Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Kliniske studiar

I 2023 har Helse Møre og Romsdal vore med på 69 kliniske behandlingsstudiar.  På tvers av disse har helseføretaket inkludert 620 ulike pasientar (NB: førebelse tal, oppdaterte data kjem).

Aktiviteten i HMR var god i 2023, heile 69 aktive kliniske behandlingsstudiar (KBS). Av dei har 48 studiar rekruttert 620 nye pasientar i 2023. Dei fleste KBS-studiane er i fagfelta indremedisin (særskilt mage-tarm) og onkologi (kreft), som avspeglar dei fagområda kor tilfanget av nye studiar også på landsbasis er størst. Fagfeltet ortopedi har god aktivitet, men det er og ei glede å sjå breidda i aktivitet med eit mangfald som gjev eit differensierte tilbodet. Det som ikkje kjem fram i aktivitetsdata er KBS studiane som fortsatt er aktive, men har avslutta rekrutteringsfase og er i oppfølging, ein viktig fase i kvar studie. Til slutt vil vi trekkje fram at det går føre seg meir enn 20 andre kliniske studiar kor forskarar og teamet i Seksjon for kliniske studiar jobbar side ved side for å etablere ny kunnskap om helse.   

    

Diagram, liggende stolpediagram
Diagram, liggende stolpediagram
Diagram, liggende stolpediagram
Diagram, liggende stolpediagram

 

Tilbake til Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

 

Sist oppdatert 15.04.2024