Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykoterapi

I psykisk helsevern, som er den delen av spesialisthelsetenesta som tilbyr behandling av psykiske plager og lidingar, kan du få tilbod om ulike former for psykoterapi. Her kan du lese om nokre av dei sentrale psykoterapeutiske metodane som blir nytta.

I psykoterapi, også kalla samtaleterapi, er det vanleg at terapeuten bruker element frå ulike terapeutiske tilnærmingar. Psykoterapi kan også kombinerast med til dømes medikamentell behandling eller jobbretta tiltak.

Psykoterapi kan vere både individuell behandling, par- og gruppebehandling og par- eller familieterapi. Det finst også moglegheit for nettbasert psykoterapi. På dag- og døgneiningar blir det også tilbode miljøterapi basert på prinsipp frå psykoterapi.

Det er mange felles element i dei ulike psykoterapeutiske metodane. For alle metodane er det viktig med ein tryggleik og tillit mellom pasienten og terapeuten. Det er også viktig å vere samde om måla for samarbeidet i terapien. Det å bli møtt med empati og forståing er fellestrekk i alle terapiformene.

 

I psykoterapi er ein trygg og god allianse mellom behandlaren din og deg som pasient viktig for eit godt resultat. De bør vere samde om kva mål det blir arbeidd mot i terapien, og om kva metodar som skal nyttast av kvar av partane for å nå måla.

Erfaring og forsking har vist at psykoterapi har hjelpt mange til å handtere psykiske vanskar som angst, depresjon, rusmiddelproblem, psykoselidingar, søvnvanskar og svekt sjølvkjensle. Dei fleste av oss er vande til å gå til lege når det feilar oss noko. Der får vi kanskje føreskrive medisinar og blir bede om å ta det roleg nokre dagar. I psykoterapi er du sjølv aktiv deltakar i behandlinga av dei problema du opplever.

Psykoterapi er hjelp til sjølvhjelp

Psykoterapi er på mange måtar ei form for hjelp til sjølvhjelp, der du gjennom samarbeidet med ein profesjonell terapeut lærer å bli din eigen terapeut. Terapeuten bidreg med kunnskap om kva som har hjelpt andre med tilsvarande problem, medan du er eksperten på korleis akkurat du opplever vanskane og kva tankar du har om kva som kan hjelpe.

Derfor er det viktig at dine eigne ressursar, interesser og sterke sider kjem fram og blir brukte. Psykoterapi inneber ei moglegheit til å tenkje gjennom kven du er, korleis du har det, kva personar som betyr noko for deg og kva du ønskjer for dei og for deg sjølv.

Samarbeidet går vanlegvis føre seg i samtalar mellom deg og terapeuten din. Samtidig er støtte frå familie, venner og arbeidskollegaer ofte av stor betydning for arbeidet du gjer i terapien.

Følgjande spørsmål kan gi eit godt utgangspunkt for det som går føre seg i psykoterapi:

  • Kva er det som plagar deg mest i din noverande situasjon?
  • Kvifor søkjer du hjelp?
  • Kva er du fornøgd med i livet ditt, og kva eigenskapar ved deg sjølv set du mest pris på?
  • Korleis skulle livssituasjonen din vore for at du fekk eit betre liv, og kva ønske har du for familie og venner, arbeid og fritid?
  • Korleis har du prøvd å løyse vanskane dine tidlegare ?
  • Kan du tenkje deg andre måtar å løyse vanskane på, og korleis kan terapeuten hjelpe deg?

Allianse og tryggleik er viktig for eit godt resultat

Resultata i psykoterapi er avhengige av at samarbeidet blir prega av interesse, respekt og varetaking, og går føre seg i ein atmosfære av forståing, håp og realistisk optimisme. Behandlingsresultatet blir best når erfaringane og ønska dine står sentralt, og når du sjølv medverkar aktivt i di eiga behandling.

Viktig å ha tru på at endring er mogleg

Menneske som søkjer psykoterapi opplever ofte «å stå med ryggen mot veggen», det vil seie utan å oppleve at dei har gode måtar å komme vidare på. Ei kjensle av hjelpeløyse og rådløyse er vanleg, og ikkje sjeldan blir dette opplevd som skremmande. Det kan vere både fordelar og ulemper knytte til endring, og det er naturleg at ein er usikker. Utforsking av kva som er motivasjonen din, er noko som ofte inngår i psykoterapi.

Ved å leggje merke til kva du tenkjer, kjenner og gjer i situasjonar du opplever som vanskelege, kan du forstå meir av kva som skjer, og kanskje også sjå moglegheiter for positive endringar. Det kan vere situasjonar prega av depresjon og angst, konfliktar i forholdet til andre eller av at sterke kjensler står i motsetning til kvarandre.

Gode mål i psykoterapi

Mål i psykoterapi kan vere langsiktige. Mykje av det ein arbeider med i psykoterapi rører ved sjølvkjensle, sjølvtillit, måtar vi ser på verda og oss sjølve på og andre sentrale spørsmål. Minst like viktige er kortsiktige mål, som å gjennomføre bestemde aktivitetar, ofte noko ein har kvidd seg for. Arbeid med kortsiktige og konkrete mål har vist seg å vere gunstig, også for dei meir langsiktige måla.

Av og til kan du saman med terapeuten din finne fram til måtar å praktisere ny kunnskap på mellom timane. Med god planlegging kan du tore å eksperimentere med eigne handlingsmønster, slik at du kan få nye erfaringar på ein trygg måte.

Psykiske vanskar svekkjer ofte sjølvtillit og sjølvkjensle. Eit døme er ein depresjon som blir kjenneteikna av at det negative får stort spelerom. Ein legg merke til eigne feil og kva ein ikkje synest ein får til. Psykoterapi kan bidra til at du i større grad lærer å setje pris på deg sjølv. Då blir det lettare å følgje opp eigne interesser og å finne fram til og vere saman med menneske du trivst med og kan stole på.  

Før

Ulike former for psykoterapeutiske metodar:

Etter

Kontakt

Ålesund sjukehus Psykose Sunnmøre

Kontakt Psykose Sunnmøre

Oppmøtestad

2. etasje, inngang A i psykiatribygget, vest for hovedbygget ved Ålesund sjukehus.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 

Ny hovudinngang frå 1. oktober 2025

Hovudinngangen til sjukehuset er flytta frå sørsida til nordsida. Sjå punkt 1 på kartet. Merk at gamle hovudinngangen er stengt frå same tidspunkt. 

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Lys blå markering: Korttidsparkering, maks 30 minutt.
Oransje markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Mørk blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.