Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Desse fekk forskarstilling med oppstart i 2025

Fire tilsette i Helse Møre og Romsdal fekk forskarstillingar med oppstart i 2025. Det var totalt ni søkarar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 22.04.2025
Sist oppdatert 13.06.2025
En gruppe mennesker som smiler

Konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug seier den interne konkurransen har spissa seg til.

 - I haust hadde vi heile ni kvalifiserte søkarar til desse mellombelse forskarstillingane. No søker både “senior” forskarane som har godt etablert forskingsaktivitet integrert i klinikk, og dei nydisputerte som er i ein fase kor det kan vere kritisk å få oppretthalde forskarmomentet. Det var høgt nivå på søknadane og det er flott å sjå at både kvaliteten og engasjementet for forsking er strekt. Eg håpar at dei som ikkje vant gjennom i denne runda ikkje let seg avskrekke, har jobba vidare med prosjekta og søkt eksterne kjelder. Utlysinga i haust prioriterte områda klinisk forsking, helsedata, presisjonsmedisin, teknologi i helsetenesta og helsetenesteforsking, i tråd med regional utviklingsplan. Vurderingskomiteen rangerte søknadane til dei fire forskarane under som best i høve til utlysingstekst og i tråd med gjeldande lokale og regionale satsingar. Gratulerer!

Desse fekk stillingane

Kirsti Kverndokk Bjerkan

Bjerkan er forskar og klinisk ernæringsfysiolog ved Ålesund sjukehus.  

En person med blondt hår
Kirsti Kverndokk Bjerkan

 

Frå 2018 har ho vore ein del av det regionale BAROBS-prosjektet (Bariatric Surgery Observation Study), som følgjer opp pasientar 10-15 år etter fedmekirurgi. Ho nytta data frå den første delen av prosjektet som grunnlag for doktorgraden sin som ho disputerte for i 2024, kor rolla av pre- og postoperativ pasientundervisning eit tiår etter bariatrisk kirurgi vart undersøkt. 

Bjerkan jobbar no blant anna med eit delprosjekt i BAROBS2, der ho nyttar data frå kontinuerlege blodsukkermålingar for å kartleggje unormale blodsukkersvingingar hjå pasientar som har gjennomgått gastrisk bypass eller sleeve gastrektomi. Målet er å undersøke utstrekninga av lave blodsukkerverdiar i denne populasjonen. 

I tillegg bidreg Bjerkan i vidare nytting av det rike datamaterialet frå BAROBS1, både som rettleiar og medforfattar.  

Bjerkan er òg ein del av ei regional forskingsgruppe som samanliknar svangerskap hjå kvinner med overvekt med svangerskap hjå kvinner som har gjennomgått fedmekirurgi.

 

Anne Strand Alfredsen Larsen

Larsen er forskar og strategirådgivar i Fagavdelinga. Ho er utdanna innan biofysikk og medisinsk teknologi, og har jobba i helseføretaket i over 20 år. 

En person som smiler til kameraet
Anne Strand Alfredsen Larsen

 

Feltet hennar går inn under helsetenesteforsking. Det er eit vidt omgrep, og femnar tverrfagleg forsking og studiar av korleis “sosiale faktorar, finansieringssystem, organisatoriske strukturar og prosessar, helseteknologi og personell påverkar helse- og omsorgstenestene, kvalitet og kostnader, helse og velvære”. I doktorgradsarbeidet hennar forska ho på tidlegfasen i sjukehusprosjekt - forsking meir retta mot den infrastrukturen som omgir helsetenestene. Larsen har mellom anna vore prosjektleiar for Samandlingsprosjektet om Covid-19, eit samarbeid mellom HMR, NTNU, Høgskulane i Volda og Molde som blei konkludert i år med publisering av boka: “Lokal handtering av koronapandemien”. 

Vidare har Larsen  pågåande interdisiplinære samarbeid  mellom anna gjennom  SHAPE (Samhandlingsarena for prosjekt- og endringsleiing) og Forskingsprogrammet Concept ved NTNU. Her ser ein på korleis ein kan balansere utfordringar i planlegging og gjennomføring av prosjekt i eit prosjekt- og systemperspektiv, særskilt når det kjem til samarbeidsdimensjonen, samt utviklar kunnskap som skal sikre betre konseptval, ressursutnytting og effekt av store statlege investeringar i helsesektoren.  

Kjetil Roth

En mann med briller
Kjetil Roth

 

Roth er forskar og overlege ved lungeseksjonen. Han har lenge vore involvert i ei rekke prosjekt som inneber innovative e-helsetenester, og omtalast gjerne som ein “Petter Smart”. Roth bidreg mellom anna i skaping av fleire nye løysingar for virituelt sjukehus som legg til rette for at pasientane kan være meir heime, digital screening før cellegift, heimemonitorering av CPAP og BIPAP, heimeantibiotika og heimemonitorering av KOLS.  Han vil halde fram med eit breitt spekter av forskings-, innovasjons- og utviklingsoppgåver, som inkluderer rettleiing av medisinstudentar, publisering av studentoppgåver, samarbeid med lokalt næringsliv, samt å gjere forskinga synleg gjennom undervisning og deltaking i forbetringsprosjekt. 

Roth er aktiv i forskingsgruppa PRETAI, der ein undersøker om kunstig intelligens kan føresei risikoen for kreft i lungelesjonar og lymfeknutar i brysthola. Dette inneber òg utvikling av virtuell bronkoskopi av lymfeknutar i mediastinum, og forsking på overlapp mellom lymfeknutestasjonar. Han er òg med i dei klinisk-akademiske gruppene BREATHE CAG og UNICAN CAG 

Beate Horsberg Eriksen

Eriksen er forskar og seksjonsoverlege ved nyføddintensiv seksjon, og

En person som smiler til kameraet
Beate Horsberg Eriksen

 

førsteamanuensis ved NTNU. Ho er aktiv i fleire nasjonale fagnettverk og har mellom anna vore med på utviklinga av nasjonale rettleiarar innan pediatri (nyfødd- og generell/akuttrettleiar). Ho er involvert i fleire forskingsprosjekt. Ho leiar det pågåande forskingsprosjektet innan barne- og nyføddmedisin, SIMON-studien, som er ei epidemiologisk undersøking av spedbarnsdød i Noreg over ein 12-årsperiode.

Eriksen er hovudrettleiar for ph.d.-prosjektet INTACT, kor doktorgradsstudent og jordmor Elisabeth Sæter ved Ålesund sjukehus nyleg har fullført den kliniske studien som undersøkte optimal avnavling av nyfødde som fødes ved keisarsnitt. I tillegg er ho birettleiar i doktorgradsprosjekta “Digital heimeoppfølging for premature barn – frå eit foreldreperspektiv”, og birettleiar for barnelege Hans Kristian Ipsen ved Ålesund sjukehus for prosjektet “Modern technologies for individual risk stratification in infant lower respiratory tract infections”. Ho deltek i fleire samarbeidsprosjekt blant anna på antibiotikabruk hjå barn og motorisk vurdering av spedbarn med risiko for CP.

Ho leiar òg utviklinga av prosjektet “Umbilical Cord Circulation Measurements and Circulation during Fetal-Neonatal Transition” (UCD-CDT). 

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!