Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling – pustestyrt

Pustestyrt strålebehandling er ein teknikk som blir brukt for å skåne hjartet og lungene mest mogleg ved stråling eller for å halde området i ro dersom det blir påverka av pusterørslene. Behandlinga krev at du øver deg på pusteteknikken som blir brukt, før sjølve strålebehandlinga.

Om teknikken

Ved strålebehandling er det viktig å bestråle det området som skal behandlast, samtidig som bestrålinga blir redusert mest mogleg til friske organ i nærleiken, for eksempel hjarte og lunger. Når du tar eit djupt innpust, aukar lungevolumet. Det gjer at sjølve hjartet kjem lengre unna dei strålefeltane vi vil nytte i samband med spesielt venstresidig brystkreft.

Dette kan også medføre at ein mindre prosentdel av lunga blir liggande i strålefeltet. Teknikken blir også brukt i nokre tilfelle der vi ønsker å halde i ro det området som skal behandlast, dersom området blir påverka av pusterørslene dine. Dette inneber at du held pusten i fleire korte periodar under behandlinga.

Vi tar CT-bilde for å planlegge strålebehandling. Når du møter til CT, vil personale gå gjennom pusteøvinga beskrive i avsnittet «Øvingar for pustestyrt strålebehandling». Denne pusteteknikken blir brukt ved alle ledd i strålebehandlinga, det vil seie ved CT-undersøkinga og på behandlingsmaskina.

Teknikken verkar slik at strålebehandlinga stoppar opp når du slepper pusten ut eller pustar på ein annan måte enn planlagt. Om du ikkje klarer å halde pusten slik det er planlagt, vil dette derfor ikkje medføre nokon feil i strålebehandlinga. Det vil alltid vere personale til stades som kan rettleie deg i pustinga slik at behandlinga kan fortsette som før.

Før

Under

Kontakt

Ålesund sjukehus Stråleterapien, Ålesund

Kontakt Stråleterapien, Ålesund

Oppmøtestad

Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga.
Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Opningstider Stråleterapien

  • I dag 08:00 - 15:30

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 

Ny hovudinngang frå 1. oktober 2025

Hovudinngangen til sjukehuset er flytta frå sørsida til nordsida. Sjå punkt 1 på kartet. Merk at gamle hovudinngangen er stengt frå same tidspunkt. 

Kart over sjukehusområdet
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Lys blå markering: Korttidsparkering, maks 30 minutt.
Oransje markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Mørk blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.