Betre førebuing og oppfølging av kreftbehandling med appen MyPath
Som eitt av fire sjukehus i Noreg skal Ålesund sjukehus prøve ut eit digitalt, pasientsentrert verktøy som skal bidra til betre behandling av kreftpasientar. Verktøyet løftar fram pasientane sine eigne opplevingar og gir dei større høve til å medverke i avgjerder om behandlinga.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Nokre dagar før ein poliklinisk time får aktuelle pasientar invitasjon gjennom HelsaMi eller Helsenorge. Der ligg ei lenkje til appen MyPath der pasienten kan logge inn og fylle ut skjema digitalt, heime og i sitt eige tempo.
Spør om det som betyr mest for deg
Skjemaet går gjennom ei rekkje vanlege plager og funksjonar hos menneske med kreft, mellom anna smerter, kvalme, forstopping, søvnvanskar, uro og matlyst. Svara styrer kva oppfølgingsspørsmål pasienten får. Dersom ein ikkje har ei bestemt plage, slepp ein unødvendige spørsmål om den.
Pasienten kan òg markere kva symptom det er viktigast å snakke med legen om. Behandlaren får ei oversikt før konsultasjonen og kan førebu seg på det pasienten sjølv har prioritert.
– Pasientane får høve til å sitje heime i fred og ro og tenkje gjennom kva som er viktigast å få hjelp med. Når legen kjenner svara på førehand, kan vi gå raskare inn i det som faktisk plagar pasienten, seier onkolog og leiar for MyPath i Helse Møre og Romsdal, Jo-Åsmund Lund.
Kan gi meir målretta konsultasjonar
Målet er at konsultasjonen skal bli meir målretta. I staden for å bruke mykje av timen på å kartleggje situasjonen frå starten, kan legen eller sjukepleiaren bruke meir tid på behandling, råd og oppfølging. Forsking og utprøving av løysinga tyder på at pasientar opplever det som enklare å få fram kva som plagar dei, og kva dei ønskjer å ta opp.
Trygg inngang gjennom HelsaMi eller Helsenorge
Den første invitasjonen blir send som eit brev gjennom HelsaMi eller Helsenorge. Seinare kan pasienten få ei tekstmelding som minner om at skjemaet bør fyllast ut. Når svara er sende inn, ser behandlaren kva som er viktig å få hjelp til.
Startar i avgrensa omfang
MyPath blir først prøvd ut som eit forskings- og innovasjonsprosjekt. I oppstartsfasen skal om lag seks legar og tre forskingssjukepleiarar bruke løysinga med utvalde pasientar som ønsker å delta i forskingsprosjektet. Helse Møre og Romsdal er det tredje norske senteret som tek løysinga i bruk, etter Oslo og Skien, og samarbeidet omfattar fleire europeiske land.
På sikt er ambisjonen at fleire pasientar og behandlarar i kreftavdelinga skal kunne bruke verktøyet. Før det skjer, skal avdelinga samle erfaringar og undersøkje korleis løysinga fungerer for både pasientar og helsepersonell i Møre og Romsdal.
Les også: Ambisiøst forskingsprosjekt – Kan forlenge kreftpasientar sine liv
Kort om MyPath
- MyPath er ein del av eit europeisk forskingsprosjekt.
- Forskingsprosjektet MyPath skal Implementere eit digitalt pasientsentrert verktøy som skal betre behandlinga av kreftpasientar.
- Aktuelle pasientar får invitasjon gjennom HelsaMi eller Helsenorge.
- Pasienten fyller ut eit skjema før konsultasjonen som kartlegg symptom, funksjon og pasienten sine prioriteringar.
- Deltaking skjer i første omgang i avgrensa forskingsprosjekt.
- Pasientar som er aktuelle for deltaking, får informasjon frå sjukehuset.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.