MR av nakke/rygg
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.
MR-undersøking av nakke og eller rygg blir utført ved mistanke om sjukdom eller skade i nakke og/eller rygg, eller ved kontroll av kjente tilstandar i nakke og/eller rygg.
Tilvising og vurdering
Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.
Tannlegar kan tilvise til MR, og kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i forbindelse med muskel- og skjelettplager.
Før
Informasjon om eventuelle førebuingar om di undersøking vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.
Førebuing heime
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.
Tannprotesar kan gi forstyrring i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.
Dersom du tar medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.
Dersom du har vondt for å ligge og/eller må ha beroligende, må du be fastlegen din om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.
Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Før undersøkinga vil vi då legge inn ei plastnål (venekanyle) i blodåra di.
Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg mindre enn 30 dagar før undersøkinga.
Under
Under undersøkinga ligg du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligg med hovudet eller beina først avhengig av kva for område på kroppen du skal undersøke. Det vi skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved MR-undersøking av nakkeområdet blir hovudet plassert i ein form, med mogelegheit til å sjå ut. Denne er nødvendig for å kunne lage MR-bileta.
Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.
Undersøkinga tar omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.
Når bileta blir tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og evt. kome inn i rommet der du ligg.
Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille.
Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.
Etter
Dersom du er innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Viss ikkje kan du reise rett heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølv.
Resultatet av undersøkinga
Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lager ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.