Undersøking
Sveittetest, Ålesund
Sveittetest blir utført for å samle sveitte til analyse for å stadfeste eller avkrefte cystisk fibrose (CF).
Før
Er du tørr i huda er det ein fordel å smørje begge underarmane med fuktigheitskrem to gongar dagleg eit par dager før du skal møte til undersøking.
Det er også ein fordel om du drikk godt dei siste dagane før de kjem. Ta gjerne med ekstra klede og hue.
Under
Det er underarma di som vert nytta. Ved hjelp av svak straum blir eit område stimulert i 4 minutt for å produsere sveitte. Ein samlar deretter opp sveitten i eit tynt spiralrør som er festa til arma. Straumen gir vanlegvis ikkje noko særleg ubehag.
Etter
Sveitten blir analysert ved laboratoriet. Svar på analysen er klar same dag eller dagen etter. Resultatet av testen blir formidla av ansvarleg lege.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken held til i barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5