Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BS

Hvis du har behov for meir oppfølging enn poliklinisk behandling, kan vi tilby deg døgnbehandling.  Vi gir behandling til rusavhengige over 18 år. Behandlingstida er 6 månader, men dette kan forlengast til 9 månader etter individuell vurdering.



Tilvising og vurdering


  • ​Kommune/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta



 

Dersom du har behov for behandling, skal tilvising sendast til vår vurderingsinstans TSB Helse Møre og Romsdal:

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Det er eit tverrfagleg team som gjer ei vurdering ut frå tilvisinga. I vurderinga skal det kome fram kva type behandling du har rett på (poliklinikk og/eller dag-/døgnbehandling), og kva behandlingsstad som vert rekna som best for deg. Innan ti verkedagar etter at vi har motteke tilvisinga, skal du få informasjon om du har rett til nødvendig helsehjelp.

Vurderinga kan ha to utfall

    1.  Ja, du får tilbod om behandling med bindande frist og tidspunkt for når utgreiing eller behandling skal starte. Du vil få eit brev der det vil kome fram når vi kan gi deg eit behandlingstilbod, og korleis gangen vidare er lagt opp for deg. 
    2. Avslag, som betyr at det er nok med behandling/oppfølging i kommunen eller annan instans. I svarbrevet skal det kome fram at det er høve til å klage og korleis du kan gå fram.


Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, kommunal oppfølgingstjeneste og fastlegen og skal sendast på eiga tilvisning, sjå under Tilvisning til legemiddelasistert rehabilitering (LAR).
  • Dersom situasjonen er akutt kan lege kontakte avrusingen for vurdering av eventuell rusakutt innleggelse. Er situasjonen livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113.
  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar kommunal oppfølgingstjeneste sak til Barneverns- og helsenemnda.
  • Dersom du allerede har rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan kriminalomsorga innvilge § 12-soning.    ​



Innhald i tilvising

​Legemiddelassistert rehabilitering er behandling for menneske med opioid avhengigheit.Dei som kan tilvise til LAR-behandling er; helse- og sosialteneste i kommunen, fastlege, psykolog og spesialisthelsetenesta. Det blir tilrådd at helse- og sosialteneste og fastlege samarbeider om tilvisinga.

Vi vurderer alle tilvisingar i tråd med nasjonale retningslinjer for legemiddelassistert rehabilitering og pasientrettslova. Behandlinga/rehabiliteringa skjer i tett samhandling med førstelinjetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta. Tilvisinga skal sendast elektronisk til: Rus og avhengighet, Ålesund behandlingssenter

Har du spørsmål om LAR, kan du ringe telefon 70 17 13 62.

Dette skal tilvisinga innehalde

Rushistorie  

  • Opiatdominert avhengigheit.  
  • Varigheit. 
  • Omfang av avhengigheit.
  • Førstegangsbruk av ulike rusmiddel.  
  • Sprøytebruk, komplikasjonar etc. 

Sosial situasjon 

  • Bustadsituasjon (stabilitet og evne).  
  • Utdanning/sysselsetting(eventuelle planar).  
  • Økonomi (inntekt, gjeld og behov for rådgiving).  
  • Nettverk (familie, ressurspersonar).  
  • Kriminalitet (uoppgjorde dommar og planlagd soning).

Medisinske forhold  

  • Epikrise frå tidlegare behandling og eventuelt faste medikament.
  • Overdoseepisodar.
  • Psykiske helseproblem, tidlegare innleggingar (somatisk og psykiatrisk).  
  • Fysisk og psykisk helsetilstand (EKG bør leggast ved).
  • Laboratorieprøver (hepatitt, Hiv, lever, nyre, blodstatus, Thyroidea ++).
  • Motivasjon.  
  • Pasienten sitt ønske om behandlingsform.  
  • Tilvisar si vurdering av behandlingsbehov.

 



​Tilvisinga bør innehalda ein kortfatta status som inkluderer:


Aktuel​​t

  • ​​Kva ønskjer pasienten hjelp til? Det er ønskjeleg at brukaren sjølv skriv ned ønska sine og kva det ønskes hjelp til. Brukaren bør ved behov få tilbod om hjelp til skriftliggjøring.
  • Pasientens ønskjer om type behandling i TSB og kvar behandlinga bør finna stad.
  • Ressursane til pasienten
  • Rusmiddelbruk og/eller annan avhengnadsproblematikk (speleproblematikk, bruk av anabole androgene steroid)
  • Har pasienten individuell plan (IP), koordinator og ansvarsgruppe?
  • Tidlegare og noverande behandlings- og oppfølgingstiltak
  • Somatisk helse (inkludert tannhelse) og levevanar. Viss mogleg blir det lagt ved eit skriv frå fastlegen.
  • Psykisk helse. Vurdering av overdoserisiko og risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord.
  • Samarbeidspartnarar og andre hjelpeinstansar (inkludert statleg NAV) som pasienten er i kontakt med.
  • Vurder behov for avrusing

Familie/​sosialt

  • ​​​​Familieforhold, spesielt fokus på det mindreårige barnet til pasienten og/eller søsken
  • Sosiale forhold inkludert bustadforhold
  • Interesser og nære støttepersonar
  • Arbeid/utdanning (under dette sjukmelding), økonomi og nettverk.
  • Har pasienten førarkort? sjå Førerkortveilederen.

And​re forhold

  • ​Legemidler i bruk og relevant tidlegare legemiddelbruk
  • Informasjon om allergiar (inkludert legemiddelallergiar)
  • Kartleggja om pasienten har historie med vald og truslar (utsett for og/eller utøvd)
  • Spesielle omsyn (behov for tolk, oppmøtestad, tilrettelegging, ønskja om kjønnsdelt behandling m.m.)
  • Spesielle omsyn knytte til språklege eller kulturelle forskjellar, eventuell status migrasjonsbakgrunn
  • ​​Har pasient individuell plan (IP)?


Moglege somatiske årsaker til tilstanden bør vera vurdert, inkluderte blodprøver der det er aktuelt (nødvendig somatisk diagnostikk vil sluttførast i spesialisthelsetenesta dersom pasienten blir vurdert å ha rett til helsehjelp). Det bør komma tydeleg fram kva som er grunngivinga for tilvisinga. Ved behov for særleg tilrettelegging, må dette komma fram i tilvisinga.​




Før

Under

Etter

Kontakt

Molde behandlingssenter Rusbehandling TSB langtids døgn Molde

Kontakt Rusbehandling TSB langtids døgn Molde
En husrekke

Molde behandlingssenter

Glomstuvegen 50

6412 Molde

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Vi har ikkje noko spesifikk besøkstid. Ta kontakt anten med oss eller pasient før besøket for å avtale tidspunkt som passar. 
Telefon 71219800

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta