Livet som doktorgradskandidat
Livet som doktorgradskandidat: Åse Turid Rossevatn Svoren
Åse Turid Rossevatn Svoren forskar på sjukdomsendringar hos gravide som utviklar svangerskapsforgifting. Svoren er overlege ved Ålesund sjukehus, og alle førstegongsfødande der får tilbod om å vere med i prosjektet PRERISK.
Kva er det du forskar på i doktorgraden din? Eg forskar på endringar i immunsystemet ved svangerskapsforgifting og korleis vi kan kartleggje risiko for denne tilstanden betre. Ein del av forskinga er også å kartleggje førebyggjande behandling med Albyl-E ved høg risiko for svangerskapsforgifting.
Kva er framgangsmåten din for å forske på dette? Vi inviterer førstegongsfødande ved tidspunktet for tidleg ultralyd til å gjere ei kartlegging av risiko for svangerskapsforgifting. Vi registrerer blodtrykk, gjer ekstra blodstraummålingar til livmora, tek ei blodprøve og kartlegg sjukehistoria. Ut frå dette vert ein risikoscore berekna. Ved høg risiko vert pasientane følgde opp ekstra i svangerskapet, og vi tek utvida blodprøvar/urinprøvar for å studere mors immunsystem gjennom heile svangerskapet.
Kvar er prosjektet ditt tilknytt? Prosjektet fekk midlar frå Samarbeidsorganet og er tilknytt IKOM ved NTNU med professor Ann-Charlotte Iversen som hovudrettleiar. Eg er tilsett i Helse Møre og Romsdal, så dette er eit samarbeidsprosjekt.
Kva var bakgrunnen for val av tema og problemstilling(ar)? Som overlege på fødeavdelinga har eg teke ei ekstra utdanning i ultralyd med tanke på blodstraummålingar hos mor og foster, ein metode vi brukar i oppfølginga av kvinner med høg risiko for svangerskapsforgifting. Eg har følgd opp mange pasientar med problemstillinga, og valet av tema hadde dermed bakgrunn i klinisk interesse for tilstanden.
Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å ta ein doktorgrad? Eg hadde ingen klare ønskje om å ta ein doktorgrad, men vart oppmuntra av ein nær kollega, og med hennar hjelp kom vi i kontakt med forskingsmiljøet på NTNU som eg no er ein del av.
Korleis er det å kombinere din vanlege arbeidsdag her i HMR med doktorgradsarbeidet? Livet som gynekolog inneber mykje vakt, og det kan i periodar bli veldig hektisk med både klinikk og forsking. Eg har valt å jobbe 50/50 i 6 år, da ei klinisk innsamling er berekna å ta lang tid. Arbeidstid med relativt mange vakttimar gjer at eg er frikjøpt til forsking ein god del på dagtid, og kan også vere ein fordel. Eg har ein fin avtale med avdelinga her, sånn at det er føreseieleg for begge partar.
Kva tenkjer du er fordelane med å ta ein doktorgrad for ein person som jobbar i eit medisinsk- eller helsefagleg yrke? Det er utruleg spennande å få bruke alt ein har lært seg til å lære enda meir, og bidra til meir kunnskap som kan få ei større betyding.
Korleis vil du beskrive ditt lokale forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal? Har det vore til hjelp i doktorgradsarbeidet ditt? Det har ikkje vore nokon som har drive denne typen forsking på mi avdeling før, så da må ein finne vegen litt sjølv. Eg har ein veldig dyktig rettleiar som er tett på. Forskingsposten her har mange flotte, hjelpsame folk, og har saman med moglegheita for å søkje såkornmidlar hatt stor betyding for å få prosjektet opp å gå.
Kva er det beste med tida som doktorgradskandidat? Det beste er ein litt meir fleksibel kvardag (det er også ei utfordring i periodar!), og moglegheita til fagleg fordjuping.
Har du noko meir på hjartet? Eg er så heldig å få forske på eit tema som engasjerer mange og er veldig takksam for moglegheita til å få bruke meg sjølv og faget i denne forskinga.
Les også: Nytt forskingsprosjekt med fokus på å redusere svangerskapsforgifting