Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Trykkmåling av auge
For at ein skal oppretthalde kuleforma på auget, må det vere eit visst overtrykk i auget. Dette trykket må ikkje vere for høgt, då det kan skade synsnerven og føre til dårleg syn.
Før
Undersøkinga krev ingen førebuingar.
Under
Du skal sitte og feste blikket på eit punkt. For at målingane skal bli rette, skal du puste normalt og å halde auga opne.
Målingane kan kjennest som ei svak berøring.
Vi reknar ut eit gjennomsnittstrykk, som kan bli lest av på måleapparatet.
Undersøkinga er ikkje smertefull, men det kan svi litt i auga når di må bli halde opne i nokre sekunder.
Undersøkinga varer i omtrent 1 minutt.
Etter
Vi sender resultatet av testen til lege, som vil informere deg vidare.
Sist faglig oppdatert 12.12.2025
Kontakt
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal HjelsetAugepoliklinikk SNR
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.
Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.
Parkering
Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering.
Parkering
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Etasjeoversikt SNR Hjelset.pdfEi skisse som viser fløy-inndelinga av sjukehuset og kva avdelingar du finn i dei ulike etasjane.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst.
Opningstider
Mandag - fredag: kl 9:00-20:00
Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00
Kiosk
Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.