Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ultralyd av hjartet hos barn og ungdom
Ultralydundersøking av hjartet er ein del av utgreiinga ved dei fleste hjertesjukdomar og medfødd hjartefeil. Undersøkinga gir detaljert informasjon om hjartets anatomi og funksjon.
Før
Undersøkinga krev inga førebuing. Det er lurt at sped- og småbarn er mette og nøgde før undersøkinga for å kunne halde seg mest mogleg i ro.
Under
Barnet ligg på ein benk eller i seng under undersøkinga. Premature barn blir undersøkt medan dei ligg i kuvøse. Sped- og småbarn kan ligge på fanget. Større barn ligg på undersøkingsbenk, og kan sjå på film under undersøkinga.
Undersøkinga blir vanlegvis gjort av ein barne-hjartespesialist (barnekardiolog), eventuelt ein ekkoteknikar. Barnet får elektroder festa på huda på overkroppen. Undersøkinga blir gjort ved at eit lydhovud blir ført over brystveggen. For å kunne lage bilder må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Derfor brukar vi alltid ein kontaktgelé på huda som kan vere litt kald. Vi brukar kroppstemperert gelé til dei minste.
Bilda blir registrert på ein skjerm som står ved sidan av pasienten, og dei blir lagra digitalt. Opptaka blir analysert og skildra av legen.
Gjer det vondt?
Undersøkinga er smertefri. Barnet kjenner kun eit lett trykk mot brystet frå lydhovudet.
Kva skjer dersom barnet er uroleg?
Dersom spedbarn er urolege, kan ein gi litt sukkervatn, som er beroligande. Om større barn ikkje vil samarbeide ved undersøkinga, må det ein sjeldan gong bli gitt beroligande medisin for å få gjennomført undersøkinga, eller ein set opp ein ny time der ein prøver på nytt.
Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkinga tar vanlegvis 20 – 30 minutt, men det kan ta lengre tid dersom det er vanskeleg diagnostikk eller om barnet er uroleg.
Etter
Pasienten blir ikkje påverka av undersøkinga og kan reise heim eller flyttast tilbake til avdelinga umiddelbart etterpå. Innanfor gjeldande retningslinjer er ultralyd ei trygg og ufarleg undersøking.
Kva tid får eg resultatet?
Det blir vanlegvis gitt eit munnleg resultat og forklaring umiddelbart etter undersøkinga. Skriftleg svar blir sendt til tilvisande avdeling eller fastlege.
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Markerte område på bildet Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande Gul markering: HC-parkering Raud markering: Parkering for blodgivarar Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.