Førebuingane til ei ultralydundersøking varierer ut frå kva du skal undersøke.
- Ved undersøking av mageregionen skal du ikkje ete mat eller drikke dei siste 4 timane før undersøkinga. Du skal heller ikkje tygge tyggegummi eller ete pastillar. Er du avhengig av medisinar, skal du ta desse som vanleg med lite vatn.
- Ved undersøking av urinblæra skal du drikke rikeleg i forkant og møte med full urinblære.
- For andre ultralydundersøkingar er det ingen førebuingar.
Du får informasjon om nødvendige førebuingar i innkallingsbrevet du får i forkant av undersøkinga.
Frammøte
Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.