En collage av mennesker

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Seksjon for forsking og innovasjon, Seksjon for utdanning og kompetanse og Seksjon for kliniske studiar presenterer høgdepunkt frå 2023.

Forord

Utdanningssjef Guro Berge, konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug og seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff deler tankar og refleksjonar rundt året 2023.

Les heile forordet her
En gruppe mennesker som smiler

Nøkkeltall for 2023

Glimt frå 2023

Oppretting av Seksjon for kliniske studiar (SKS)

I april 2023 vart Seksjon for kliniske studiar etablert. Seksjonen rettar seg mot kliniske studiar tilknytta Helse Møre og Romsdal. Eit av hovdufokusa er å leggje til rette for at fleire pasientar kan delta i slike studiar.

Kliniske studiar, også kjent som utprøvande behandling, er undersøkingar utførte på menneske for å granske verknaden av ulike behandlingsmetodar. Dette inkluderer trenings- og rehabiliteringsprogram, nye legemiddel, eller bruken/utviklinga av medisinsk utstyr.

Les meir her
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Helse Møre og Romsdal deltar i EVALMEDHELSE 2022-2024

Helse Møre og Romsdal deltar for fyrste gong i Forskningsrådet si nasjonal fagevaluering av medisin og helsefag (EVALMEDHELSE). Hovudmålet med fagevalueringa er å vurdere kvalitet, relevans og rammevilkår for forsking innan medisin og helsefag i Noreg. Evalueringa skal resultere i anbefalingar til institusjonane som deltar i evalueringa, til Forskningsrådet og til departementa.

Les meir her
En gruppe mennesker i en sirkel

Helse Møre og Romsdal utpeiker to nye forskingsgruppeleiarar

Overlege i ortopedi Tommy Frøseth Aae og psykologspesialist Kristen Hagen blei i 2023 utnemnt til Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar.

Aae leiar OrtoForsk-KSU, der gruppa skal forske på ulike aspekt ved artrose.

Hagen leiar Forskingsgruppa for angst og tvangsliding i Helse Møre og Romsdal, som fokuserer på angst, tvangslidingar og andre relaterte område.

 

Les meir her
Et par menn som smiler

Suksess med felles rekrutteringsstand i Molde

Med mål om å rekruttere nye sykepleiere til Helse Møre og Romsdal, møtte ansatte ved Klinikk SNR opp på rekrutteringsdagen ved Høgskolen i Molde.
Suksess med felles rekrutteringsstand i Molde
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

FORSKING OG INNOVASJON


I Helse Møre og Romsdal er det  eit aktivt forskarmiljø. Forsking og innovasjon skal bidra til ny kunnskap om helse og sjukdom, og auke kvaliteten på behandlinga pasienten får.

Les meir om og kontakt Seksjon for forsking og innovasjon.

UTDANNING OG KOMPETANSE

Helsepersonell si utdanning og kompetanse skal svare på innbyggjarane sine behov og vere kunnskapsbasert, relevant og ha god kvalitet.

Les meir om og kontakt Seksjon for utdanning og kompetanseutvikling.

 

SEKSJON FOR KLINISKE STUDIAR

Seksjon for kliniske studiar legg til rette for at pasientar i Helse Møre og Romsdal kan delta i kliniske studier.

Les meir om og kontakt Seksjon for kliniske studiar.

Sist oppdatert 25.04.2024