magnetisk resonans
MR av ekstremitetar
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lagar bilde ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.
Ved mistanke om skjelettskade er vanlegvis røntgen førsteval, og mange gonger er det nok. For brot som er vanskeleg å sjå på røntgen, kan MR gi meir presis informasjon.
MR blir brukt til utgreiing av svulstar og ulike tilstandar av betennelse i skjelett og blautdelar. MR har ein viktig rolle i utgreiinga av alle blautdelsskadar.
Tilvising og vurdering
Tilvising blir vanlegvis skriven av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.
Tannlegar kan vise til MR og kiropraktorar og manuellterapeutar kan også vise til MR i samband med muskel- og skjelettplager.
Før
På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere oss om du:
- har pacemaker
- har innoperert høyreapparat
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auge
- er gravid
- har anna innoperert metall og elektronikk
Sjekkliste – dette må du fjerne før undersøkinga
- Klokker, bank- og kredittkort
Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet - Metallgjenstandar
Briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan trekkast inn mot apparatet i stor fart. - Høyreapparat
Det kan bli påverka av magnetfeltet. - Tannprotesar
Dei kan gi forstyrringar i bilda og må takast ut om du skal undersøke hovud/halsområdet. - Augesminke
Den kan innehalde små delar av metall som kan gi forstyrringar på bilda.
Dersom du bruker medisinar, kan du ta dei på vanleg måte.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i blodet. Da får du eit plastrøyr (venekanyle) lagt inn i ei blodåre. Kontrasten blir sett inn i venekanylen. Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast under undersøkinga skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før du kjem til MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga før undersøkinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.
Under
Under undersøkinga ligg du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligg med hovudet eller beina først avhengig av kva område på kroppen du skal undersøke. Det ein skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet.
Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bilda skal bli bra.
Mens bildetakinga er i gang, høyrer du ein bankelyd i maskina.
Du får øyreproppar eller høyrselsvern som dempar bankelyden, eller du kan høyre på musikk.
Undersøkinga tar omkring 15 til 60 minutt, avhengig av kva legen din har etterspurt. Du får nærare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Når bilda blir tatte går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon og eventuelt komme inn i rommet der du ligg.
Kjenner du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR-sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er behageleg. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille.
Du kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.
Etter
Dersom du er innlagd på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Om du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Elles kan du reise rett heim når du er ferdig. Har du fått roande medikament bør du ikkje køyre bil sjølv.
Resultatet av undersøkinga
Bilda blir granska av ein radiolog (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bilda viser. Rapporten blir send til legen som tilviste deg. Bilda og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.