Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse
Finansiering av forsking i Helse Møre og Romsdal 2023
Seksjon for forsking og innovasjon gir eit overblikk over forskingsfinasieringa i HMR for året 2023.
Finansiering av forskinga i Helse Møre og Romsdal kjem primært frå øyremerka midlar frå Helse Midt-Noreg, samt resultatbaserte midlar.
I tillegg har me lykkast i å skaffa konkurranseutsette forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet (SO), der heile fem av ti søknader fekk tildeling i 2023. Dette viser at me har mange dyktige forskarar og solide forskingsmiljø som driv nyskapande prosjekt med høg kvalitet. Tildeling av eksterne forskingsmidlar er eit viktig ledd i å halda oppe den positive utviklinga i HMR og styrkja forskingsmiljøa.
Ei viktig oppgåve som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon er forvalting av forskingsmidlane som tildeles frå Helse Midt-Noreg.
Ved utlysing av forskingsmidlar i 2023 tildelte me tre p.hd.-stipend, prosjektmidlar til eitt to-årig forskingsprosjekt i eit allereie etablert forskingsmiljø, og dessutan Såkornmiddel. Søknader om forskingsmidlar blir vurderte av Innstillingsrådet som består av både interne og eksterne medlemmar.
Det blir stadig fleire med forskarkompetanse i føretaket, og forskingsaktiviteten aukar. Dette medfører eit behov for fleire tilsette som jobbar med forskingsstøtte og tilrettelegging av forskingsaktiviteten. For å komma dette i møte, vart det oppretta ei stilling som kommunikasjonsrådgivar som har som den primære oppgåva si å drive med forskingsformidling, både internt i helseføretaket og eksternt.
For å sikra god oversikt over økonomien i dei ulike forskingsprosjekta har Seksjon for forsking og innovasjon fått tilsett ein prosjektøkonom i 50% stilling. Dette har vore heilt avgjerande for å ha god kontroll på pengeflyten i dei enkelte forskingsprosjekta, og har gjort det betrakteleg lettare for seksjonen å forvalta forskingsmidlane på ein god måte.
I 2023 hadde vi 9 tilsette i 20% "forskar i klinikk"-stilling og 8 andre med avsett tid til forsking. Vi vidareførte òg finansieringa av 4 20% stillingar som "førsteamanuensis i klinikk" då denne satsinga frå samarbeidsorganet gjekk ut i 2022. I tillegg vart det tilsett to forskingsgruppeleiarar, innanfor fagfelta ortopedi og tvangslidingar, samt leiar for Ålesund Biomechanics lab. Forskingsgruppene skal fungere som innovative fellesskap der forskarar, stipendiatar og klinikarar kan utvikle banebrytande forsking lokalt, og i samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale partnarar.
Seksjon for kliniske studiar vart oppretta i 2023. Denne seksjonen skal jobbe for å leggje til rette for deltaking i kliniske studiar, i tråd med Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar. Seksjonen samarbeider tett med Seksjon for forsking og innovasjon, og skal komme pasientane og «forskar-klinikaren» til gode. Klinisk forskingspost held til i Ålesund, men har òg personell ved sjukehuset i Kristiansund og i Molde. I 2025 kan vi sjå fram til opning av forskingsposten på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset. Slik jobbar vi for å sikre at alle pasientane i Helse Møre og Romsdal skal få det same tilbodet om å delta i kliniske studiar, og same høve til å nytte utprøvande behandling.
Tilbake til Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse