Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Forord

Utdanningssjef Guro Berge, konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug og seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff deler tankar og refleksjonar rundt året 2023.

En gruppe mennesker som smiler

Satsing på utdanning og kompetanseheving er ein del av arbeidet med å oppretthalde berekrafta i helsetenestene, som vi kan lese om i Helsepersonellkommisjonens rapport Tid for handling. Arbeidet med utdanning og kompetanse i Helse Møre og Romsdal er solid forankra

En kvinne som smiler til kameraet
Utdanninssjef Guro Berge

i blant anna Revidert utviklingsplan HMR 2023-2026, Regional utviklingsplan for Helse Midt-Norge 2023-2026, og i årlege styringskrav og rammer. I dei to førstnemnde inngår utdanning og kompetanseheving nettopp som ein del av satsinga på rekruttering, utvikling, og det å behalde berekraft i personell og kompetanse. For utdanning og kompetanse har føretaket tydelege mål for satsinga, og det omhandlar mellom anna eit auka samarbeid mellom utdanningsaktørar, arbeid med praksisplasshandtering, og vidareutvikle simuleringsarbeidet. 

For å starte med det siste, satsinga på helsefagleg simulering har vore prioritert i 2023. Dette året blei det, som i 2022, lagt til rette for eit fysisk lokale for å drive planlagde simuleringsaktivitetar med moglegheit for lyd og bildeopptak. Denne gongen på Kløvertun ved Volda sjukehus. Slike lokalar er ein del av tilrettelegginga for at tilsette og studentar skal kunne drive planlagt trening, og få mengdetrening, noko som gjer kompetanseheving inn i pasientsikkerheitsarbeidet. Det er tilrettelagt for tilsvarande lokalitetar ved sjukehuset SNR, og lokalane ved Ålesund sjukehus kom på plass i 2022. 

I året som gjekk stilte føretaket med praksisplassar i tråd med behovet i vår region. Nokre plassar sto tomme innan sjukepleie, det er ikkje ofte det skjer, men er noko vi følgjer tett. For andre utdanningar, som innan fysioterapi og ergoterapi er det kvart år krevjande å tilby nok praksisplassar. I 2023, som året før, satsa vi på lærlingar innan helsearbeidarfaget. I tillegg hadde vi lærlingar innan ernæringskokk og ambulansefaget, og vi ser fram mot å ta imot portørlærlingar i 2024. 

Ein stor utdanningssatsing i året som har gått er på utdanningsstillingar og studiestøtte for sjukepleiarar. Heile 56 utdanningsstillingar vart fylt, og det innan fleire nye fagfelt. Satsing inn mot kortare utdanningsløp for sjukepleiarar ved sengepost vart også prioritert finansiert frå sentralt hald. 

Godt samarbeid mellom sektorane er avgjerande for utdanningskvalitet, og sikrar relevant kompetanse. I året som har gått har vi hatt samarbeid på fleire arenaer. Ei viktig sak har vore initiativet frå relevante klinikksjefar, via det regionale samarbeidsorganet, inn mot utdanningssektoren for å få på plass ei paramedisinutdanning. Dette har lykkast, og er eit godt døme på samarbeid i tråd med samfunnsbehova. 

Hensikta med årsmeldinga er å vise glimt frå utdanning- og kompetansehevingstiltak i føretaket, men den dekker på ingen måte all aktivitet i året som har passert. Eg håper likevel den bidreg til eit auka fokus og engasjement rundt arbeidet, og inspirerer oss vidare inn i 2024. Eg seier som for årsmelding i fjor, arbeidet med utdanning og kompetanse angår oss alle, og det må det settast av tid og ressursar til dette no og i framtida. 

God lesing! 

Guro Berge, utdanningssjef i Seksjon for utdanning og kompetanse

 

 

2023 har vore eit hendingsfylt år for forsking i HMR. Årsmeldinga løftar fram mange gode døme på pågåande forskingsaktivitet, og viser med rette ei positiv utvikling, kor vi har mykje og mange å vere stolte av.  

En person som smiler for kameraet
Konst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug

 

Året starta med to administrative tilskot: ein kommunikasjonsrådgjevar for forsking og ein prosjektøkonom (50%) for forsking. Desse har vore særs viktige tilskot- forskingsaktiviteten er langt meir synleg enn før- både internt og eksternt. Auka synleggjering av forsking er eit tiltak for å spreie kunnskap som styrkjer

helsetenesta og helsa i befolkninga. At forskinga er synleg kan også bidra til å byggje forskingskultur, vere rekrutterande og skape eit godt omdømme. Med prosjektøkonom har ein har no betre grep om pengeflyten ned til kvart enkelt forskingsprosjekt. Denne utbetringa av systemet for forskingsøkonomi har vore naudsynt og skjer i kjølvatnet av internrevisjon av “Helseføretaka si oppfølging av regional strategi for forsking og utvikling 2016-20" (ferdigstilt mars 2023). Det blei òg tatt eit stort steg i tråd med ei kjerneoppgåve i handlingsplanen - bygging av forskingrupper –  kor vi i året som gjekk fekk våre første offisielle forskingsgruppeleiarar: Kristen Hagen, leiar for forskingsgruppa for angst og tvangslidingar (OCD) og Tommy Frøseth Aae, leiar for forskingsgruppa OrtoForsk – som mellom anna har fokus på artroseforsking . 

Helseføretaket kan vise til eit breitt spekter av forskingsproduksjon med 102 publiserte artiklar i internasjonale vitskapelege tidsskrift i 2023. HMR driv i stor grad klinikk-nær forsking innan førebygging, diagnostikk, behandling og rehabilitering. Fem tilsette fullførte doktorgraden sin i 2023, og minst 48 andre tilsette er i sine doktorgradsløp. Nærare 70 tilsette i føretaket har doktorgrad (≈ 1%). Til samanlikning er andelen med doktorgrad nær det dobbelte ved HNT (1,8%) og på heile 4,8% ved St. Olavs (sak 27-23, SUFI). Dette tydeleggjer kor knapp forskingsressursen er, og kor viktig det er å legge til rette for at dei få forskarane skal få nytte og vidareutvikle forskingskompetansen. Det same gjeld ph.d.-stipendiatane. Ei berekraftig omstilling av helsevesenet er ikkje mogleg utan forsking og nyskaping, utvikling og implementering av nye løysingar. Likevel opplev forskarane våre det å få tid til forsking som ei kontinuerleg utfordring, sjølv med fleirårige forskarstillingar og frikjøp av tid. Hovudutfordringa spring framleis ut får det faktum at forskaren, klinikaren og undervisaren/rettleiaren er som regel ein og same person, noko som krevjar at ein jobbar for ein god struktur på aktivitetane på alle nivå i institusjonen.  

Med bakgrunn i det ovannemnde, starta 2023 òg med ei omorganisering av forskingsseksjonen, med oppretting av Seksjon for kliniske studiar, kor tidlegare forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff gjekk inn som seksjonsleiar. Dette er i tråd med både nasjonal handlingsplan for kliniske studiar, styringskrav og samlege overordna strategiske planar for forsking både regionalt og på føretaksnivå dei siste tiåra. Det er òg eit tydeleg grep for å bevare og utvikle aktivitetane slik at vi kan dra nytte av oppbygginga ein har gjennomført dei siste 10-15åra. Saman ivaretek og støttar dei to forskingsseksjonane både klinikarar, forskarar, phd-stipendiatar og arbeider for eit desentralisert tilbod om kliniske behandlingsstudiar til pasientane. 

