Det er ein fordel om du/barnet drikk mykje døgnet før undersøkinga. Ved sjukdom som infeksjonar, feber og diaré bør testen utsetjast.
Har du/barnet tørr hud er det ein fordel å smørje begge underarmar med fuktkrem utan parfyme (morgon og kveld) i eit par dagar før testen.
- OBS – ikkje smør underarmane same dag som testen skal gjennomførast.
Spedbarn bør vere over 2 veker gamle, vege over 3.000 gram, og ha god væskebalanse. For å få produsert nok sveitte bør du/barnet ta med varme klede som kan takast på under testen. Barn bør ha med lue.