Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Markerte seg på internasjonal konferanse for kognitiv terapi

Forskingsgruppa ved Molde DPS fekk stor merksemd under verdas største konferanse for kognitiv terapi i Glasgow. Tre ph.d.-prosjekt frå Helse Møre og Romsdal vart presentert, og funna gir ny kunnskap som styrkar behandlingstilbodet for OCD og angstlidingar – både nasjonalt og internasjonalt.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 01.10.2025
En gruppe menn som poserer for et bilde
F.v.: Kristen Hagen, Kristian August Tjelle og Thorstein Olsen Eide på konferansen i Glasgow.

Helse Møre og Romsdal markerte seg tydeleg under årets European Association for Behavioural and Cognitive Therapies (EABCT) konferanse i Glasgow 2025 i september. EABCT er ein av dei største internasjonale møteplassane innan psykisk helse, med fleire tusen deltakarar frå heile verda.

Frå Molde DPS deltok tre representantar frå forskingsgruppa for OCD og angstlidingar; psykolog og ph.d.-stipendiat Thorstein Olsen Eide, psykologspesialist og ph.d.-stipendiat Kristian August Tjelle, samt forskingsgruppeleiar og førsteamanuensis Kristen Hagen. I tillegg vart prosjekt frå psykologspesialist og ph.d.-kandidat Håvard Berg presentert.

Alle prosjekta tek for seg ulike aspekt ved den konsentrerte 4-dagars behandlinga (B4DT), ein behandlingsmodell utvikla i Bergen og i dag implementert i HMR.

Langtidseffekt av 4-dagars behandling for panikkliding  


Thorstein Olsen Eide presenterte prosjektet “The Bergen 4-Day Treatment for Panic Disorder: A longer-term follow-up”. Prosjektet er ein del av hans ph.d.-løp, med Kristen Hagen som hovudrettleiar, og er gjennomført i Helse Møre og Romsdal. Studien undersøker korleis B4DT verkar på lengre sikt for personar med panikkliding. Behandlinga består av fire dagar med intensiv eksponeringstrening, der deltakarane gradvis møter situasjonar og kroppssensasjonar som vanlegvis utløyser panikkangst. Undervegs lærer ein å møte angsten på nye måtar – ikkje ved å unngå, men ved å tole og handtere han til han mistar krafta si.

Resultata viste særs gode og stabile effektar: symptomforbetringa som blei observert tre månader etter behandling heldt seg uendra også etter 18 månader. Artikkelen er publisert i det anerkjente tidsskriftet BMC Psychiatry.

Korleis innsikt påverkar effekt og tilbakefall ved OCD


Kristian August Tjelle presenterte prosjektet “Concentrated ERP for patients with difficult-to-treat OCD: Insight as a predictor of acute and long-term outcomes”. Prosjektet er ein del av Tjelles ph.d.-løp, med Hagen som hovudrettleiar. Studien undersøker korleis graden av innsikt kan påverke utbyttet av B4DT for OCD, både på kort og lang sikt. Med innsikt meiner ein i kva grad ein forstår at tvangstankar og tvangshandlingar er knytt til angst, og ikkje til reelle farar. Nokon ser tvangen som overdriven, sjølv om den kjennest sterk, medan andre opplever han som meir realistisk og vanskeleg å stille spørsmål ved.

Funna tyder på at slike forskjellar kan ha noko å seie for kven som oppnår varige behandlingsresultat, og kven som har større risiko for tilbakefall.

Studien byggjer på den største tilbakefallsundersøkinga av OCD som er gjennomført nasjonalt og internasjonalt, med deltakarar frå Helse Møre og Romsdal. Tjelle er no i sluttfasen av sitt doktorgradsløp og skal disputere i januar 2026. Artikkelen er akseptert for publisering i nivå 2-tidsskriftet Depression and Anxiety.

Motivasjon og behandlingseffekt ved 4-dagars behandling av OCD


Kristen Hagen presenterte prosjektet “Motivation in the Bergen 4-Day Treatment for Obsessive-Compulsive Disorder: Associations with adherence and treatment outcome”. Prosjektet er ein del av ph.d.-løpet til Håvard Berg, med Hagen som hovudrettleiar. Studien undersøker kva rolle motivasjon spelar for utbyttet av B4DT. Motivasjon blir ofte sett på som avgjerande, men resultata viser at det ikkje nødvendigvis er motivasjonen i forkant som betyr mest – det er snarare korleis deltakarane følgjer opp oppgåvene undervegs.

Funn frå studien tyder på at innsats og oppfølging i eksponeringsoppgåvene er avgjerande for varig betring. Dette gir behandlarar verdifull kunnskap om korleis dei kan støtte deltakarar til å halde oppe engasjementet gjennom behandlinga. Artikkelen er akseptert for publisering i BMC Psychiatry.

Betydning for Helse Møre og Romsdal


Samla sett viser desse prosjekta korleis Helse Møre og Romsdal bidreg med forsking av høg internasjonal kvalitet. 

 –  At tre ph.d.-løp frå Molde DPS blir presenterte på ei av verdas største konferansar for kognitiv terapi, understrekar styrken i det forskingsmiljøet som er bygd opp i regionen. For pasientane betyr dette tilgang til oppdatert kunnskap og behandlingsmetodar som har dokumentert effekt, og for helseføretaket gir det auka kompetanse og synleggjering internasjonalt, oppsummerar Thorstein Olsen Eide.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.