Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Tilsette med formell praksisrettleiarutdanning

I Helse Møre og Romsdal var det for 2023 gitt eit styringskrav på å rapportere tall rettleiarar med formell vidareutdanning i rettleiing.

I forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger står det under § 3 Praksisstudier at rettleiarar skal ha relevant fagleg kunnskap og bør som hovudregel ha formell rettleiarkompetanse. Formell kompetanse får rettleiarar ved å ta studiepoenggivande fag ved universitet eller høgskule.

I Helse Møre og Romsdal var det for 2023 gitt eit styringskrav på å rapportere tall rettleiarar med formell vidareutdanning i rettleiing. Dette hadde ikkje HMR formelle tal på frå tidlegare, sjølv om det var delvis kartlagt frå tidlegare år. Det blei derfor utvikla ei ny spørjeundersøking for å kartlegge dette og andre utdanningsvariablar, som bruk av rettleiingsmodellar, tall på kombinerte stillingar og meir. Heller ikkje no ga alle seksjonar tilbakemelding på spørsmåla, men av dei som meldte tilbake kan vi sjå at cirka 10% av alle som i løpet av eit år har funksjonen som rettleiar også har den formelle utdanninga. Det er ikkje ein spesielt høg del samanlikna med resten av helseregionen.

For 2024 er dette kravet tatt bort, men det er vedtatt i det regionale direktørnettverket for utdanning at føretaka skal fortsette å kartlegge tal på rettleiarar også i år. For 2024 dekker føretaket frikjøp så tilsette kan ta utdanninga i løpet av haustsemesteret.

 

Tilbake til Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Sist oppdatert 08.04.2024