Betre samhandling med Rusbehandling nasjonalt pasientforløp (TSB)
Les om korleis behandlingstilbodet blir sydd saman for å gi deg eit heilskapleg tilbod.
Poliklinisk behandling inneber utgreiing, vurdering og behandling av avhengigheit til rusmidler, legemideler og spel, utan innlegging. Her kan du få individuelle samtalar og gruppebehandling. Vi ønskjer at du som har behov for poliklinisk tilbod, skal få dette så nær heimstaden din som mogeleg, og i tett samarbeid med kommunen du bur i. Tilbodet er for alle over 18 år som har ein avhengigheit, vi har også eige tilbud til pårørande.
Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har poliklinikk i Molde og Ålesund. Poliklinisk behandling er basis for all anna behandling innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Treng du behandling av avhengigheit til rusmidler, legemiddel og spel, eller er du pårørande til ein med avhengigheitsproblematikk og ønsker behandling? Då må du ta kontakt med fastlegen din eller ruskonsulent i kommuna di slik at det blir sendt ei tilvising til oss. Du kan bli kontakta for samtale før vi avgjer kva type behandling du skal få. Om du får tilbod om poliklinisk behandling vil dette seie at du kjem til timesamtale og dreg heim etter denne samtalen. Du vil få timeinnkalling pr. telefon eller sms og post.
Dersom du er innlagt i ein annan rusinstitusjon og ønsker samtalebehandling når du kjem heim, kan institusjonen du er innlagt i sende tilvising til poliklinisk behandling.