
Forskingsaktivitet i HMR

Kliniske studiar

Forskingsnytt frå HMR
- 27. november 2023Korleis opplever menneske med ruslidingar å få medverke i tenestetilbodet sitt?
Ein fersk studie viser at brukarerfaring i større grad må gyldiggjerast i tenestelevering og at velferdsstatens målsetting om brukarmedvirkning er tvitydige, kor organisatoriske kapasitetsproblem hemmar moglegheitsrommet for brukarmedverknad.
- 24. november 2023Fastlegens rolle i palliativ omsorg: kart møter terreng
Anne Fasting disputerer for ph.d-graden i medisin fredag den 8. desember i auditoriet i auditoriet MTA ved Fred Kavli-bygget i Trondheim.
- 23. november 2023Nye klinisk akademiske gruppar i Helse Midt-Norge - forskarar frå Molde og Ålesund deltek
To nye prosjekt fekk tildelt status som klinisk akademisk gruppe (CAG). Forskingsmiljø frå Ålesund og Molde er sentrale nøkkelpartnarar i dei nyetablerte CAG-ane.
- 8. november 2023Fem av ti HMR-søknadar fekk forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet!
- Eg er veldig stolt og glad over at vi fekk tilsalg på halvparten av søknadane våre. Tildelinga viser at vi har mange dyktige forskarar og solide forskingsmiljø som driv nyskapande og spanande prosjekt med høg kvalitet.
- 30. oktober 2023Vann pris under verdskongress for hjartesjukdommar
- Motiverande at arbeidet blir sett på som interessant av kollegaer med vitskapelig og fagleg tyngde, fortel overlege og ph.d-stipendiat Kristian Sørensen.
- 26. oktober 2023Høggradige nevroendokrine neoplasma i fordøyingssystemet: Diagnostiske kriterium og genforandringars innverknad på effekt av cellegiftbehandling
Hege Elvebakken disputerte for ph.d-graden i medisin og helsevitskap fredag den 10. november i auditoriet ved Ålesund sjukehus.
Forskingsrelaterte ressursar og organ
- Ålesund Biomechanics Lab
Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL) er eit biomekanisk laboratorium med base på Ålesund sjukehus. Laboratoriet vart etablert i samarbeid mellom ortopedar frå Ålesund sjukehus og ingeniørar frå NTNU.
- Forskingsutvalet
Forskingsutvalet (FU) i Helse Møre og Romsdal (HMR) er eit rådgjevande organ for forskingsstrategiske spørsmål.
- Klinisk Forskingspost og Biobank1
Klinisk Forskingspost HMR (populært kalla «Forskingsposten») opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa og tilbyr brei klinisk forskingsstøtte.
- Samarbeidsorganet i Møre og Romsdal
Det lokale samarbeidsorganet (LSO) har ein rådgjevande funksjon i saker innan forsking, utdanning og innovasjon. Organet er eit samarbeid mellom HMR, brukarutvalet, universiteter og høgskuler i regionen.
- Personvernombod for forsking
Personvernombodet skal informere og gi råd om dei pliktene helseføretaket har etter personvernlovgivinga, og gi informasjon til dei tilsette som utfører behandling av personopplysningar.