleg riktig.
Ved denne testen må det vere opphald av følgjande medisinar før testen (dersom ikkje anna er avtalt med lege på førehand):
- Montelukast / Singulair: 4 døgn
- Anti-histaminer som cetirizin, Zyrtec, Aerius, Clarityn, Tavegyl, Polaramin m. fleire: 72 timar
- Oxis, Serevent, Seretid, Symbicort, Theo-Dur, Theovent: 24 timar
- Airomir, Atrovent, Bricanyl, Buventol, Ventoline: 8 timar
Under
Mannitol eller metakolin er stoff som kan gi samantrekning i bronkiane (som ved astmatisk besvær). Dette skjer lettare hos personar med astma. Testen avklarer grad av over-reaktivitet i luftvegane.
Testen startar med vanleg spirometri.
Deretter inhalerast Mannitol (pulver) eller metakolin (damp) i aukande doser med ny spirometri mellom kvar dose. Testen blir avbrutt når det det blir klart fall i lungefunksjon, ved symptom eller dersom det ikkje blir vist nokon endring på høg dose (negativ test).
Ved fallande lungefunksjon blir det vanlegvis gitt astmamedisin etterpå (for eksempel Ventoline) og vi kontrollerer at lungefunksjonen vert normalisert.
Etter
Formålet med testen er å måle kor mykje/lite som skal til for å få ein astmatisk reaksjon i bronkiane. Nokon vil få symptom på dette, andre kjenner ingen ting. Etter å ha fått vanleg astmamedisin skal lungefunksjonen vere normalisert og det er ikkje vanleg med plager etter at testen er fullført. Nokon få vil i etterkant av testen ha behov for meir medisin enn vanleg på grunn av symptom.
Resultatet av undersøkinga vil som regel bli gitt i samband med legekonsultasjonen i etterkant.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5