Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Rusavhengigheit langtids døgnbehandling, Molde BS

Hvis du har behov for meir oppfølging enn poliklinisk behandling, kan vi tilby deg døgnbehandling.  Vi gir behandling til rusavhengige over 18 år. Behandlingstida er 6 månader, men dette kan forlengast til 9 månader etter individuell vurdering.



Tilvising og vurdering


  • ​Kommune/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre deler av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta



 

Dersom du har behov for behandling, skal tilvising sendast til vår vurderingsinstans TSB Helse Møre og Romsdal:

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Det er eit tverrfagleg team som gjer ei vurdering ut frå tilvisinga. I vurderinga skal det kome fram kva type behandling du har rett på (poliklinikk og/eller dag-/døgnbehandling), og kva behandlingsstad som vert rekna som best for deg. Innan ti verkedagar etter at vi har motteke tilvisinga, skal du få informasjon om du har rett til nødvendig helsehjelp.

Vurderinga kan ha to utfall

    1.  Ja, du får tilbod om behandling med bindande frist og tidspunkt for når utgreiing eller behandling skal starte. Du vil få eit brev der det vil kome fram når vi kan gi deg eit behandlingstilbod, og korleis gangen vidare er lagt opp for deg. 
    2. Avslag, som betyr at det er nok med behandling/oppfølging i kommunen eller annan instans. I svarbrevet skal det kome fram at det er høve til å klage og korleis du kan gå fram.


Unntak:

  • Tilvising til legemiddelassistert rehabilitering for opiatavhengige skal vere laga i samarbeid mellom pasienten, kommunal oppfølgingstjeneste og fastlegen og skal sendast på eiga tilvisning, sjå under Tilvisning til legemiddelasistert rehabilitering (LAR).
  • Dersom situasjonen er akutt kan lege kontakte avrusingen for vurdering av eventuell rusakutt innleggelse. Er situasjonen livstruande, kontakt sjukehus på tlf. 113.
  • For behandling utan eige samtykke (tvang) fremjar kommunal oppfølgingstjeneste sak til Barneverns- og helsenemnda.
  • Dersom du allerede har rett til nødvendig helsehjelp knytt til døgnbehandling, kan kriminalomsorga innvilge § 12-soning.    ​



Innhald i tilvising

​Tilvising av pasientar som er opiatavhengige, bør utarbeidast i samarbeid mellom pasienten, kommunal oppfølgingsteneste og fastlegen. Det skal fyllast ut eit eige skjema som skal sendast til: 

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)
Ålesund behandlingssenter
Vestmoa 27
6018 Ålesund

Tilvisingsskjema LAR

Har du spørsmål om LAR, kan du ringje telefon 70 17 13 62.





​Tilvisinga bør innehalda ein kortfatta status som inkluderer:


Aktuel​​t

  • ​​Kva ønskjer pasienten hjelp til? Det er ønskjeleg at brukaren sjølv skriv ned ønska sine og kva det ønskes hjelp til. Brukaren bør ved behov få tilbod om hjelp til skriftliggjøring.
  • Pasientens ønskjer om type behandling i TSB og kvar behandlinga bør finna stad.
  • Ressursane til pasienten
  • Rusmiddelbruk og/eller annan avhengnadsproblematikk (speleproblematikk, bruk av anabole androgene steroid)
  • Har pasienten individuell plan (IP), koordinator og ansvarsgruppe?
  • Tidlegare og noverande behandlings- og oppfølgingstiltak
  • Somatisk helse (inkludert tannhelse) og levevanar. Viss mogleg blir det lagt ved eit skriv frå fastlegen.
  • Psykisk helse. Vurdering av overdoserisiko og risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord.
  • Samarbeidspartnarar og andre hjelpeinstansar (inkludert statleg NAV) som pasienten er i kontakt med.
  • Vurder behov for avrusing

Familie/​sosialt

  • ​​​​Familieforhold, spesielt fokus på det mindreårige barnet til pasienten og/eller søsken
  • Sosiale forhold inkludert bustadforhold
  • Interesser og nære støttepersonar
  • Arbeid/utdanning (under dette sjukmelding), økonomi og nettverk.
  • Har pasienten førarkort? sjå Førerkortveilederen.

