Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling ved prostatakreft

Du har fått påvist kreft i prostatakjertelen (blærehalskjertelen) og det er bestemt at du skal få strålebehandling. Formålet med behandlinga er i dei fleste tilfella å kurere kreftsjukdommen. Hos nokre kan formålet vere å få langvarig kontroll over sjukdommen og hindre vekst av prostata.

Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam som består av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legane  vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose vi skal gi. Talet på behandlingar (fraksjonar) varierer avhengig av svulsttype, størrelse, lokalisasjon og hensikta med behandlinga. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.

 

Før du startar med strålebehandlinga blir du innkalla til CT-undersøking der vi tar bilde av den delen av kroppen din som vi skal bestråle. Dersom du har fått implantert gullkorn i prostatakjertelen skal du også ta MR samme dag. Undersøkingane bruker vi til å lage ein individuelt tilpassa strålebehandlingsplan (doseplan) for deg.  

På CT vil det bli teikna med tusj på huda di. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. Tusjstrekane skal ikkje vaskast bort.  

CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga. 

Å ha noko urin i blæra minskar strålereaksjonen i blæra. Vi anbefaler derfor at du går på do 1 time før stråling, og så drikk 1-2 glas vatn. Du bør då ikkje gå på do igjen før etter behandlingaDu skal gjere dette før strålebehandlingsplan (doseplan) også. 

Det er viktig at huda er tørr og rein før strålebehandlinga. Ikkje smør salve på huda i strålefeltet før stråling. Vi frårår karbad/symjehall under behandlinga og så lenge det er reaksjon i huda. Vatn frå badekar blir raskt forureina. Klor kan irritere og tørke ut huda.   

For å irritere huda minst mogleg bør du: 

  • Bruke lunka vatn og lågt trykk på dusjen. Ikkje skrubbe eller gni. 
  • Bruke uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe. 
  • Klappe huda tørr eller lufttørke. 
  • Ved behov for barbering i strålefeltet bør du bruke barbermaskin, ikkje barberhøvel. 

Vi anbefaler på det sterkaste at du sluttar å røyke, fordi: 

  • røyking gir mindre oksygentilførsel til svulsten og reduserer dermed effekten av strålebehandlinga. 
  • røyking aukar risikoen for å utvikle lungekreft, og røyking etter avslutta strålebehandling aukar denne risikoen ytterlegare. 
  • røyking aukar risikoen for å utvikle enkelte biverknader av strålebehandling. 

 

Under

For å behandle kreft i prostata må ein gi ein høg stråledose totalt, og det krev mange behandlingar. Behandlinga skjer dagleg, unntatt laurdag og søndag. Behandlinga tek kun 10-15 minutt og er heilt smertefri. Det er viktig at du ligg heilt i ro under behandlinga. Det blir tatt bilete som kontrollerer at du ligg i korrekt posisjon. 

Det er fullt mogleg å ta med pårørande undervegs i behandlinga. Du representerer ikkje strålefare for omgivnadane dine og kan omgås andre akkurat som før.

 

Strålane som blir gitt ved strålebehandling kan samanliknast med strålane frå eit røntgenapparat, skilnaden er at dei har høgare energi. Ved strålebehandling blir cellene si evne til å dele seg påverka, slik at ein kreftsvulst vil kunne slutte å vekse, skrumpe inn og forsvinne. Stråling kan fjerne restar etter svulstvev som ikkje let seg fjerne ved operasjon, og kan og skrumpe inn ein svulst slik at han seinare kan fjernast kirurgisk. 

Normalt vev har større toleranse for stråling enn svulstvev og har dermed betre evne til å reparere dei skadane som stråling medfører. Ved å dele opp den totale stråledosen i daglege doser blir denne effekten forsterka og gir normalt vev tid til reparasjon mellom kvar behandling. 

 

Det er viktig å drikke godt under strålebehandlinga. Dette hjelper kroppen til å skilje ut avfallsstoff. Du bør drikke 1,5-2 liter om dagen.

 

Dei fleste pasientar får hormonbehandling i kombinasjon med strålebehandlinga. Dette fordi det er vist å betre effekten av behandlinga for dei fleste pasientar. 

Hormonbehandlinga startar 3 månader før oppstart av stråling og gjer at kreftsjukdommen ikkje utviklar seg i perioden fram til stråling. 

Avhengig av stadiet av kreftsjukdommen anbefaler vi 6 måneders eller 2 års hormonbehandling. 

månaders hormonbehandling 

2 sprøyter med 3 månaders mellomrom i kombinasjon med Bicalutamid 50 mg ein gong om dagen i 6 månader. (Alternativ 1 sprøyte som varer i 6 månader og tablettar som over). 

2 års hormonbehandling 

2 sprøyter med 3 månaders mellomrom i kombinasjon med Bicalutamid 50 mg ein gong om dagen. (Alternativt 1 sprøyte som varer i 6 månader og tablettar som over). Deretter overgang til Bicalutamid 150 mg ein gong om dagen til det har gått 2 år sidan ein starta hormonbehandlinga. 

