Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2024: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Forord

Utdanningssjef Guro Berge, konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug deler tankar og refleksjonar kring året 2024.

En gruppe mennesker som smiler

2024: Helse Møre og Romsdal (HMR) er ein arena for læring og kompetanseutvikling, og må vere rusta for å møte framtidas kompetansebehov. Utdanning og kompetanseheving skal vere ein integrert del av klinisk aktivitet og inngår i planlegging og styring av verksemda.

En kvinne som smiler til kameraet
Utdanninssjef Guro Berge

Seksjon for utdanning og kompetanse er ei eining som saman med andre stabseiningar og klinikkane jobbar med utdanningsaktivitetar, og som har dialog ut mot føretakets samarbeidspartnarar på utdanningsfeltet. Seksjonen styrer etter revidert utviklingsplan HMR (2022-2026), og seksjonens arbeid med denne meldinga er i tråd med dei prioriteringar som er gjort der.

Både for helsesektoren, og for våre samarbeidspartnarar i universitets- og høgskulesektoren, har 2024 vore eit økonomisk krevjande år med fleire innsparingstiltak også inn mot utdanningsaktivitetar. Fokuset i året som har gått har derfor vore på korleis vi kan legge til rette for godt samarbeid mellom sektorane. Noko av det strategisk viktigaste som har rørt seg på utdanningsfronten dette året har vore diskusjonane rundt framtidig utdanningskapasitet og opptak.

Dette også med tanke på sentrale og desentrale utdanningstilbod, og samarbeid om praksisplassar på tvers av fylkesgrenser. Korleis kan vi førebu oss på framtidas behov, og korleis kan vi tilby best mogleg utdanningsløp innan helse- og sosialfaga? Korleis bygge kompetanse i regionen? Og kordan ser vi for oss samanhengen mellom utdanning, kompetanseheving og rekruttering? Det er avgjerande at vi no får eit felles regionalt oppfølgingssystem for den dyrebare ressursen som praksisplassar er for utdanningssatsinga. Tilrettelegging og gjennomføring av praksisstudiar er ei stor og omfattande oppgåve, og føretaket ligg jamt på omlag 1000 praksisplassar i året for studentar innan ulike helseprofesjonar. Dei fleste av plassane er innan bachelorstudiar i sjukepleie, etterfølgt av bachelorstudiar i bioingeniørfag. I tillegg til bachelorstudentane tek føretaket imot stadig fleire lærlingar. Nytt av året er lærlingar innan portørfaget, som ein også kan lese meir om i årets melding. Satsinga på medisinutdanninga er også aukande i fylket, og i føretaket jobbar ein mot å kunne ta imot fleire studentar innan denne utdanninga i åra som kjem.

Med tanke på alle studentar som er innom, kartla vi i 2024 rettleiarkapasitet i føretaket. Vi trur at om kompetansen innan rettleiing er høg vil dette kunne gjere rettleiarrolla meir framtredande, bidra til ein auka kvalitet på praksisstudiane, og slik sett også bidra til rekruttering. Seksjonane tek i mot studentar “året rundt”, og det er derfor nødvendig med kompetanseheving blant dei som allereie er tilsett i føretaket, og forvaltar den viktige rettleiaroppgåva. Over 70 seksjonar svara på kartlegginga, og over halvparten av seksjonane har tilsette med formell praksisrettleiarutdanning. Dette er bra, men med tanke på at alle rettleiarar bør* ha denne utdanninga, så har vi framleis litt å gå på. Nokre seksjonar er no i gong med å utdanne fleire rettleiarar, noko som lovar bra for framtida. I følge kartlegginga rapportera studentar i føretaket at dei er nøgde med praksisstudiane, og eksempel frå audiografstudentar sin kvardag i føretaket kan ein lese meir om i meldinga.

Det er ikkje berre gjennom praksisstudiar føretaket samarbeider med utdanningssektoren. Eit anna døme frå 2024 er karrieredagen som vart arrangert av føretaket ved NTNU for bachelorstudentar i sjukepleie. Fleire klinikkar slo seg saman og presenterte glimt frå den varierte kliniske kvardagen for

eit stort oppbod av studentar. Dette er en aktivitet som vi ønsker å satse meir på også i året som kjem, og for fleire utdanningsinstitusjonar i fylket.

