Behandling
Strålebehandling ved brystkreft
Strålebehandling blir gitt for å redusere risiko for tilbakefall og har også vist å auke overlevinga etter operasjon for brystkreft.
Følgande er ein generell orientering. Du vil få meir konkret informasjon om ditt behandlingsopplegg frå legen og stråleterapeuten.
Strålane som blir gitt ved strålebehandling kan samanliknast med strålane frå eit røntgenapparat, skilnaden er at dei har høgare energi. Ved strålebehandling blir cellene si evne til å dele seg påverka, slik at ein kreftsvulst vil kunne slutte å vekse, skrumpe inn og forsvinne. Stråling kan fjerne restar etter svulstvev som ikkje let seg fjerne ved operasjon, og kan og skrumpe inn ein svulst slik at han seinare kan fjernast kirurgisk.
Normalt vev har større toleranse for stråling enn svulstvev og har dermed betre evne til å reparere dei skadane som stråling medfører. Ved å dele opp den totale stråledosen i små daglege doser blir denne effekten forsterka og gir normalt vev tid til reparasjon mellom kvar behandling. Behandlinga skjer dagleg, unntatt laurdag og søndag.
Før
CT-bilde
I forkant av strålebehandlinga blir du innkalla til ei CT-undersøking ved kreftavdelinga. Med bilda frå denne undersøkinga kan vi lage eit tilpassa behandlingsopplegg til deg. Planlegginga blir gjort i samarbeid mellom lege, fysikar og stråleterapeut. Legen godkjenner behandlingsplanen før oppstart. Du skal ikkje vaske bort tusjstrekane du får ved CT-undersøkinga.
Røyking
Røyking reduserer effekten av strålebehandlinga. Vi frarår at du røyker i strålebehandlingsperioden. Røyking under kreftbehandling er vist å gi dårlegare behandling, samt fleire biverknader. Snakk med oss om røyking og vi kan gi deg meir informasjon og rettleiing.
Under
Behandlingsapparatet står i eit eige skjerma rom. Først blir du lagt opp på eit bord der strålefeltet blir innstilt ved hjelp av markeringane frå doseplan CT. Stråleterapeutane sørger for at du ligg i riktig leie. Under sjølve strålinga ligg du åleine i rommet, medan behandlinga blir utført under oppsyn av personalet. Du blir heile tida overvaka via ein TV-skjerm og kan når som helst få kontakt med personalet.
Strålebehandlinga er ikkje smertefull og kan samanliknast med å ta eit røntgenbilete. Du vil høyre ein summande lyd medan strålinga går føre seg. Med innstilling og stråling tek strålebehandlinga vanlegvis rundt 10-20 minutt kvar gong. Når du får strålebehandling representerer du ikkje nokon strålefare for omgivnadane dine. Du kan derfor omgå andre akkurat som før. Det er fullt mogeleg å ta med pårørande undervegs i behandlinga.
Etter
Strålebehandlinga kan vere ei påkjenning for kroppen din. Frisk luft er bra. Viss du kjenner deg trøytt og slapp prøv og halde deg i aktivitet, mosjoner. Fysisk aktivitet kan blant anna bidra til å redusera biverknader av kreftbehandling, oppretthalde og betre fysisk form, gi auka energi og overskot.
Hald fram med å drikke mykje. Kroppen vil danne ein del avfallsstoff undervegs i behandlinga som skal skiljast ut.
Det viktigaste er at du lyttar til kroppen sine eigne signal, og brukar den tida du treng for å kome deg ovanpå igjen.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Stråleterapien, Ålesund
Oppmøtestad
Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Opningstider Stråleterapien
- I dag 08:00 - 15:30