Vidare overtok professor Anne-Sofie Furgberg som forskingssjef det siste halvåret, kor ho mellom anna leia HMR sitt bidrag til den nasjonale fagevalueringa av medisinsk og helsefagleg forsking (EVALMED HELSE). Seksjon for forsking og innovasjon leverte ein overordna administrativ rapport for forskinga i føretaket, samt rapportar frå 8 tematiske forskingsgrupper: Kirurgi, radiologi, psykologi, ortopedi, onkologi, nevrologi, gynekologi og pediatri, og indremedisin. Forskarane som tok på seg leiarrolla for kvar av dei tematiske gruppene bidrog veldig mykje i dette viktige arbeidet, som har mogeleggjort vurderinga av forskingsaktivitetens kvalitet, relevans og rammevilkår for evalueringsperioden (2012-2022). Fagevalueringa skal resultere i anbefalingar frå eit internasjonalt ekspertpanel på korleis institusjonen kan endre seg for betre måloppnåing innan forsking, i tråd med sine strategiar. Tusen takk til alle som bidrog! 

Vibeke Devold Valderhaug, konst. forskingssjef, Seksjon for forsking og utdanning

 

Seksjonen er eit år, men har sitt utspring i Klinisk forskingspost Biobank1 HMR (forskingsposten) tilbake i 2017. I 2021 kom det nasjonale og regionale kravet om å auke talet kliniske behandlingsstudiar, at ein innan 2025 skal kunne gje 5% av pasientane eit tilbod, og helst i heimfylket. Då vart oppgåva meir omfattande og

En mann med briller
Seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff

etableringa av SKS ei naturleg utvikling. Skal ein kunne gje pasientane eit tilbod må ein resurssette, det er ei oppgåve for heile organisasjonen. SKS er ein klinisk operativ eining kor forskingsposten er å sjå på som ein “poliklinikk forkliniske studiar/forsking”. I forskingsposten arbeider sjukepleiar, bioingeniør, radiograf, farmasøyt og lege aktivitetsbasert både i årmåls-, fast- og assosiert stilling. Det teamet pasienten, men òg klinikar, forskar eller næringslivet møter tek på seg svært mange av oppgåvene som ligg til ein klinisk studie, og ein lege har alltid fagansvaret.

 Det er no meir enn 25 personar i føretaket som har aktiviteten kliniske studiar som si einaste eller deltidsoppgåve. Det er klinisk personell med spesialkompetanse for gjennomføring av kliniske studiar. Du finn dei i 3 av 4 sjukehus. I 2025 opnar forskingsposten på SNR Hjelset, som ytterlegare styrker tilbodet i HMR. Den tidsretta framgangsmåten når ein gjennomfører kliniske studiar er å etablere kompetente studieteam, eit samarbeid mellom legen med fagansvaret i studien og teamet frå SKS. Slik får ein optimal flyt i studiane, ja noko vil seie det er den einaste måten ein får det til på. Kliniske studiar skal naturlegvis gjerast i kjernearbeidstida. Dei fleste avdelingar har ikkje sett av resursar til studiearbeid for klinikarar, og klinikarar har avgrensa kapasitet og kompetanse til å ta på seg jobben åleine. Det å kunne dele på arbeidsoppgåvene med teamet frå SKS er ein vesentleg faktor for at legen kan ta del i studiar. Likevel, det er ein ekstra innsats og då er det viktig det vert sett av noko tid i arbeidsplanen når legen treng det. Oppgåva legen tek på seg ved deltaking i klinisk studie skal harmonisere med andre oppgåver legen har. Å finne rom til arbeidet er ei leiaroppgåve, ei oppgåve de er godt kjent med. Tek de utfordringa er eg overtydd om at de saman finn ein flyt slik at din avdeling/seksjon kan gje eit robust tilbod til pasienten om deltaking i kliniske studiar. SKS-teamet gjer det mogleg, og er ein naturleg samarbeidspartnar.

Dag Arne Lihaug Hoff, seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar
 
 
 
Sist oppdatert 15.04.2024