 

Føretaket skal ikkje berre satse på utdanning, men kompetansebygging er også eit viktig element. Simulering og ferdigheitstrening er pedagogiske verktøy i den samanheng, og er eit bidrag i pasientsikkerheitsarbeidet. Av fleire grunnar har det i 2024 vore færre ferdigheits- og simuleringsaktivitetar i regi av VirtSim (HMRs Virtuelle simuleringseining) enn det var i løpet av fjoråret. Det har like fullt vore aktivitetar i samarbeid med både klinikk og eksterne samarbeidspartnarar. Mellom anna har VirtSim ved SNR jobba for å legge til rette for simulering av akuttflytar i nytt bygg SNR, og i Volda og Ålesund har det blitt jobba med simulering og ferdigheitstrening i sengepost.

 

Satsing på utdanning og kompetanseheving er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid, dermed er det avgjerande med forankring inn i toppleiinga og i lineleiinga i føretaket. Eg håper meldinga gjer innsikt i noko av det viktige arbeidet som gjerast, og at den inspirerer til å satse vidare inn i framtida.

God lesing! 

Guro Berge, utdanningssjef i Seksjon for utdanning og kompetanse

 

 

2023 har vore eit hendingsfylt år for forsking i HMR. Årsmeldinga løftar fram mange gode døme på pågåande forskingsaktivitet, og viser med rette ei positiv utvikling, kor vi har mykje og mange å vere stolte av.  

En person som smiler for kameraet
Konst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug

 

Året starta med to administrative tilskot: ein kommunikasjonsrådgjevar for forsking og ein prosjektøkonom (50%) for forsking. Desse har vore særs viktige tilskot- forskingsaktiviteten er langt meir synleg enn før- både internt og eksternt. Auka synleggjering av forsking er eit tiltak for å spreie kunnskap som styrkjer

helsetenesta og helsa i befolkninga. At forskinga er synleg kan også bidra til å byggje forskingskultur, vere rekrutterande og skape eit godt omdømme. Med prosjektøkonom har ein har no betre grep om pengeflyten ned til kvart enkelt forskingsprosjekt. Denne utbetringa av systemet for forskingsøkonomi har vore naudsynt og skjer i kjølvatnet av internrevisjon av “Helseføretaka si oppfølging av regional strategi for forsking og utvikling 2016-20" (ferdigstilt mars 2023). Det blei òg tatt eit stort steg i tråd med ei kjerneoppgåve i handlingsplanen - bygging av forskingrupper –  kor vi i året som gjekk fekk våre første offisielle forskingsgruppeleiarar: Kristen Hagen, leiar for forskingsgruppa for angst og tvangslidingar (OCD) og Tommy Frøseth Aae, leiar for forskingsgruppa OrtoForsk – som mellom anna har fokus på artroseforsking . 

Helseføretaket kan vise til eit breitt spekter av forskingsproduksjon med 102 publiserte artiklar i internasjonale vitskapelege tidsskrift i 2023. HMR driv i stor grad klinikk-nær forsking innan førebygging, diagnostikk, behandling og rehabilitering. Fem tilsette fullførte doktorgraden sin i 2023, og minst 48 andre tilsette er i sine doktorgradsløp. Nærare 70 tilsette i føretaket har doktorgrad (≈ 1%). Til samanlikning er andelen med doktorgrad nær det dobbelte ved HNT (1,8%) og på heile 4,8% ved St. Olavs (sak 27-23, SUFI). Dette tydeleggjer kor knapp forskingsressursen er, og kor viktig det er å legge til rette for at dei få forskarane skal få nytte og vidareutvikle forskingskompetansen. Det same gjeld ph.d.-stipendiatane. Ei berekraftig omstilling av helsevesenet er ikkje mogleg utan forsking og nyskaping, utvikling og implementering av nye løysingar. Likevel opplev forskarane våre det å få tid til forsking som ei kontinuerleg utfordring, sjølv med fleirårige forskarstillingar og frikjøp av tid. Hovudutfordringa spring framleis ut får det faktum at forskaren, klinikaren og undervisaren/rettleiaren er som regel ein og same person, noko som krevjar at ein jobbar for ein god struktur på aktivitetane på alle nivå i institusjonen.  

Med bakgrunn i det ovannemnde, starta 2023 òg med ei omorganisering av forskingsseksjonen, med oppretting av Seksjon for kliniske studiar, kor tidlegare forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff gjekk inn som seksjonsleiar. Dette er i tråd med både nasjonal handlingsplan for kliniske studiar, styringskrav og samlege overordna strategiske planar for forsking både regionalt og på føretaksnivå dei siste tiåra. Det er òg eit tydeleg grep for å bevare og utvikle aktivitetane slik at vi kan dra nytte av oppbygginga ein har gjennomført dei siste 10-15åra. Saman ivaretek og støttar dei to forskingsseksjonane både klinikarar, forskarar, phd-stipendiatar og arbeider for eit desentralisert tilbod om kliniske behandlingsstudiar til pasientane. 

Vidare overtok professor Anne-Sofie Furgberg som forskingssjef det siste halvåret, kor ho mellom anna leia HMR sitt bidrag til den nasjonale fagevalueringa av medisinsk og helsefagleg forsking (EVALMED HELSE). Seksjon for forsking og innovasjon leverte ein overordna administrativ rapport for forskinga i føretaket, samt rapportar frå 8 tematiske forskingsgrupper: Kirurgi, radiologi, psykologi, ortopedi, onkologi, nevrologi, gynekologi og pediatri, og indremedisin. Forskarane som tok på seg leiarrolla for kvar av dei tematiske gruppene bidrog veldig mykje i dette viktige arbeidet, som har mogeleggjort vurderinga av forskingsaktivitetens kvalitet, relevans og rammevilkår for evalueringsperioden (2012-2022). Fagevalueringa skal resultere i anbefalingar frå eit internasjonalt ekspertpanel på korleis institusjonen kan endre seg for betre måloppnåing innan forsking, i tråd med sine strategiar. Tusen takk til alle som bidrog! 

Vibeke Devold Valderhaug, konst. forskingssjef, Seksjon for forsking og utdanning

 

Seksjonen er eit år, men har sitt utspring i Klinisk forskingspost Biobank1 HMR (forskingsposten) tilbake i 2017. I 2021 kom det nasjonale og regionale kravet om å auke talet kliniske behandlingsstudiar, at ein innan 2025 skal kunne gje 5% av pasientane eit tilbod, og helst i heimfylket. Då vart oppgåva meir omfattande og

En mann med briller
Seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff

etableringa av SKS ei naturleg utvikling. Skal ein kunne gje pasientane eit tilbod må ein resurssette, det er ei oppgåve for heile organisasjonen. SKS er ein klinisk operativ eining kor forskingsposten er å sjå på som ein “poliklinikk forkliniske studiar/forsking”. I forskingsposten arbeider sjukepleiar, bioingeniør, radiograf, farmasøyt og lege aktivitetsbasert både i årmåls-, fast- og assosiert stilling. Det teamet pasienten, men òg klinikar, forskar eller næringslivet møter tek på seg svært mange av oppgåvene som ligg til ein klinisk studie, og ein lege har alltid fagansvaret.

 Det er no meir enn 25 personar i føretaket som har aktiviteten kliniske studiar som si einaste eller deltidsoppgåve. Det er klinisk personell med spesialkompetanse for gjennomføring av kliniske studiar. Du finn dei i 3 av 4 sjukehus. I 2025 opnar forskingsposten på SNR Hjelset, som ytterlegare styrker tilbodet i HMR. Den tidsretta framgangsmåten når ein gjennomfører kliniske studiar er å etablere kompetente studieteam, eit samarbeid mellom legen med fagansvaret i studien og teamet frå SKS. Slik får ein optimal flyt i studiane, ja noko vil seie det er den einaste måten ein får det til på. Kliniske studiar skal naturlegvis gjerast i kjernearbeidstida. Dei fleste avdelingar har ikkje sett av resursar til studiearbeid for klinikarar, og klinikarar har avgrensa kapasitet og kompetanse til å ta på seg jobben åleine. Det å kunne dele på arbeidsoppgåvene med teamet frå SKS er ein vesentleg faktor for at legen kan ta del i studiar. Likevel, det er ein ekstra innsats og då er det viktig det vert sett av noko tid i arbeidsplanen når legen treng det. Oppgåva legen tek på seg ved deltaking i klinisk studie skal harmonisere med andre oppgåver legen har. Å finne rom til arbeidet er ei leiaroppgåve, ei oppgåve de er godt kjent med. Tek de utfordringa er eg overtydd om at de saman finn ein flyt slik at din avdeling/seksjon kan gje eit robust tilbod til pasienten om deltaking i kliniske studiar. SKS-teamet gjer det mogleg, og er ein naturleg samarbeidspartnar.

Dag Arne Lihaug Hoff, seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar
 
 
 
Sist oppdatert 22.04.2025