Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2024: forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Helse Møre og Romsdal bidreg til samfunnsdebatten via Påfyll

Under Forskingsdagane i 2023 vaks det fram ein felles visjon om eit nyskapande formidlingskonsept, og slik vart Påfyll skapt. Arrangementet byr på underhaldning, samtalar og kunnskap, og Helse Møre og Romsdal er ivrig bidragsytar.

Menn som sitter i stoler
Forskingsgruppeleiar Endre Grøvik på scena i Påfyll.

Påfyll er eit populærvitskapeleg talkshow som blir arrangert i Parken Kulturhus. Det vart starta i februar i 2024, og er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, NTNU, SINTEF, Møreforsking, Atlanterhavsparken og Ålesund kommune.

Dette er ein arena kor forskingsformidling er særs aktuelt, og HMR deltok to gonger i 2024, og fleire er under planlegging dette året.

Fyrste gong var det forskingsgruppeleiar og medisinsk fysikar Endre Grøvik som gjekk på scena og fortalte om bruken av kunstig intelligens i helseføretaket. 

Deretter var det psykologspesialist og ph.d.-kandidat Kristian August Tjelle som snakka om einsemd og forskjellige psykiske utfordringar.

En mann som sitter i en stol

Programvert Bjørn Vatne losar publikum gjennom ein kveld med forskjellige vinklingar kring eit aktuelt tema, og stiller både humoristiske og meir alvorlege spørsmål. Det brukar òg å vere eit musikalsk innslag på desse arrangementa.

Målet med Påfyll er å bidra til eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte, og å fremje kunnskapsbyen Ålesund.

Grafisk brukergrensesnitt, tekst, nettside

Tilbake til Årsmelding 2024: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

 

Sist oppdatert 22.04.2025