Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling av brystkreft etter operasjon

Strålebehandling kan vere aktuelt som ei tilleggsbehandling etter brystkreftoperasjonen. Målet for behandlinga er å fjerne eventuelle gjenverande kreftceller i brystet, brystveggen og/eller i lymfeknutar.

Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane  vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.

 

Før du startar med strålebehandlinga blir du innkalla til CT-undersøking der vi tar bilde av den delen av kroppen din som vi skal bestråle. CT-bilda bruker vi til å lage ein individuelt tilpassa strålebehandlingsplan (doseplan) for deg. 

Dersom det blir bestemt at du skal ha pustestyrt strålebehandling, vil du få grundig opplæring og øving i dette før CT-undersøkinga. 

Det er viktig at du ligg på same måte ved CT-undersøkinga og ved kvar strålebehandling. Derfor bruker vi armstøtter og spesialputer slik at heile kroppen din ligg stabilt. I tillegg teiknar vi inn innstillingsmerke med tusj på huda di. Ver varsam med teikningane!  

CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga. 

Det er viktig at huda er tørr og rein før strålebehandlinga. Ikkje smør salve på huda i strålefeltet før stråling. Vi frårår karbad/symjehall under behandlinga og så lenge det er reaksjon i huda. Vatn frå badekar blir raskt forureina. Klor kan irritere og tørke ut huda.   

For å irritere huda minst mogleg bør du: 

  • Bruke lunka vatn og lågt trykk på dusjen. Ikkje skrubbe eller gni. 
  • Bruke uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe. 
  • Klappe huda tørr eller lufttørke. 
  • Ved behov for barbering i strålefeltet bør du bruke barbermaskin, ikkje barberhøvel. 

Vi anbefaler på det sterkaste at du sluttar å røyke, fordi: 

  • røyking gir mindre oksygentilførsel til svulsten og reduserer dermed effekten av strålebehandlinga. 
  • røyking aukar risikoen for å utvikle lungekreft, og røyking etter avslutta strålebehandling aukar denne risikoen ytterlegare. 
  • røyking aukar risikoen for å utvikle enkelte biverknader av strålebehandling. 

Under

Kvar behandling varer i cirka 10–30 minutt. Mesteparten av tida bruker vi til å stille inn strålefelta. Sjølve strålinga varer berre nokre få minutt og er heilt smertefri. Det er viktig at du ligg heilt stille mens behandlinga skjer. 

Nokon får strålebehandling berre mot brystet/brystveggen, mens andre i tillegg får strålebehandling mot nærliggande lymfeknutar (i armhole / langs sida av brystbeinet / rundt kragebeinet). 

Vanlegvis gir vi 5 eller 15 strålebehandlingar. Dette kjem an på alder og kor omfattande kreftsjukdomen er. 

Du skal ha strålebehandling éin gong per dag på kvardagar. For å oppnå optimal effekt av behandlinga er det viktig at du møter til kvar strålebehandling.

Det er fullt mogleg å ta med pårørande undervegs i behandlinga. Du representerer ikkje strålefare for omgivnadane dine og kan omgås andre akkurat som før.

 

Strålane som blir gitt ved strålebehandling kan samanliknast med strålane frå eit røntgenapparat, skilnaden er at dei har høgare energi. Ved strålebehandling blir cellene si evne til å dele seg påverka, slik at ein kreftsvulst vil kunne slutte å vekse, skrumpe inn og forsvinne. Stråling kan fjerne restar etter svulstvev som ikkje let seg fjerne ved operasjon, og kan og skrumpe inn ein svulst slik at han seinare kan fjernast kirurgisk. 

Normalt vev har større toleranse for stråling enn svulstvev og har dermed betre evne til å reparere dei skadane som stråling medfører. Ved å dele opp den totale stråledosen i daglege doser blir denne effekten forsterka og gir normalt vev tid til reparasjon mellom kvar behandling. 

 

Væskeinntak

Det er viktig å drikke godt under strålebehandlinga. Dette hjelper kroppen til å skilje ut avfallsstoff. Du bør drikke 1,5-2 liter om dagen.

 

Pustestyrt strålebehandling 

Pustestyrt strålebehandling er ein behandlingsteknikk som vi bruker for å redusere stråledosen til hjartet, og er derfor mest aktuell etter operasjon for venstresidig brystkreft. Strålebehandlinga blir da gitt mens du held pusten, og vi avbryt behandlinga kvar gong du har behov for å puste igjen. 

Les meir om pustestyrt strålebehandling

 

Du vil få kontrollar undervegs i strålebehandlinga. Du skal ta blodprøver nokre dagar før desse kontrollane. Oppstår det noko mellom desse kontrollane, ta kontakt med stråleterapeutane.

Etter

Etter avslutta kreftbehandling vil dei fleste bli tilvist til vidare oppfølging ved lokalsjukehuset sitt, eller det sjukehuset der dei blei opererte. 

Kontroll

Du vil få kontrollar undervegs i strålebehandlinga. Du skal ta blodprøver nokre dagar før desse kontrollane. Oppstår det noko mellom desse kontrollane, ta kontakt med stråleterapeutane. 

Både kreftsjukdomen og behandlinga kan påverke seksuallivet, anten på grunn av fysiske endringar i kroppen, psykiske belastningar eller ein kombinasjon av desse. Sjukepleiar eller lege kan vise vidare til samtale med sexolog for dei som treng det. 

Fleire ressursar for informasjon om kreft og seksualitet 

  • Kreftlinjen til Kreftforeningen med spesialsjukepleiarar og rådgivarar på telefon 80 05 73 38
  • Kreftlinjen sine spesialsjukepleiarar og rådgivarar på nettprat
  • Sexologisk rådgivar ved Vardesenteret. Bestill gratis time på telefon 97 40 04 40 

Biverknader 

Dei fleste toler strålebehandlinga svært godt, alvorlege biverknader er svært sjeldne. Biverknader kan oppstå i perioden du får strålebehandling eller månader til år etter at strålebehandlinga er avslutta. 

For å tole behandlinga best mogleg er det viktig å få i seg nok næring og drikke. Har du problem med dette kan næringsdrikker vere eit viktig supplement for å hindre vekttap. Næringsdrikker kan du kjøpe på apoteket og ved poliklinikken/dagposten kan du få hjelp til å søke om refusjon av utgifter til næringsdrikker. 

Trøttleik 

Du kan kjenne deg meir trøytt og slapp enn elles og ha eit auka søvnbehov, men du kan leve som før og arbeide som vanleg dersom du er i form til det. Sørg for nok kvile, men ta gjerne ein tur i frisk luft og hald deg i lett aktivitet. Det viktig at du får i deg nok næring og drikke. Trøyttleiken går vanlegvis over nokre veker etter at strålebehandlinga er avslutta. 

Hårtap i behandlingsområdet 

Hår i behandlingsområdet vil ofte falle av etter to til tre veker. Om håret veks ut igjen, er avhengig av kor høg stråledose hårrøtene får. 

Hudreaksjonar 

Strålereaksjonar i huda (liknar solbrentheit) kan oppstå innanfor det området som får strålebehandling, men vanlegvis ikkje før etter cirka 2–3 veker. Hudreaksjonar kan halde fram og/eller auke i 2–3 veker etter at strålebehandlinga er avslutta. 

Ta kontakt med behandlingspersonalet dersom du opplever strålereaksjonar i huda. 

For å lindre ubehag, kan du smørje det bestrålte området etter behandling med for eksempel blå Apobase krem med 30 prosent feittinnhald, Decubal body lotion eller A-Derma Exomega lotion som alle kan kjøpast på apotek. 

Omslag med fysiologisk saltvatn kan også ha ein lindrande verknad. Mild kortisonkrem (for eksempel Hydrokortison® 1 %) kan brukast ved kløe/irritasjon etter avtale med personalet. 

Sårdanningar i huda er sjeldne, men førekjem, og krev oppfølging av helsepersonell. Dersom det utviklar seg sårdanning som væskar og/eller vond lukt etter at strålebehandlinga er avslutta, tar du kontakt med fastlegen.

Unngå å utsette huda for unødige irritasjonar. Det kan bidra til å førebygge utvikling og/eller forverring av strålereaksjonar i huda: 

  • Du kan dusje som normalt i behandlingsperioden, men bruk uparfymert såpe som for eksempel Neutrogena eller Lactacyd (blir fått kjøpt på apotek). Huda som blir bestrålt bør ikkje frotterast, men bli klappa tørr. 
  • Unngå å bruke produkt som er parfymerte eller inneheld metall innanfor behandlingsområdet (for eksempel deodorant, parfyme, såpe eller krem/salve) Dersom du ønsker det kan du bruke ein mild og uparfymert deodorant dersom huda i armhola ikkje er irritert, men unngå bruk av deodorant ved hudreaksjon i armhola. Bruk barbermaskin dersom du ønsker å barbere armhola eller andre stader med hår innanfor området som får strålebehandling – unngå høvel, hårfjerningskrem eller voks. 
  • Klede som dekker området som er strålebehandla bør vere skånsame mot huda. Bruk gjerne laustsittande overdelar (T-skjorter, genserar) av mjuk naturfiber, som for eksempel bomull, slik at huda blir lufta og held seg tørr. Dersom du bruker BH kan du halde fram med det, så lenge den ikkje strammar. 
  • Kvinner som får strålebehandling mot brystveggen, bør unngå å bruke silikonprotese (innlegg i BH) i behandlingsperioden. Bomullsprotesar er meir skånsame mot huda, så det kan du bruke. 
  • Unngå bruk bandasjer og tape med lim i behandlingsområdet. Ved behov kan du bruke sjølvheftande bandasjar, som for eksempel silikonbandasjer og silikontape i samråd med avdelinga.