 

Biverknader av hormonbehandlinga 

Impotens 

Når ein får kombinasjonsbehandling med sprøyte og tablettar får ein bortfall av seksuell lyst og evne. Dette kan ein også merke, men noko mindre når ein står på kun hormontablettar. 

Vektauke 

Hormonbehandlinga kan føre til vektauke. Dette kan forhindrast ved fysisk aktivitet og bevisst kosthald. 

Redusert muskelstyrke 

Hormonbehandlinga kan redusere muskelstyrke og fysisk form. For å motverke dette er det viktig å vere fysisk aktiv og ta vare på forma. 

Heitetokter/sveitting 

Hormonbehandlinga kan gi heitetokter/sveitting. 

Vekst av brystkjertelvev 

Menn har også litt brystkjertelvev. Når ein brukar Bicalutamid 150 mg, kan brystvevet vekse litt. For å redusere risiko/moglegheit for dette gir vi ei strålebehandling mot området rundt kvar brystvorte. Sjå meir informasjon under Mamillebestråling - strålebehandling av brystkjertlane. 

Enkelte medikament som blir brukt i behandlinga av prostatakreft, for eksempel hormontablettane Casodex eller Eulexin, kan gi biverknader frå brysta. Hormonbehandlinga fører til lågare nivå av testosteron i kroppen, og dette kan gi uønska vekst av brystkjertlane. Cirka 40 % av pasientane som startar med desse medikamenta får såre og ømme bryst. I følgje fleire undersøkingar førekjem tendens til kvinneleg brystutvikling hos 40-75 % av pasientane. Dette har blitt behandla på ulike måtar, frå anna hormonbehandling til operasjon. Den mest effektive metoden er å gi førebyggande strålebehandling mot begge bryst. Ein kan hindre brystvevet i å vekse ved å stråle mot brystkjertlane med høgenergetisk stråling. Færre pasientar vil då få uønska vekst av brystkjertlane.  

Korleis går behandlinga føre seg? 

Vi gir strålebehandling mot begge brystkjertlane med strålar som trenger nokre få centimeter inn under hudoverflata. Vi gir behandlinga bare ein gong, og behandlinga er smertefri. Under behandlinga skal du ligge heilt i ro. Stråleterapeutane vil teikne med tusj på huda der strålane skal treffe. Deretter vil stråleterapeutane stille inn strålemaskinen, først mot den eine brystkjertelen og gå ut av rommet. Strålinga vil stå på i ca. 4 minutt av gongen. Det same blir gjort mot den andre brystkjertelen. Heile behandlinga er ferdig på ein halvtime. 

Ein kreftdiagnose inneber for mange ei endring i seksualitet og samliv. Anten som direkte følge av sjukdommen eller biverknad frå behandling. I alle faser av livet, uansett alder, seksuell legning, om ein har partnar eller ikkje, er det normalt å være bekymra over korleis sjukdom og behandling kan påverke den seksuelle helsa. 

Seksualrettleiing kan hjelpe deg om du har spørsmål relatert til: 

  • Sjukdom og behandling av sjukdom 
  • Medisin som påverkar seksualitet 
  • Manglande eller lita lyst 
  • Manglande ereksjon 
  • Andre utfordringar knytt til seksualitet, kroppsbilete og sjølvbilete 

Vi ønsker å bidra til openheit om utfordringar rundt kreft og seksualitet, og tilbyr samtale til deg som er eller har vore til behandling hos oss. Kontakt oss dersom du ønsker ein slik samtale. Ta gjerne med partnar. 

Fleire ressursar for informasjon om kreft og seksualitet 

  • Kreftlinjen til Kreftforeningen med spesialsjukepleiarar og rådgivarar på telefon 80 05 73 38
  • Kreftlinjen sine spesialsjukepleiarar og rådgivarar på nettprat
  • Sexologisk rådgivar ved Vardesenteret. Bestill gratis time på telefon 97 40 04 40 

Du vil få kontrollar undervegs i strålebehandlinga. Du skal ta blodprøver nokre dagar før desse kontrollane. Oppstår det noko mellom desse kontrollane, ta kontakt med stråleterapeutane. Vi tar vanlegvis ikkje PSA blodprøve under strålebehandlinga då den er vanskeleg å tolke under slik behandling.

Biverknader 

Strålebehandling kan føre til biverknader, særleg i det området som blir stråla. Desse biverknadene kjem som oftast mot slutten av behandlinga, og kan vare eller bli sterkare i 2–3 veker etterpå. Det er ulikt frå person til person korleis ein reagerer, og ikkje alle får dei same biverknadene. 

Det er vanleg å bli litt trøytt av strålebehandlinga. Nokre kan bli litt kvalme og få redusert matlyst. Viss du kjenner deg trøytt og slapp prøv og halde deg i aktivitet, mosjoner. Frisk luft er bra. Ein spasertur kvar dag vil gjere deg godt og den treng ikkje vere så lang. Drikk godt undervegs i behandlinga, det kan og hjelpe på trøyttleiken.

Huda kan bli raud og sår der du har fått stråling. 

  • Du kan dusje som vanleg under behandlinga, men bruk uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe. Bruk lunkent vatn og ei mjuk vassstråle. 
  • Unngå sterk varme eller kulde på det stråla området – for eksempel varmeflaske, badstue eller ispose. 
  • Bruk lause og mjuke klede som ikkje gnir mot huda. 

Dersom du blir svært sår kan du ha nytte av å bruke saltvassomslag. Spør stråleterapeutane korleis du skal gjere dette. Det er vanlegvis huda rundt endetarmen som blir sårast. 

Saltvassomslag

Omslag med saltvatn verkar lindrande på sår hud som klør og er øm. Ved blemmer eller sår i huda kan saltvassomslag også verke reinsande og infeksjonsførebyggjande. Strålefeltet kan skyljast eller det kan leggast på godt fukta kompress med saltvatn i 10-20 minutt. Saltvatn (Natriumklorid 0,9 %) kan kjøpast på apoteket, eller du kan koke opp ein liter vatn og ei spiseskje vanleg hushaldningssalt som deretter avkjølast til romtemperatur. Ein kan også bruke eit klede av lin eller bomull som kompress. 

Slik bruker du saltvassomslag
  1. Vask hendene.
  2. Dynk kompressane godt med saltvatn og legg desse på huda.
  3. La dei ligge i 10-20 minutt, ikkje lenger.
  4. La huda lufttørke før du eventuelt smører med blå Apobase eller Aloe Vera. NB! Ikkje smør før behandling.La gjerne kremen trekke inn i huda før du kler på deg. 

Saltvassomslag kan du legge på så ofte du ønsker, gjerne 2-3 gonger for dag. 

Biverknader i huda frå strålinga kan vare og/eller auke 2-3 veker etter avslutta strålebehandling. Målretta tiltak som nemnde over skal fortsette til huda er godt tilhela, vanlegvis 4-6 veker etter avslutta strålebehandling. Viss det utviklar seg sårdanning med væsking der sårvæska får gul eller grøn farge og/eller vond lukt, ta kontakt med fastlegen din. Det kan takast ein bakterieprøve for å undersøke om det er nødvendig med antibiotika.

Under strålebehandlinga kan blæren og urinrøret bli utsett for noko stråling, sidan dei ligg så nær området som blir behandla. Dette kan føre til at du må tisse oftareDersom du opplev at du må tisse så ofte at det blir ein utfordring, finst det  medisinar som kan hjelpe. Ta kontakt med stråleteapeut for råd og vidare oppfølging.

Merk!

Dersom du pluttseleg ikkje får tisse, eller kjenner at blæren ikkje blir tømt, kontakt stråleterapeut eller strålesjukepleiar så raskt som moglegViss dette skjer utanom opningstida, kontakt legevakta med ein gong.

Nokre får laus avføring, hyppigare avføring, auka luftavgang, slim og eventuelt også blod i avføringa. Du kan også få smerter ved avføring. 

 

 

 

 

Etter

Strålebehandlinga kan vere ei påkjenning for kroppen din. Viss du kjenner deg trøytt og slapp, prøv og halde deg i aktivitet, mosjoner. Frisk luft er bra. Fysisk aktivitet kan blant anna bidra til å redusere biverknader av kreftbehandling, oppretthalde og betre fysisk form, gi auka energi og overskot.

Hald fram med å drikke mykje. Kroppen vil danne ein del avfallsstoff undervegs i behandlinga som skal skiljast ut.

Det viktigaste er at du lyttar til kroppen sine eigne signal, og brukar den tida du treng for å kome deg ovanpå igjen. 

Seinplager 

Vi gjer ei grundig planlegging av behandlinga til kvar enkelt pasient for å minimere risikoen for seinplager. Stråledosen du får er valt med tanke på dette, samtidig som vi ønsker best mogleg behandlingseffekt. Kreftlegen vil informere deg om moglege seinplager som er relevante for deg. 

Seinskader etter strålebehandling mot bekkenområdet

Vidare oppfølging

Du vil få tilbod om legekontroll ved Kreftavdelinga ca 12 veker etter endt strålebehandling. Du skal ta blodprøver ca 1 veke før denne legekontrollen. 

Vi anbefaler vanlegvis kontroll kvar 6. månad. Kontrollane består av samtale, måling av PSA i blodprøve, samt å kjenne på prostatakjertelen. Det er ikkje anbefalt å ta billedundersøkingar rutinemessig. Pasientar som høyrer til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal eller Volda sjukehus, blir tilvist tilbake dit for vidare oppfølging. Pasientar som soknar til Ålesund sjukehus vil gå til kontroll på Kreftavdelinga ein gong i året og til fastlegen ein gong i året.

 

Sist faglig oppdatert 22.08.2025

Kontakt

Ålesund sjukehus Stråleterapien, Ålesund

Kontakt Stråleterapien, Ålesund

Oppmøtestad

Stråleterapien finn du i første etasjen på kreftavdelinga, eit eige bygg sør for Ålesund sjukehus. 

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Opningstider Stråleterapien

  • I dag 08:00 - 15:30

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.