Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusavhengigheit hos gravide

Tilvising og vurdering

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Vurderingsinstansar i Helse Midt-Norge

Dersom pasienten har behov for poliklinisk behandling og ikkje treng innlegging i døgn, skal tilvising sendast til den poliklinikken som er geografisk nærast der pasienten bur. Tilvisinga blir vurdert der.

Tilvising døgnbehandling:

Tilvisingar til døgnbehandling skal sendast til følgjande adresse:
Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Tidlegare blei desse tilvisingane vurdert i dei fem psykiatriske poliklinikkane i tillegg til Ålesund behandlingssenter. No skal tilvisingane til døgnbehandling sendast til vurderingsteam i Avdeling forTSB.

Endringa tredde i kraft 1. september 2015.

Tilvisning poliklinisk behandling:

  • Ropteamet i Volda (Helse Møre og Romsdal), Kløvertunvegen 1, 6100  VOLDA,
    tlf. 70 05 85 60
  • Ropteamet i Ålesund (Helse Møre og Romsdal), 6026  ÅLESUND, tlf: 70 16 73 00
  • Ropteamet i Molde (Helse Møre og Romsdal), Bj. Bjørnsonsvei 45-47, 6412 MOLDE, tlf. 71 12 29 00
  • Ropteamet i Kristiansund (Helse Møre og Romsdal), Hermann Døhlens veg 1, 6508  KRISTIANSUND, tlf. 71 12 33 35
  • Psykiatrisk ungdomsteam i Sør-Trøndelag (St.Olav), Klostergata 46, tlf. 73 53 90 00
  • Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin / Kompetansesenter rus - Midt-Norge(St.Olav),tlf. 73 86 29 00
  • Avdeling for rusrelatert psykiatri (Helse Nord-Trøndelag), 7600  LEVANGER,
    tlf. 74 09 86 00
  • Avdeling for rusrelatert psykiatri (Helse Nord-Trøndelag), 7800  NAMSOS,
    tlf. 74 21 54 00

Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, NAV/sosialtenesta og fastlegen og skal sendast på eiga tilvisning, sjå under Tilvisning til legemiddelasistert rehabilitering (LAR).
  • Ved vedvarande/alvorleg rusmiddelmisbruk kan fastlegen, den kommunalt oppfølgingsansvarleg eller pasienten/pårørende ta kontakt med Klinikk for rus og avhengigheitsmedisn S.t Olav eller Ålesund behandlingssenter for snarleg vurdering med tanke på plass for avrusing. Dersom situasjonen er livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113
  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar NAV/sosialtenesta sak til Fylkesnemnda for NAV/sosiale saker.
  • Dersom det ligg føre rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan
    kriminalomsorga innvilge § 12-soning.    


 

Tilvisingsskjema for ordinær tilvising finn du her

Tilvising av pasientar som er opiatavhengige, bør utarbeidast i samarbeid mellom pasienten, NAV/sosialtenesta og fastlegen. Det skal fyllast ut eit eige skjema som skal sendast til : 

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

For tilvising  til LAR skal det benyttes eget tilvisingsskjema:

Tilvisingsskjema LAR

Har du spørsmål om LAR, kan du ringje telefon 70 17 13 62.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Ver merksam

Av erfaring veit vi at tida etter utskriving frå behandling ofte er sårbar og utfordrande for mange pasientar. Under innlegginga vert det difor i tett samarbeid med deg, utarbeida ei meistrings-/kriseplan. Denne skal skildre kva du opplev som dine risikosituasjonar og «triggarar» for rustankar og rusinntak. Den skal vidare skildre kva strategiar du kan nytte for å førebygge slike tankar/situasjonar, og kven du kan kontakte for å få hjelp. Dette skal vere ein enkel, konkret og oversiktleg plan som både du og hjelpeapparatet kan nytte før eller i ein eventuell kritisk situasjon, eller ved tilbakefall.

Kontakt

Ålesund behandlingssenter Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund

Kontakt Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.

En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Transport

Ålesund behandlingssenter ligg ca 5 minutts gange nordvest for bussterminalen på Moa. Gå mot Spjelkavik kyrkje. Det er lagt godt til rette med sykkelveg og fortau. 

Parkering

Merk at nye parkeringasreal ikkje er ferdigstilt enno. Det blir jobba med å få dette på plass så raskt som mogleg. Følg skilting på området for parkering. 

Et skjermbilde av et videospill
Merking på bildet:1. Hovudinngang2. Poliklinikkinngang i underetasjen
Dronebilde av ny veg ved Ålesund behandlingssenter

Foto: Christian Ibsen, Statens vegvesen

Oversiktsbilde Ålesund behandlingssenter.
En vei med sykkelfelt

Foto: Gro Kjoss Lynge

Vegen forbi Ålesund behandlingssenter er den første i Ålesund med sykkelveg med fortau. Ver merksam på mjuke trafikantar ved inn- og utkøyring. Innkøyring til Ålesund behandlingssenter til venstre på bildet.

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta