Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seinskader etter strålebehandling mot bekkenområdet

Strålebehandling mot bekkenområdet blir nytta ved behandling av fleire kreftformer. Nokre av pasientane som får slik behandling kan få seinskadar etter behandlinga.

Symptom

Det er ikkje uvanleg at det blir utvikla symptom frå så vel tarm, blære, bekkenskjelett og kjønnsorgan, men kor symptoma frå eitt organ dominerer. Det er heller ikkje uvanleg berre å ha symptom frå eitt organ. Seinskadar etter strålebehandling kan oppstå tidleg – som ei forlenging av akutte strålereaksjonar – eller først gi symptom mange år etter strålinga. Tempoet i utviklinga av seinreaksjonar varierer i stor grad. Tillegg av cellegiftbehandling vil også kunne gi biverknader, men desse blir ikkje omtalte her.

 

Symptom frå stråleskadd tarm varierer avhengig av kva del av tarmen som er ramma. Det kan vere alt frå lette symptom på irritabel tarm til alvorlege tilstandar som tarmslyng, at det går hol på tarmen, fisteldanning, bløding og redusert næringsopptak. Det er relativt vanleg å oppleve gode og dårlege periodar der det er vanskeleg å finne utløysande faktorar for kva som gir dei dårlege periodane med auka symptom.

Det er vanleg å få endra avføringsmønster, og det er oftare diaréplager enn forstopping. Ved diaréplager er det hyppige tømmingar av vassen til grautete avføring. Ikkje sjeldan er det magesmerter i samband med avføringa. Mange som er plaga med slik diaré har det verst om morgonen med fleire, ofte smertefulle, tømmingar dei første timane etter det første måltidet for dagen, før det roar seg litt ut over dagen. Det kan vere sterk avføringstrong slik at personen må springe på toalettet for å unngå ufrivillig avføring. Nokon har varierande grad av inkontinens for avføring. Av og til kan det hende at personar reagerer på matvarer og får diaré og magesmerter.

Somme er plaga med slim og blod i avføringa. Bløding frå stråleskadd tarm kan vere alt frå litt synleg blod på toalettpapiret eller i toalettskåla til kraftige blødingar som krev blodoverføring.

Om veggen i delar av tarmen blir stiv, kan det gi tronge parti, samanvoksingar og dårleg rørsle av tarmen i det ramma området. Både dette og matintoleranse kan gi kolikksmerter.

Ein sjeldan gong blir det utvikla fistlar frå tarm til blære, skjede eller hud. Det vil da leke illeluktande tarminnhald ut frå fistelopninga.

Symptom frå stråleskadd blære varierer avhengig av kva del av blæra som er ramma, det vere seg blærevegg eller lukkemuskel. Det kan vere alt frå lette symptom i form av hyppig vasslating til stor bløding frå blærevegg med koageldanningar som gjer at ein ikkje får late vatnet. Blæreveggen kan skrumpe og bli stivare og rommar da eit mindre volum enn før.

Vasslatingsforstyrringar kan komme i form av hyppig vasslating og ikkje sjeldan sterk vasslatingstrong som gjer at ein må springe til toalettet for å unngå ufrivillig vasslating. Nokon må opp og late vatnet fleire gonger om natta. Inkontinens for urin kan førekomme i varierande grad. Andre er plaga med samanvoksingar, som gir problem med å tømme blæra. Nokon opplever blærespasmar og smerter ved vasslating.

Ein del opplever å få hyppige urinvegsinfeksjonar, noko som også kan gi smerter.

Somme blør frå blæreslimhinna i varierande grad. Det kan vere alt frå at ein ser at urinen er litt raudfarga til stor bløding frå blærevegg med koageldanningar som tettar til blærehalsen og gjer at ein ikkje får late vatnet. Dette vil medføre svær blærespreng og krev innlegging av kateter. I nokre tilfelle vil slik bløding vere så stor at det er behov for blodoverføring.

Ein sjeldan gong blir det utvikla fistlar frå blære til tarm, skjede eller hud. Det vil da leke urin ut frå fistelopninga.

Spesielt etter høgdose strålebehandling mot bekkenet, kan ein over tid utvikle mikrobrot i skjelettstrukturane i bekkenringen. Symptom på dette er smerter ved belastning og redusert gangdistanse. Nokon har smerter når dei skiftar stilling i senga, når dei sit lenge og når dei skal sette seg i eller reise seg frå ein stol.

Kvinner som har blitt bestrålte med bekkenfelt kan utvikle såre og tørre slimhinner i skjeden, av og til med smertefulle sprekkdanningar eller lettblødande sår i slimhinna. Skjeden kan bli stiv og trong og gi smerter ved samleie. Dersom eggstokkane har blitt bestrålte, kjem kvinna i overgangsalder og vil ikkje lenger kunne få barn.

Menn som har blitt bestrålte med bekkenfelt kan få problem med å få reisning. Ved låge strålefelt som affiserer testiklane, kan dei produsere for lite testosteron, noko som kan gi trøyttleik, lite energi og låg sexlyst. Det er høg risiko for at ein kan bli steril.

Dersom det oppstår sår i hudområde som er stråla, kan det bli problem med heilinga. Det kan bli kroniske sår eller gjentatte sårdanningar i huda. Vanlegaste lokalisasjonar er i mellomkjøttet, rundt endetarmsopninga og rundt skjedeopninga. Smerter ved toalettbesøk og smerter når ein sit er vanleg. Området kan også vere meir utsett for hudinfeksjon, «rosen».

Dersom lymfeårar blir øydelagde av stråling og/eller kirurgi, kan det bli sett ned transportkapasitet for lymfevæske og det oppstår lymfødem i området. Det viser seg som hevelse i vevet i nedre del av buk, ytre kjønnsorgan, lyskar eller i beina og det kan gi ei sprengande kjensle og gi nedsett rørsle i området. Huda kan bli blank og spent. Område med lymfødem er meir utsette for hudinfeksjon («rosen»).

Stråle- og cellegiftbehandling kan utløyse fatigue, som er ei vedvarande oppleving av fysisk, emosjonell eller kognitiv trøyttleik eller utmatting som ikkje står i forhold til daglege aktivitetar og som hindrar dagleg funksjon. Det er vanleg med noka grad av fatigue, men uttalte former er meir sjeldne. Symptom og førekomst aukar med alderen og omfanget av behandling.

Rundt ein tredel av kreftoverlevere lever med fatigue i kvardagen. Det fører ofte til inaktivitet, noko som gir redusert muskelmasse som igjen bidrar til mindre aktivitet. Mange med fatigue opplever den som eit stort hinder for sosialt liv og arbeidsliv.

Utgreiing

Utgreiing ved seinskadar etter strålebehandling med bekkenfelt

Utgreiinga vil avhenge av kva symptom ein har. Det er ønskeleg å få kartlagt symptom frå alle bekkenorgana i eit tverrfagleg samarbeid mellom fleire spesialistar og at desse koordinerer tiltaka.

Utgreiing av symptom frå tarm

Utgreiinga skjer i samarbeid mellom gastroenterolog/gastrokirurg og klinisk ernæringsfysiolog. Tarmslimhinna blir greidd ut med endoskopi der det blir gjort ei vurdering av om det er synlege teikn til stråleskade på slimhinna, om det er sår eller blødande område og om det er stive parti eller om noko har vakse saman.

I nokre tilfelle blir bildediagnostikk gjord for å vurdere tarmvegg og førekomst av tronge parti i større delar av tarmen. Bildediagnostikk er også ledd i utgreiing av fistlar. Ein sjeldan gong blir det gjord ei vurdering av tynntarmen ved at ein svelger ein kapsel med eit lite kamera i som tar bilde mens han passerer gjennom tarmen. Det blir tatt blodprøver ved utgreiing av mangeltilstandar/dårleg næringsopptak. Ved mistanke om bakteriell overvekst i tarmen, kan det takast pusteprøver.

Utgreiing av symptom frå blære

Dette er eit samarbeid mellom urolog og uroterapaut. Registrering av blæretømmingar over ein viss periode er nyttig. Blæreslimhinna blir greidd ut med cystoskopi der det blir gjort ei vurdering av om det er synlege teikn til stråleskade av slimhinna, om det er sår eller blødande område. Urodynamisk undersøking vil avdekke om blæreveggen har blitt stiv slik at volumet i blæra har blitt mindre. Ein kan måle grad av urinlekkasje. Dyrkingsprøve frå urin vil avdekke om det ligg føre infeksjon. Ved utgreiing av fistlar vil det gjerast bildediagnostikk.

Utgreiing av symptom frå skjelettet i bekkenringen

Denne utgreiinga kan skje i regi av alle spesialistar som har med stråleskadar i bekkenet å gjere, og dessutan ortoped. Det blir tatt MR av bekkenskjelettet og det er viktig at spesialist i radiologi med erfaring med stråleskadar vurderer bilda.

Utgreiing av symptom frå kvinnelege kjønnsorgan

Utgreiinga skjer hos gynekolog. Det vil bli gjort ei gynekologisk undersøking, eventuelt med bedøving om det er store smerteplager frå området. Ved uønskt barnløyse kan ein få utgreiing og rettleiing på infertilitetsklinikk.

Utgreiing av symptom frå mannlege kjønnsorgan

Blir gjort hos urolog. Det kan takast blodprøver for avgjerd av hormonproduksjon. Ved uønskt barnløyse kan ein få utgreiing og rettleiing på Infertilitetsklinikk.

Utgreiing av symptom frå huda i bestrålt område

Denne kan skje i regi av alle spesialistar som har med stråleskadar i bekkenet å gjere, og dessutan hudlege.

Utgreiing av lymfødem

Utgreiinga skjer oftast på det senteret i spesialisthelsetenesta der kreften blei behandla. Fysioterapeut med spesialkompetanse i onkologi og lymfologi kan bidra i utgreiinga.

Utgreiing av fatigue

Alle spesialistar som behandlar stråleskadar i bekkenet kan gjere slik utgreiing.

Behandling

 

Ved diaré bør pasienten få kosthaldsrettleiing og oppfølging frå klinisk ernæringsfysiolog med erfaring med stråleskadd tarm. Ein kan prøve romoppfyllande preparat som skal gjere avføringa fastare. Effekten er avhengig av tilstrekkeleg væskeinntak og kjem først etter nokre dagar. Vi-Siblin 1–3 dosar/dag kan prøvast. Ikkje sjeldan må det nyttast stoppande medikament: Loperamid 1–2 tablettar om gongen og inntil 8 tablettar/døgn.

Ved manglande effekt, eller i spesielle tilfelle som lange, interkontinentale flygingar der pasienten elles ville avstå frå å ete i frykt for symptom: Opiumdropar 5–10 dropar x 2–3 per døgn.

Ved kroniske diaréplager kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og med det betre funksjonen til dei delane av tarmen der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten færre tømmingar, litt meir forma avføring og at dei klarer å halde noko lenger på avføringa. Kirurgi med utlegging av tarm er ei mogleg løysing om ein ikkje kjem til mål med andre tiltak, men kirurgi i bestrålt vev er prega av fleire komplikasjonar enn ved kirurgi i ikkje-bestrålt vev.

Ved symptom frå auka danning av gass, bør pasienten få kosthaldsrettleiing og oppfølging frå klinisk ernæringsfysiolog med erfaring med stråleskadd tarm. Det kan gjerast forsøk med Minifom 1 kapsel 3–4 gonger dagleg.

Ved bløding frå tarm kan ein, avhengig av alvorsgrada til blødinga, prøve behandling med sukralfatklyster, Metronidazolkur over fire veker og laserkoagulasjon. Om blodprosenten fell for mykje, må pasienten få blodoverføring.

Ved vedvarande plager med bløding kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar som ikkje sprekk like lett som dei skadde blodårane. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten reduksjon av eller opphøyr av bløding. Det er vanleg at pasientane blør litt meir dei første vekene av behandlinga og at den deretter minkar gradvis.

Sterk tømmingstrong, inkontinens og problem med å tømme tarmen skikkeleg kan prøvast behandla med normalisering av avføringskonsistens (sjå behandling av diaré), bekkenbotnstrening – eventuelt med elektrostimulering av lukkemuskelen i regi av spesialfysioterapeut, og analpropp. Skyljing av endetarmen kan prøvast ved forstopping og problem med å tømme tarmen skikkeleg. Opplæring skjer ved inkontinenssjukepleiar. Utstyr og hjelpemiddel til behandling av inkontinens kan søkast refundert på blå resept.

Ved vedvarande problem med sterk tømmingstrong og inkontinens kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og med det betre funksjonen til dei delane av tarmen der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten færre tømmingar, litt meir forma avføring og at dei klarer å halde noko lenger på avføringa. Kirurgi med utlegging av tarm er ei mogleg løysing om ein ikkje kjem til mål med andre tiltak, men kirurgi i bestrålt vev er prega av fleire komplikasjonar enn ved kirurgi i ikkje-bestrålt vev.

Ved ernæringsproblem og vekttap, kan det søkast om refusjon av ulike former for næringstilskot på blå resept. Ved kroniske ernæringsutfordringar med årsak i stråleskadar på tarm kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og med det betre funksjonen til dei delane av tarmen der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten at dei toler fleire matvarer og at vekta aukar. Nokon kan slutte med næringstilskot.

Fistlar til kvinnelege kjønnsorgan blir behandla ved Nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar ved Haukeland universitetssjukehus. Andre fistlar blir behandla av gastrokirurg eller eit bekkenbotns-team. Det kan gjerast forsøk på konservativ behandling med skyljing av fistelen for å prøve å få han til å gro av seg sjølv. Av og til blir dette kombinert med å legge ut tarmen ein periode for å la det tarmsegmentet der fistelen er, få litt fred. Slik avlastande stomi blir også nytta i ein del tilfelle ved planlagd kirurgisk lukking av fistelen. Ved nokre senter blir det sett inn feittransplantat i fistelgangen for å få han til å lukke seg.

Dersom det er vanskeleg å få behandla fistelen, kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for fire vekers forbehandling i trykkammer. Ein ventar så seks til åtte veker på effekt av behandlinga før det kirurgiske inngrepet blir gjennomført. Det kan eventuelt planleggast med to vekers etterbehandling raskt etter kirurgi òg, for å avhjelpe tilhelingen etter inngrepet.

Smerter ved vasslating kan forsøkast å behandle med antiflogistika.

Hyppige urinvegsinfeksjonar hos kvinner kan forsøkast å behandle lokalt med østrogen.

Ved problem med å tømme blæra, kan det givast opplæring i selvkateterisering med eingongskateter.

Ved påvist stråleskadd blære og vedvarande hyppig vasslating med/utan smerter og eventuelle hyppige urinvegsinfeksjonar og ved inkontinens, kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og med det betre funksjonen til dei delane av blære og blærehals der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten mindre hyppig vasslating på dag og natt, mindre smerter ved vasslating og sjeldnare urinvegsinfeksjonar. Dersom hyppig vasslating er forårsaka av stiv og skrumpen blære, vil ikkje hyperbar oksygenbehandling hjelpe, og det er få behandlingsalternativ. Nokon kan vere hjelpte med permanent kateter.

Bløding frå blæra kan prøvast behandla med elektrokoagulasjon eller gjentatt instilleringer av hyaluronsyre (Cystistat) i blæra. Ved kraftig bløding med koageldanning som stoppar til blærehalsen, må blæra skyljast og ein må eventuelt fjerne koagel med cystoskop. I uttalte tilfelle må pasienten ligge på sjukehus med gjennomskyll av blæra i fleire dagar og eventuelt få blodoverføring om blodprosenten blir for låg.

Ved vedvarande bløding som plagar pasienten, kan hen visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar som ikkje sprekk like lett som dei skadde blodårane. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten reduksjon av eller opphøyr av bløding. Det er vanleg at pasientane blør litt meir dei første vekene av behandlinga og at den deretter minkar gradvis. Dette er ikkje ei akuttbehandling, effekt av behandlinga kjem først 6–8 veker etter avslutta behandlingsserie.

Fistlar til kvinnelege kjønnsorgan blir behandla ved Nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar ved Haukeland universitetssjukehus. Andre fistlar frå urinvegane blir behandla av urolog, gastrokirurg eller bekkenbotns-team. Det kan gjerast forsøk på konservativ behandling med skyljing av fistelen for å prøve å få han til å gro av seg sjølv. Av og til blir dette kombinert med å legge nyrebekkenkateter (pyelostomi) eller blærekatetar ein periode for å la den delen av urinvegane der fistelen er, få litt fred. Slikt avlastande kateter blir også nytta i ein del tilfelle ved planlagd kirurgisk lukking av fistelen. Ved nokre senter blir det sett inn feittransplantat i fistelgangen for å få han til å lukke seg.

Dersom det er vanskeleg å få behandla fistelen, kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for fire vekers forbehandling i trykkammer. Ein ventar så seks til åtte veker på effekt av behandlinga før det kirurgiske inngrepet blir gjennomført. Det kan eventuelt planleggast med to vekers etterbehandling raskt etter kirurgi også for å avhjelpe tilhelingen etter inngrepet.

Ved uoverstigelege problem frå stråleskadd blære, kan blæra fjernast og ein del av tarmen brukast til å lage eit nytt urinreservoir. Avhengig av operasjonsmetode vil urinen renne ut i ein pose på magen eller tømmast via eit kateter.

Ved vedvarande symptom på mikrobrot i bestrålt bekkenskjelett kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og med det betre moglegheita til å heile i dei delane av skjelettet der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten reduksjon i smerter og lengre gangdistanse.

Det blir anbefalt at seksuallivet blir tatt opp att så snart pasienten kjenner seg klar for det, likevel kan dette for ein del pasientar vere utfordrande på bakgrunn av både fysiske og psykiske endringar. Hjelp frå sexolog kan vere indisert. Vaginal dilatator blir anbefalt for å motverke sammenvoksingar og stivleik i skjeden. Seksualtekniske hjelpemiddel kan fåast på rekvisisjon til Rikstrygdeverket. Dei tilsette på stader som sel sexleiketøy har god oversikt over ulike typar glidemiddel og tiltak for å auke sexlyst.

Lokalbehandling med østrogenvagitorier/-krem kan prøvast. Dette blir ikkje refundert av blåreseptordninga. Hormonfri gel eller vagitorier for behandling av tørrheit i skjeden finst og kan vere aktuelle for pasientar der østrogenbehandling ikkje er ønskeleg.

Behandling med lokalbedøvande krem blir nytta i sjeldne tilfelle.

Ved vedvarande symptom på sårheit/sår i bestrålt skjede kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og dermed betre tilhelingsmuligheten i dei delane av skjeden der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten reduksjon i smerter og sårheit og ein sjeldan gong at vevet blir litt mjukare.

Ved plagsame symptom på overgangsalder kan det vurderast å gi hormon i ein periode dersom dette ikkje er frårådd i forhold til kreftsjukdommen. Om strålebehandlinga har medført sterilitet, vil kvinna kunne få rettleiing på infertilitetsklinikk.

I samråd med urolog eller endokrinolog kan det prøvast behandling med testosterongel, eventuelt testosteronsprøytar hos dei mennene der ein måler låge testosteronnivå.

Ved manglande evne til å få reisning kan ein prøve tablettbehandling før planlagd seksuell aktivitet. Dette har ikkje effekt dersom årsaka er nerveskade etter kirurgi. Eit alternativ er å sette ei sprøyte i svamplekamen på penis før planlagd seksuell aktivitet. Vakuumpumpe kan også prøvast.

Om ein ikkje oppnår tilfredsstillande effekt av andre tiltak, er det mogleg å operere inn eit oppblåsbart implantat i penis og ei pumpe (vanlegvis i pungen) som gjer at pasienten sjølv kan regulere om penis skal vere hard eller mjuk. Det er urologar som gjennomfører denne operasjonen. Operasjonar i bestrålt vev kan gi større risiko for komplikasjonar enn operasjonar i ikkje-bestrålte vev.

Vask i området må skje med stor aktsemd og det bør nyttast flytande såpe av typen «intimsåpe» som har låg pH. Lufttørking, eventuelt med hårføhner på låg varme, er å føretrekke framfor å gni vevet. Bruk i tilfelle eit reint handkle og tørk varsamt.

Det vil vere nyttig å prøve lokalbehandling med barrierekrem som ved inkontinens. Barrierekrem kan trekke inn i huda og legg seg også som ein vernande film på overflata.

Om barrierekrem ikkje er aktuelt eller ikkje fungerer godt, kan ein prøve seg fram med ulike typar fuktkrem eller olje. Det kan vere at nokon reagerer på parfyme eller tilsetningsstoff i kremane og da er det mogleg å få rettleiing på apoteket om kremar utan slike tilsetningar.

Får du hudinfeksjon (rosen) i bestrålt vev må du oppsøke lege for antibiotikabehandling.

Nokon som er plaga med stråleskadd hud i dette området finn hjelp i å installere toalett som spyler og lufttørkar huda etter toalettbesøk slik at ein unngår friksjon frå tørk med toalettpapir. Dette er spesielt eigna for dei som i tillegg til å ha eit hudproblem har stråleskadd tarm og har hyppig avføring.

Ved vedvarande symptom på sår i bestrålt hud etter strålebehandling i bekkenet, kan pasienten visast til Nasjonal behandlingsteneste for planlagd hyperbar oksygenbehandling ved Haukeland universitetssjukehus for seks vekers behandling i trykkammer. Formålet med behandlinga er å stimulere til innvekst av nye hårrørsårar og med det betre tilhelingsmuligheten i dei delane av huda der cellene får for lite oksygen. Ved effekt av behandlinga opplever pasienten reduksjon i smerter og sårheit og at dei får sjeldnare infeksjonar i huda.

Det er viktig å førebygge hudinfeksjonar med god personleg hygiene, halde huda mjuk og unngå sårdanningar. Huda bør vaskast med flytande parfymefri såpe med låg pH (intimsåpe). Det er viktig å finne ein fuktkrem som passar huda og ikkje gir hudreaksjonar. Fysisk aktivitet er anbefalt. Ved overvekt, vil vektreduksjon kunne redusere lymfødemet.

Lymfødem i nedre del av buk, kjønnsorgan, lyskar og i beina blir behandla av fysioterapeut med spesialkompetanse i onkologi og lymfologi. Du finn oversikt over slike fysioterapeutar her:

Fysioterapeutliste – NLLF

Målet med behandlinga er auka livskvalitet og eigenmeistring. Fysioterapeuten hjelper til med kompresjon og øvingar, og dessutan råd om hudpleie, fysisk aktivitet og vektkontroll. Nokon kan ha nytte av ein pulsator i kombinasjon med anna behandling. Spesialfysioterapeut kan søke helseføretak i regionen sin om kompresjonsutstyr og pulsator for pasienten. Behandlinga kan dempe ubehag og sprengkjensle. Det er viktig å komme raskt i gang med behandling for å redusere plagene og unngå komplikasjonar. Målet er å redusere lymfødemet mest mogleg og halde det i sjakk for å unngå at det utviklar seg. Behandlinga blir tilpassa individuelt. Det er vanleg å måtte ha langvarig oppfølging.

Mange rehabiliteringsinstitusjonar som har tilbod til kreftoverlevere tilbyr også kurs for pasientar med lymfødem. For oversikt over slike, sjå Regionale koordinerande eining (RKE) i helseregionen din, eller ring Nasjonal informasjonstelefon for Rehabilitering 80030061.

Fatigue bør behandlast med årsaksretta tiltak dersom utgreiing har avdekt utløysande årsaker. Pasienttilpassa fysisk aktivitet og tilpassa aerob trening med fysioterapeut kan gi betring, og pilates/yogaøvingar kan prøvast. Pasienten bør lærast opp i energiøkonomisering og å regulere eigen aktivitet etter energinivå. Korte treningsøkter og låg intensitet er viktig, i tillegg til restitusjon.

Psykososial støtte og opplæring i meistringsstrategiar er vesentleg. God nattesøvn like så. Tilvising til kognitiv åtferdsterapi kan vurderast. Lærings- og meistringssenter/ Vardesentre har kurs om fatigue, og det er tilbod til pasientar med kronisk fatigue ved nokre rehabiliteringsinstitusjonar. For oversikt over slike rehabiliteringsinstitusjonar, sjå Regionale koordinerande eining (RKE) i helseregionen din, eller ring Nasjonal informasjonstelefon for Rehabilitering 80030061.

For mange med fatigue vil det vere ei utfordring å komme tilbake i arbeid og det kan vere behov for opptrening, tilrettelegging på arbeidsplassen eller arbeidsretta rehabilitering. Både NAV og sjukehus har ulike tilbod, og arbeidsgivarar har tilretteleggingsplikt. Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering ligg under Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland og har arbeidsretta tilbod.

I tillegg til tilbod om behandling av fatigue, lymfødem, utfordringar med sexliv og ernæringsproblem, har mange rehabiliteringssenter tilbod om avspenning, meistring, samtale med sosionom og arbeidskonsulent. For oversikt over slike rehabiliteringsinstitusjonar, sjå Regional koordinerande eining (RKE) i helseregionen din, eller ring Nasjonal informasjonstelefon for Rehabilitering 80030061.

Sist faglig oppdatert 13.12.2021

Kontakt

Ålesund sjukehus Stråleterapien, Ålesund

Kontakt Stråleterapien, Ålesund

Oppmøtestad

Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga, eit eige bygg sør for Ålesund sjukehus. 

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Opningstider Stråleterapien

  • I dag 08:00 - 15:30

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.