Illustrasjon innovasjon og forsking

Forsking og innovasjon

I Helse Møre og Romsdal (HMR) er det eit aktivt forskarmiljø. Forsking og innovasjon skal bidra til ny kunnskap om helse og sjukdom, og auke kvaliteten på behandlinga pasienten får.

Kontakt Seksjon for forsking og innovasjon

Informasjon og ressursar for forskarar

På vår ressursside finn du mykje nyttig informasjon for deg som skal komme i gang med eller held på med forsking i helseføretaket - alt i frå master-, PhD-, eller kvalitetssikringsprosjekt. Her finn du mellom anna informasjon om interne og eksterne godkjenningar, finansiering av prosjekt, rutinar for datainnsamling og lydopptak, og publisering og formidling av forskinga di.
Klikk her for å komme i gang
Illustrasjon

Forskingsaktivitet i HMR

Kven forskar i Helse Møre og Romsdal, og kva vert det forska på? Her finn du ei detaljert oversikt over forskarar, forskingsgrupper, ph.d.-prosjekt, publikasjonar, årsmeldingar, og disputasar
Sjå forskingsaktivitet her
illustrasjon

Kliniske studiar

Målet med kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er å få auka kunnskap om sjukdommar som kan ramme oss, kva typar behandling som kan givast, og kva behandling som er den beste. Her finn du informasjon om kliniske studiar, Klinisk Forskingspost, oversikt over kliniske studiar, og samarbeidande aktørar knytt til kliniske studiar ved HMR.
Gå til hovudsida til kliniske studiar
Gå til hovudsida til kliniske studiar

Forskingsnytt frå HMR

Forskingsrelaterte ressursar og organ

  • Grafisk brukergrensesnitt
    Ålesund Biomechanics Lab

    Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL) er eit biomekanisk laboratorium med base på Ålesund sjukehus. Laboratoriet vart etablert i samarbeid mellom ortopedar frå Ålesund sjukehus og ingeniørar frå NTNU.

  • Skikkelse
    Forskingsutvalet

    Forskingsutvalet (FU) i Helse Møre og Romsdal (HMR) er eit rådgjevande organ for forskingsstrategiske spørsmål.

  • En gruppe mennesker i et laboratorium
    Klinisk Forskingspost og Biobank1

    Klinisk Forskingspost HMR (populært kalla «Forskingsposten») opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa og tilbyr brei klinisk forskingsstøtte.

  • En gruppe mennesker som holder hender
    Samarbeidsorganet i Møre og Romsdal

    Det lokale samarbeidsorganet (LSO) har ein rådgjevande funksjon i saker innan forsking, utdanning og innovasjon. Organet er eit samarbeid mellom HMR, brukarutvalet, universiteter og høgskuler i regionen.

  • Colourbox
    Personvernombod for forsking

    Personvernombodet skal informere og gi råd om dei pliktene helseføretaket har etter personvernlovgivinga, og gi informasjon til dei tilsette som utfører behandling av personopplysningar.

Sist oppdatert 02.08.2023