Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Prikktest (allergitest) hos barn og ungdom, Ålesund
Ein prikktest kan bidra til å avklare om du er allergisk for ulike stoff. Den kan vise om det blir ein reaksjon i huda når det vert lagt på ulike dråpar som inneheld stoff som folk ofte reagerer på. Eksempelvis egg, mjølk, bjørk og gras.
Før
Ved prikketest må du ikkje bruke allergimedisinar (antihistaminer) den siste veka før testen. Eksempel på slike medisinar kan vere: Cetirizin, Aerius, Xyzal, Zyrtec, Phenamin og Loratadin.
Du skal ikkje bruke kortison (mer enn 10 mg prednisolon) 24 timer før testen.
Unngå bruk av bodylotion på armane på dagen for undersøkinga.
Du må vere frisk på dagen for undersøkinga, ikkje vere forkjøla, feber eller liknande.
Dersom du bruker astmamedisinar skal desse brukast som vanleg, også på undersøkingsdagen.
Under
Prikktesten vert ved at ein dråpe av dei aktuelle stoffa som du kan reagere på, vert lagt med 1-2 cm mellomrom på underarmen. Gjennom dråpane vert det gjort eit lite stikk gjennom kvar dråpe og ned i huda. Dei fleste opplev ikkje dette som vondt.
VI testee for fleire allergener samtidig, for eksempel ulike typer pollen, katt, hund, husstøvmidd og muggsopp. Etter 20 minuttar er resultatet klart, og legen vil vurdere resultatet av prøven. Dersom du reagerer på nokon av stoffa kan det bli lest av på huda di ved at det blir litt raud og hovent. Du vil få ein samtale med legen for å få informasjon om videre behandling.
Etter
Eventuelle blemmer, raudheit og kløe frå dei ulike dråpane forsvinn oftast etter 1-2 timar. Dersom det klør mykje kan vi smørje på litt krem som dempar dette.
Ver merksam
I svært sjeldne tilfelle kan det likevel oppstå ein meir alvorleg reaksjon på prikktest. Dette opptrer i så fall under testen og blir handtert av helsepersonell.
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk barn og ungdom Ålesund
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Markerte område på bildet Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande Gul markering: HC-parkering Raud markering: Parkering for blodgivarar Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.