PSHT DMS består av digital koordinator (sjukepleiar), lege og farmasøyt som samarbeider tett med PSHT SNR om styrka utskriving frå Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset (SNR Hjelset) for pasientar heimehøyrande på Nordmøre (Averøy, Tingvoll, Aure, Smøla, Gjemnes, Sunndal, Surnadal og Kristiansund).
Digital koordinator har ansvar for digital samhandling med heimetenesta på Nordmøre. Her brukar heimetenesta hovudkamera, slik at ein kan gi god støtte direkte frå behandlar ved SNR Hjelset.
PSHT SNR planlegg og gjennomfører styrka utskriving av pasientar til alle 13 kommunane i Nordmøre og Romsdal (Averøy, Tingvoll, Aure, Smøla, Gjemnes, Sunndal, Surnadal, Kristiansund, Hustadvika, Vestnes, Aukra, Rauma og Molde).
Styrka utskriving startar med at tilviste pasientar møter representantar frå PSHT-teamet under sjukehusopphaldet. Teamet gjer ei brei funksjonskartlegging med utgangspunkt i kva som er viktig for pasienten. PSHT-teamet følgjer pasienten i 2-3 veker, og samarbeider med den kommunale helsetenesta om tiltak som er nødvendige for å sikre overgangen frå sjukehus til heimen.
Kva skjer etter utskriving til heimen?
- Digital koordinator DMS og/eller PSHT SNR tek kontakt med pasienten (eventuelt pårørande) på telefon for å høyre korleis det har gått etter utskriving.
- Heimetenesta kan ta kontakt med digital koordinator DMS for å avtale eit digitalt besøk.
- Dersom det er behov for fysisk heimebesøk av PSHT-teamet blir det avtalt etter digitalt tilsyn.
Digitalt besøk med hovudkamera
Digitalt besøk skjer i heimen til pasienten. Heimetenesta brukar hovudkamera med innebygd mikrofon for å kunne ha hendene fri under konsultasjonen. Heimesjukepleiaren loggar seg på i eit felles digitalt konsultasjonsrom med lege eller sjukepleiar i PHST-teamet. Kameraet filmar behandlinga som heimetenesta gir. Lyd og mikrofon blir regulert slik at alle høyrer kvarandre. PSHT-teamet deltek via PC frå SNR Hjelset eller DMS Kristiansund.