Ved påvist brystkreft og ved nokre forstadium til brystkreft, undersøker vi alltid lymfeknutane i armhola. Dette gjer vi for å undersøke om kreften har spreidd seg.
Før
Vaktpostlymfeknutemerking blir som regel gjort dagen før operasjonen. Det er ingen førebuingar du må gjennom til denne undersøkinga.
Under
Vi sprøyter inn eit lett radioaktivt stoff rundt svulsten eller rundt brystvorta. Dette blir sugd opp i lymfebanen og samlar seg i det som blir kalla vaktpostlymfeknuten. Etter ca to-tre timar tar vi bilete av brystet for å sjå at det radioaktive stoffet er fordelt og har spreidd seg ut i lymfebanene og hoper seg opp i lymfeknutane som er nærast brystet. Desse lymfeknutane fjernar vi under operasjonen.
Etter
Det er ingen spesielle observasjonar eller restriksjonar etter vaktpostlymfeknutemerkinga.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.
Fly Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:
Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe avdeling for radiologi, Molde sjukehus på telefon 71 12 23 95 mandag - fredag i tidsrommet 09:00 - 15:00.
Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje passer. Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket.
Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.
Passord på SMS Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i sokkeletasjen (aust). Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
Laurdag og søndag: stengt
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.