Øyresus (tinnitus)
Øyresus er eit nevrologisk fenomen knytt til høyresansen. Ved øyresus oppfattar du ein lyd utan at det finst ei ytre lydkjelde. Den hyppigaste årsaka til øyresus er at sansecellene i det indre øyret er skadd, og at det ligg ein ubalanse føre i samspelet mellom lydsignal opp og lydsignal ned høyrselsnerven. Lydopplevinga er av ulik karakter. Den kan opplevast som ein tone, som støy og han kan vere pulserande og av varierande intensitet.
Årsaker
Mellom 10-15 prosent av befolkninga har øyresus. Rundt 1 av 100 er svært plaga. Følgjande tilstandar er knytte til øyresus, ofte kombinerte med høyrselstap:
- støyskade
- arveleg høyrselstap
- svekking av høyrselen grunna alderdom
- Mb Meniere
- skade i hovudet
- akutt/kronisk mellomøyrebetennelse
- øyrevoks
- avstiving av stigbøyelen i mellomøyret
Tilvising og vurdering
Tilvisinga blir prioritert av spesialist som vurderer om du skal få tilbod om time ved sjukehuset eller ikkje.
Det er eit mål at dei fleste pasientane med øyresus skal starte behandling innan 60 vyrkedagar etter at tilvisinga er motteken ved sjukehuset. Spesialisten vurderer kor fort du treng behandling.
Utgreiing
Når vi greier deg ut for øyresus er det vanleg at du må ta ein høyreprøve og du blir undersøkt av lege.
For mange tilstandar treng du berre éin konsultasjon på sjukehuset, der vi gjer ferdig utgreiinga og går gjennom aktuell behandling.
Mange blir tilviste frå øyre-nase-hals-spesialist utanfor sjukehuset. Desse pasientane har allereie teke høyreprøve og vore til undersøking hos spesialist, og treng ikkje ta ny høyreprøve.
Unntaksvis blir også MR-undersøking av hovudet bestilt. Denne undersøkinga blir gjord når øyresus (tinnitus) og/eller høyrselstapet er einsidig, eller ved tinnitus som er konstant til stades og varierer i takt med pulsslag.
Behandling
Første ledd i behandlinga av øyresus er informasjon om tilstanden og deretter kunnskap om ulike meistringsstrategiar.
Det er viktig å unngå stille. Forskjellen mellom styrken på øyresusen og styrken på bakgrunnslyden blir redusert ved å auke lyd i omgivnadene. I dei aller fleste tilfella er det denne forskjellen som er avgjerande for kor sterkt du opplever øyresusen. Eit unntak frå dette er oversensibilitet for lyd. For høg bakgrunnsstøy kan forverre tilstanden. I enkelte situasjonar kan du til dømes bruke øyreproppar.
Stress forverrar øyresus. Det kan vere fysisk stress for forkjøling eller influensa, eller psykologisk stress. Det er viktig at du og behandlar er klar over dette i vegen vidare med behandling. Om du ser tinnitus-en din som ein del av heilskapsbiletet ditt, kan det gi deg ei auka kjensle av kontroll.
Om du føler at tinnitus har ein negativ effekt på livskvaliteten din kan du få råd og rettleiing. Dårleg søvn eller konsentrasjonsproblem er døme på dette. I somme tilfelle kan hjelpemiddel som lagar gode bakgrunnslydar vere effektive.
Behandling av tinnitus
Det er mange ulike årsaker til tinnitus og ofte vil ein kombinasjon av lydbehandling, psykologisk behandling, kognitiv terapi og medikament gi god effekt.
Oppfølging
Dersom det ikkje er funne behov for medisinsk behandling etter ferdig utgreiing i spesialisthelsetenesta, kan anna offentleg behandling vere aktuelt for deg.
Kontroll
Dersom du har behov, kan du få time til kontroll hos audiograf eller lege. Der får du råd og rettleiing etter utprøving av hjelpemiddel mot tinnitus.