Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livet som doktorgradskandidat

Livet som doktorgradskandidat: Andrea Toft Boutera

LIS3-lege ved Molde sjukehus, Andrea Toft Boutera starta i 2022 sitt doktorgradsarbeid på ulike tidsfaktorar knytt til behandling av hoftebrotspasientar. - Eg er heldig som har gode kollegaer og leiarar som legg til rette for at eg kan kombinere rollene som lege og ph.d.-student, fortel ho.

Petter Bjørklund
Publisert 19.07.2023
Sist oppdatert 25.07.2023
En person som smiler foran et tre
Foto: Petter Bjørklund/HMR

​Andrea Toft Boutera er LIS3-lege ved Ortopedisk avdeling på Molde sjukehus, og begynte i sommaren 2022 med ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen.​​​ 

Heilt sidan medisinstudiet har ho beskreve seg sjølv som "ein ortopedi-spire", og fortel at noko av det beste ho likar med å vere ph.d.-kandidat er å fordjupe seg i eit tema som ho får stor bruk for i hennar kliniske kvardag på sjukehuset.

Kan du fortelje litt om doktorgradsavhandlinga di?

​Eg forskar på behandling av hoftebrot, og fokuserer spesielt på tidsfaktorar knytt til behandlinga av hoftebrotspasientar. Hoftebrotspasientar er nokre av dei​ sjukaste ortopediske pasientane vi har, med ein 1-års dødeligheit på 24% og 5-års dødelegheit på heile 60%. Det er ein skrøpelig og multimorbid pasientgruppe som treng den beste behandlinga dei kan få frå innlegging til utskriving. Eg har så langt i min ph.d. sett på om det er ein «weekend effect» ved hoftebrotskirurgi på norske sjukehus, og publiserte ein artikkel på dette i 2019. Nå held eg på med ein ny artikkel som omhandl​ar liggjetid og utskrivingstidspunkt, kor vi ser på om desse tidsfaktorane påverkar reinnlegging, reoperasjon og mortalitet. 

Eg er så heldig at eg får bruke data frå Nasjonalt Hoftebruddregister som inneheld data frå over 140 000 hoftebrot. Mine studiar er retrospektive observasjonsstudiar. Kvart hoftebrot som opererast på alle landets sjukehus registrerast elektronisk i ein database av kirurgen. Skjema som fyllast ut inneheld informasjon om pasienten som alder, kjønn og kognitiv funksjon. I tillegg er det mellom anna informasjon om ASA-klasse, brottype og operasjonsmetodar.

Kva var bakgrunnen for val av tema og problemstilling?

Det starta som ein hovudoppgåve på medisinstudiet. Eg visste at eg ville bli ortoped, og ønskte derfor eit prosjekt innan ortopedi. Vi hadde min noverande hovudrettleiar som føreleser, og eg synast han var veldig flink. Ettersom han var leiar for hoftebrotsregisteret var det naturlig å forske på hoftebrot. Sjølv om eg ikkje kunne så mykje om hoftebrot på den tida er eg no veldig glad for at det blei akkurat den pasientgruppa eg forskar på. Det er givande å forske på hoftebrotspasientar fordi det er av stor betyding å finne nye behandlingsmetodar og behandlingsforløp som forhåpentlegvis kan vere med å redusere den høge mortaliteten til denne pasientgruppa. I tillegg er hoftebrot innanfor fagfeltet traumatologi som eg interesserar meg ekstra for.

Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å ta ein doktorgrad?

Etter å ha publisert ein artikkel, og presentert arbeidet på eit par forskingskonferanser samt jobba saman med forskingsmiljøet på hoftebrotsregisteret likte eg bare betre og betre forsking. Eg ønskja derfor å formelt ta en doktorgrad for å fordjupe meg enda meir i behandling av hofteprotpasientar. I tillegg har eg tenkt at eg seinare i karrieren kunne tenke meg å undervise medisinstudentar, og tenkte at dette var eit steg i riktig retning.

Korleis er det å kombinere din vanlege arbeidskvardag i Helse Møre og Romsdal med doktorgradsarbeidet?

Det fungerer stort sett veldig bra, sjølv om eg​ innimellom føler at eg skulle hatt litt meir ​tid til både klinikken og forskinga. Eg er heldig som har gode kollegaer og leiarar som legg til rette for at eg på best mogleg måte kan kombinere desse to rollene. 

Kva tenkjer du er fordelane med å ta ein doktorgrad for ein person som jobbar i eit medisinsk- eller helsefagleg yrke?

Medisinen er eit fag som stadig er i utvikling, og når man jobbar innan feltet er det viktig å følgje med på denne utviklinga. Som doktorgradskandidat lærer man seg på ein god måte å manøvrere i den store mengda forsking som finnast der ute. I tillegg er det også mykje vi ikkje veit innan medisinen, og nettopp derfor treng vi forskarar som kan prøve å finne ut meir!

Korleis vil du beskrive ditt lokale forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal?

Eg synast det er eit bra forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal med mange spanande forskingsgrupper og prosjekt på gang. Såkornmidlane ​er også ein stor ressurs for forskarar i føretaket, og nyleg fekk eg gleden av å reise på eit forskingsopphold til Canada takka vere desse midlane! 

Kva er det beste med tida som doktorgradskandidat?

Det beste er variasjonen frå den kliniske hverdagen. Jeg liker at jeg får moglegheiten til å lære nye ting, ta nye fag, samarbeide med nye kollegaer, reise på konferansar og fordjupe meg i eit tema som eg også får bruk for i min kliniske kvardag. 

Har du nokre tanker om kva du vil drive med etter doktorgraden?

Etter doktorgraden ønskjer eg å ta fatt på nye forskingsprosjekt, og eg har allereie eit par idear på lur. 

Har du nokre tips til framtidige doktorgradskandidatar?

Det er alfa og omega med ein god rettleiar! Ein som er tilgjengeleg og flink, betyr mykje for framgangen, motivasjonen, samarbeidet og moglegheitene for nettverksbygging. I tillegg er det heilt avgjerande at man har ein indre motivasjon for prosjektet, for det er til tider krevjande. 

Kva vil du seie til helsepersonell i Helse Møre og Romsdal som vurderer å ta ein doktorgrad?

Viss du er motivert og det er noko du brenn for, så gjer det! Forsking er spanande, lærerikt, utfordrande og gøy! Du vil få bruk for det du lærer i eit doktorgradsløp i så mange settingar​​. ​​

Vil du lese meir om våre tilsettes erfaringar med å jobbe med ein doktorgrad?

På "Livet som doktorgradskandidat" kan du lese om tilsette i Helse Møre og Romsdal som held på med ein doktorgrad, deira opplevingar med doktorgradsarbeidet, og korleis det er å kombinere dette med den vanlege arbeidskvardagen i helseføretaket.
Klikk her for å gå til "Livet som doktorgradskandidat"
En gruppe mennesker som poserer for kameraet