Forskingsnyheiter

ÅBL vertskap for nordisk kurs i handkirurgi

Nyleg var det igjen full aktivitet i lokala til Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL), der ortopedar frå fleire land deltok på eit kurs i handkirurgi. Tema for kurset var skadar i hand, underarm og olboge. Arrangørane trekk frem dei fantastiske fasilitetane til ÅBL som ein særs egna arena til slike praktiske kurs.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 27.03.2025
Sist oppdatert 25.04.2025
To menn som står sammen
Yngvar Krukhaug og Andreas Fagerhaug Dalen er einige om at laben er særs godt egna til denne type aktivitet. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR

Laben i sjette etasje på Ålesund sjukehus er bygd opp for å vere eit kunnskapssenter og ein forskingsarena.

  –  Målet er å vere ein stad i Norge, og for so vidt heile Norden, der folk kan kome og bruke fasilitetane våre og halde kurs, fortel Andreas Fagerhaug Dalen, som leiar laben.

Denne gongen var det foreininga OTC Noreg som hadde gått saman med OTC Sverige og OTC Danmark for å halde dette kurset. Målgruppa var overlegar som nett hadde rykt opp.

  – Dykk har ein heilt fantastisk lab her, sa Yngvar Krukhaug, leiar av OTC Noreg. – Det er nærheit mellom biolab og forelesingsrom, og Ålesund er ein by det er lett å reise til, med flytransport til og frå heile Skandinavia.

Krukhaug vil òg gi ein honnør til Dalen for verdifull hjelp kring det praktiske.

  – Dette er positivt for Ålesund, då det trekkjer fleire sjukehus og fagfelt til byen. Ein av våre LIS-legar deltek på kurset og får fagleg utbytte. Kursaktiviteten gjer Ålesund til ein attraktiv stad å jobbe og gir inntekter til vidare forsking, seier Dalen.

ÅBL er eit forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU. Dei opna dørene til den nye laben på Kunnskapssenteret i januar i 2023.

Les også: Kirurgar flokka til Ålesund for dette unike kurset