And​re forhold

  • ​Legemidler i bruk og relevant tidlegare legemiddelbruk
  • Informasjon om allergiar (inkludert legemiddelallergiar)
  • Kartleggja om pasienten har historie med vald og truslar (utsett for og/eller utøvd)
  • Spesielle omsyn (behov for tolk, oppmøtestad, tilrettelegging, ønskja om kjønnsdelt behandling m.m.)
  • Spesielle omsyn knytte til språklege eller kulturelle forskjellar, eventuell status migrasjonsbakgrunn
  • ​​Har pasient individuell plan (IP)?


Moglege somatiske årsaker til tilstanden bør vera vurdert, inkluderte blodprøver der det er aktuelt (nødvendig somatisk diagnostikk vil sluttførast i spesialisthelsetenesta dersom pasienten blir vurdert å ha rett til helsehjelp). Det bør komma tydeleg fram kva som er grunngivinga for tilvisinga. Ved behov for særleg tilrettelegging, må dette komma fram i tilvisinga.​




Før

Dei første vekene du er innlagt vert det gjort ei grundig ugreiing av helsa di, i samtalar med lege og psykolog. Saman med pasientansvarleg koordinator utarbeider du deretter ein behandlingsplan, som beskriv måla dine for opphaldet og korleis du best kan nå desse. Vi vil, i lag med deg, finne ut kva du treng hjelp til og legge til rette for at du får ei behandling som er tilpassa dine behov.






Under

Før du kjem inn til døgnbehandling må du vere rusfri, hovudsakleg gjennom eit opphald på avrusningsinstitusjon. I tillegg har dei fleste døgneiningane eigne polikliniske team som kan gje deg behandling før og etter døgnbehandlinga.

Døgneininga har 15 plasser. Når du kommer vil du bli presentert for ein fadder som vil ha spesielt ansvar for deg dei første dagane, slik at du kan føle deg trygg og kan spørre om alt du lurar på. 

Ved innlegging startar du med ein inntakssamtale. Du vil også få ein samtale med lege i løpet av den første eller andre dagen. Du får tildelt ein pasientansvarlig koordinator (behandlar), som skal vere din kontaktperson gjennom heile opphaldet.

Eit behandlingsopphald hos oss innehald ulika ativiteter som: gruppe, turar, individualsamtalar osv. som krev deltaking og engasjement frå di side for å oppnå målet dit. Dei fleste av aktivitetane og samlingane er obligatoriske.

Vi bruker mye kognintiv terapi i behandlinga.

Kognitiv terapi er ei samlebetegnelse for ei rekke ulike tilrettelagte former for samtaleterapi som rettar seg mot problemløysning og innsikt i sammenhengane mellom tenkning, handling og følelsar. Viktige mål ved bruk av kognitiv terapi er å bryte selvforsterkande onde sirklar som opprettheld rusproblemet og avdekke positive tankar om rusmidel. Det gjeras ved kartlegging av utfordrande situasjoner, utforsking og eventuelt endring av negative tankemønster, bruk av atferdseksperimenter, utforming av aktivitetar som gir selvtillit og energi, stimulering til økt sosial kontakt og forebygging av tilbakefall.

Mentaliseringsbasert terapi (MBT) er en samlebetegnelse på teknikker for å få økt innsikt i egne og andres følelser, tanker og motiver. Terapien brukes for å oppnå økt velfungering i hverdagen og å unngå misforståelser og konflikter. Mentalisering har også høy fokus på egne indre prosesser og å lære seg å kontrollere egne følelser.

Familien er eit sentralt tema for dei fleste som er i behandling. Difor er vi opptekne av å hjelpe deg i gang med å løyse opp i det som er vanskeleg her.

Vi tilbyr samtalar med deg åleine, i lag med familien og med barn.

Tre gongar i året arrangerer vi pårørendeseminar. Her blir pårørande invitert inn på besøk og dei får undervising gjennom ei heil helg.

Ein viktig del av behandlingstilbodet vårt er gruppebehandling. Vi har grupper med ulike tema, som f.eks:

  • Rusmeistring
  • Særskilde tema for kvinner og menn
  • Korleis handtere kjensler som angst, sinne, frustrasjon, sårheit m.m.
  • Undervisning om aktuelle tema

Tanken med gruppebehandling er at ein kan få verdifulle innspel og reaksjonar fra andre, på det ein tenkjer, føler og gjer. Kanskje kjenner du deg igjen i andre sine reaksjonar og kan få støtte, og kanskje ser du ting som kan vere viktige for andre. På den måten ynskjer vi å bidra til diskusjon, bevisstgjering og ettertanke.

Du kan reise heim på treningsreiser etter at du har vore her i ca to månader. Då reiser du heim til eigen bustad for å trene på det å vere heime og rusfri, bygge opp sosialt netverk igjen, og vere i lag med familien din. Du og behandlaren di setter opp ei plan på reisane dine.

Du må gjerne ta imot besøk mens du er i behandling her. Vi har diverre begrensa plass til å ta imot overnattingsbesøk, men her er ei lita hytte du kan låne når nær familie kjem på besøk.

Vi har fokus på å behandle heile mennesket difor er det et behandlingsteam som følgjer deg igjennom behandliga. Dette teamet består av legge, psykolog, fysioterapeut, familieterapeut, sosial- og helsefalgig utdanna behandlere.  

Til oss kan ein også søke seg inn som par; vi har tilrettelagte rom for dette formålet. Undervegs i behandlinga vil ein få tilbod om parsamtalar, for å jobbe med det som høyrer parforholdet til. Ellers ynskjer vi at du skal delta i behandlinga på linje med andre i fellesskapet, og ha fokus på deg sjølv og din eigen rehabiliteringssprosess.

Vi er merksame på at kvinner og menn kan ha ulike utfordringar og ulike behov. Dette løyser vi gjennom at kvinner og menn er kvar for seg i nokre grupper. I tillegg bur kvinner og menn i ulik sengefløy, og kvinnene har eiga stove der dei kan trekke seg tilbake ved behov. Ofte er kvinner i mindretal i behandlingsinstitusjonar, noko som gjer at vi treng å vere ekstra påpasselege med å ivareta dei. Det bør her nemnast at miljøterapien ved vår institusjon er utforma på ein slik måte, at det kan vere lettare for kvinner å sette grenser her enn på mange andre institusjonar.

Gjennom heile behandlingsopphaldet er det fokus på å førebu tida etter utskriving. Du arbeider både praktisk og mentalt med bustad og etablering, jobb/utdanning, økonomi, samt behov for oppfølging i heimkommune. For å hjelpe deg med alt dette vert det etablert ei ansvarsgruppe ved innlegging. Her inviterer vi inn alle dei instansane som er viktige for deg, til dømes NAV, rusteam, etc. Gruppa skal vere aktiv gjennom institusjonsopphaldet, og ikkje minst etterpå.

Behandlinga her varer i 6 månader. Den kan forlengast opp til 9 månader dersom det er nødvendig. Dette blir tilpassa kvar enkelt.




Etter

Det er viktig at du får støtte og hjelp når opphaldet ditt her er over. Vi samarbeider med kommunen der du bur for å gi deg den hjelpa du har behov for. Du kan også gjere avtale med oss om å ha ei seng tilgjengeleg her når du har behov for det. Dette avtaler du med kontaktpersonen din.



Kontakt

Molde behandlingssenter Rusbehandling TSB langtids døgn Molde

Kontakt Rusbehandling TSB langtids døgn Molde
En husrekke

Molde behandlingssenter

Glomstuvegen 50

6412 Molde

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Brukarane av Molde behandlingssenter har ei gruppe frivillige brubyggjarar som mellom anna bidreg til nettverksbygging, er kontaktskaparar til eit normalt samfunnsliv, byggjer ned barrierar mot vanleg sosial fungering og medverkar til å gjere krevjande dagar litt enklare. Les meir om gruppa "Veksthusets Venner"

Nyheiter