Fortsett tiltaka for å førebygge og lindre strålereaksjonar i huda inntil desse har gått tilbake. Det kan ta opptil seks veker etter at strålebehandlinga er avslutta. 

Unngå soling 

  • Du skal ikkje ha sol på det bestrålte området i den perioden du får strålebehandling. 
  • Dei to første åra etter strålebehandling må du dekke til området med farga tekstil og/eller smørje med solkrem med høg vernefaktor (faktor 30 eller høgare).

Svelgevanskar og vekttap 

Enkelte som får strålebehandlingar mot lymfeknutar nær kragebeinet kan oppleve svelgevanskar dersom matrøyret er innanfor behandlingsområdet. Årsaka er at slimhinner i matrøyrveggen kan bli tørre og såre. Dette kan igjen føre til at du får nedsett matlyst og vekttap. 

Smerter ved svelging kan du lindre med Paracet brusetablettar. Det kan også vere aktuelt med smertestillande medikament forordna av lege. 

Betennelse i lunge utløyst av strålebehandling 

I sjeldne tilfelle kan det oppstå betennelse i lungevev utløyst av strålebehandling med symptom som tørrhoste, tungpust og eventuelt feber. Ein slik betennelse kan oppstå mens du er i behandling eller inntil eitt år etter at strålebehandlinga er avslutta. 

Tilstanden må behandlast med medikament forordna av lege. Vedvarande hoste skal derfor undersøkast av lege ved poliklinikken på kreftavdelinga dersom du er under behandling. Oppstår symptom på ein slik betennelse etter at behandlinga er avslutta, skal du kontakte fastlegen din for rask avklaring. 

Unngå røyking og drikk rikeleg med væske. 

Det er svært sjeldan at du utviklar alvorlege biverknader som oppstår månader til mange år etter avslutta behandling, med dagens strålebehandlingsteknikkar. Biverknader som hjartesvikt, hjartekrampe (angina) og hjarteinfarkt kan oppstå ved bestråling av venstre bryst, men førekjem sjeldan. 

Det kan danne seg fibrose (arrdanning) i lungevevet, men i ei grad som sjeldan verkar hemmande i kvardagen. Røyking aukar risikoen for å utvikle sjukdommar i både hjarte og lunger og vil også gi auka risiko for å utvikle lungekreft etter strålebehandling. 

I huda 

Huda kan bli hard og stiv. Det kan danne seg små, mørke pigmentflekkar og tynne, raude striper i huda (teleangiektasi). Huda kan også bli mørkare og raudare enn normalt. Biverknader frå huda er ikkje farlege, men kan vere kosmetisk skjemmande. 

Langtidsbiverknader i huda vil ofte vere knytte til grada av akutte biverknader i huda og soleksponering under og i etterkant av strålebehandlinga. Sjå også kapittel «Hudreaksjonar» for meir informasjon om førebygging av langtidsbiverknader i huda og forholdsreglar for soleksponering. 

Lymfødem 

Lymfødem i arm oppstår fortrinnsvis hos dei som har fått fjerne mange lymfeknutar i armhola og deretter fått strålebehandling mot armhola. Vi kan lindre lymfødem gjennom lymfedrenasje og bandasjering av armen. Dette må bli gjort av ein kvalifisert fysioterapeut. 

Ribbeinsbrot 

Ribbeinsbrot er relativt sjeldan, men kan oppstå og da gjerne hos dei som også har beinskjørheit. 

Fatigue 

Nokre pasientar kjenner uttalt trøyttleik, slappheit og kraftig nedsett arbeidskapasitet også etter at strålebehandlinga er avslutta. Dette er vanlegast hos pasientar som har fått cellegift før strålebehandlinga. 

Det finst ingen god dokumentasjon for effektive tiltak mot denne tilstanden, men nokon meiner at regelmessig mosjon/trening er den beste behandlinga. Vi oppfordrar derfor til regelmessig mosjon og fysisk aktivitet. Du kan få tilvising til eit rehabiliteringssenter dersom du ønsker dette etter avslutta kreftbehandling. 

Sist faglig oppdatert 19.09.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Stråleterapien, Ålesund

Kontakt Stråleterapien, Ålesund

Oppmøtestad

Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga, eit eige bygg sør for Ålesund sjukehus. 

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Opningstider Stråleterapien

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.